søndag 13. april 2008

Helgeaktivitetar

Denne helga har gått med til arbeide for Radio Luster. Laurdag var eg på Molden med nytt sluttrinn til omformaren der oppe. Me leigde O.A. Melheim med snøscoter for transporten av både meg og slutrinnet. De har lenge vore problem med sendaren der oppe. Den har periodevis slege seg ned på redusert sendeeffekt. Det viste seg at det var kjølevifta var defekt med det som følje at sendaren slo seg ned på spareeffekt til den var avkjølt at.
Heldigvis var dette ein av dei mogelege feila me såg føre oss at det kunne vera. Derfor hadde me med nytt utstyr opp.
No virkar sendaren betre enn nokon gong.
Også i dag har eg nyta ein del av dagen til radioarbeide. Me har oppdatert eit dataprogram kalla Dalet og kjøpt inn maskinvare til dette. Dette har eg i dag ferdiggjort installasjon og tlkobling av.
No ventar me familiebesøk så det blir "sosiale akrivitetar" resten av dagen.

torsdag 10. april 2008

Torsdag

Endeleg heime. etter ei natt i eiga seng, med eigen kaffikopp, joggebukse, den heimlege sofaen og ei bunke Sogn Avis er me i gjenge att. Som om ingenting har skjedd.

Takk for turen.

onsdag 9. april 2008

Avreise

Det er onsdag og avreisedag. Me er ferdig med innsjekking og sikkerheitskontroll. Alice er forlengst dregen til taxfree. Flyet går kl 12.35 så ho har 1 time på seg. Me landar truleg i Bergen mellom 18.30 og 19.00. Gled dykk me er snart heime :)

tirsdag 8. april 2008

Onsdag, siste dag i sola. (Retting: Tysdag)

Dette er bilete av det neraste eg har komme ein draum. Det er ein Ferrarri som stod utstillt her nede. Men denne bilen kan ein ogso tinge testtur med, anten som passasjer eller forar. Dette biletet er teke i gár kveld og den er ikkje til utlán i dag, desverre, eller heldigvis kanskje. Det er sikkert svindyrt á koyra den og eg hadde sikkert ikkje klart á lata vera.

Som overskrifta viser er det avreise i morgon. Me har tinga drosje til kl 10.00 sá det blir berre tid til siste rydding og frukost i morgon. Dagen i dag vert nytta til ettertanke og pakking. Ettertanken vart av meg gjort i form av á kjopa kvoten min pá "Coop'en".

No er det heim til lunch.

Takk for meg her frá Gran Canaria

Ps Kanskje det blir ein kort mobilblogg frá reisa i morgon.

mandag 7. april 2008

Mandag

Pá turens nest siste kveld vel eg á legga ut eit bilete av "kontoret" mitt.

I dag er aktiviteten prega av at det nermar seg slutt her nede i havet. Eg og Knut A har gátt ein tur oppe i San Fernando, bydelen dei fastbuande bur i. Der tok me oss ei kvar si flaske pils av lokalt merke. Prisen kom pá kr 12.- pr stk.

Alice og Oddrun har stort sett holdt seg heime, med ein liten avstikkar ut for á handla smábilar for fyrstmemde.

Det har blese ein del i dag og skyene dreg forbi sola ei ettet ei, sá det fristar vel heller ikkje med horisontal soling. Men veret er ellers fint báde til kaffidrikking pá terrassen og til spasering etter gatene.

I natt har me forresten hatt ei god regnbye for det var blaudt ute dá me stod opp i dag.

Det var allt for i dag. Om to 48 timar er me sikkert i norsk farvatn.

søndag 6. april 2008

Søndag

Sá er det meste av soendagen ogsá oppbrukt. Biletet idag er av eit av hagetrea váre. Rimeleg eksoisk hage i forhold til Bringebakkane.

I dag har me nytta tida pá stranda.Me drog alle ned í 11 tida. Etter ein liten kvild pá stamkafeen vár tok eg og ho mor ein tur langs stranda for á sjá pá nudistane. Etter trimturen og litt handling gjekk turen til kafeteriaen att der me tok utelunch i lag med Knut A og Oddrun. Turen heim gjekk gjennom Kasbah shoppingcenter utan at nokon seljar fekk napp hos oss.

I kveld har me bestemt oss for á halda oss heime og laga oss mat sjoelve.

Tida har gátt fort her nede. det er rart átenka pá at no har me berre to dagar att, den tredje dagen, onsdag dreg me til flyplassen kl 10.

(Eg er forresten litt lei ogsá sá det er like greitt)

Takk for i dag.

lørdag 5. april 2008

Laurdag med tropevarme

Atter ein dag med spasering og soling. Som dagens bilete viser, måtte sjølv Alice trekka inn i skuggen på ettermiddagen.
No sit me og ventar på at tida skal vera inne for busstur til Puerto Rico. Så blir det vel ein drosje heim ut på natta ein gong.
Nok sagt for i dag.

eit lite postludium:

Klokka er no 24.00 lokal tid. Me er nyss ankommen Playa. har hatt ein fin tur med handling, god middag og avslutning med kaffi og cognac i lag med Kjell og ingeborg.

No skal eg opp pá terrassen til KA og ta ein siste godnattdram.

Ser deg seinare, alligator. (fri oversetting frá engelsk)

fredag 4. april 2008

Fredagsturen

Dett er eit bilete frá gangevegen mellom Playa og San Augustin. Der var nemleg dit turen gjekk i dag for KA og meg. det er ein fin spasertur som tek ca 1 time kvar veg. Heile turen frá stranda oá playa til San Augustin gár pá bilfrie vegar.

Damene prioriterte soling pá terrasse og ved basseng heime i hagen.

I kveld har me ikkje noko spesiell plan, men i morgon ettermiddag dreg me kanskje til Puerto Rico for á oppleva kveldslivet der.

Som de ser nedanfor er temperaturen godt over frysepunktet, sá me treng ikkje mykje klede korkje natt eller dag.

Det var allt for i dag.

torsdag 3. april 2008

Torsdag

Biletet i dag er av vindmoeller i Vecendario. Dette for á minna oss om at det ikkje berrre i Norge me er flinke med rein kraft. Her nede er elektrisitett og reint vatn ein stor utfordring. Bruk av vindmoeller til kraftproduksjon er mykje utbreidd. Mens ein er i det filosofiske samfunnfag-hjoernet er det ogsá verd ein tanke at eg ikkje har sett ferskvatn anna enn i springen sidan eg kom ned hit. Ein utenkeleg tanke i Norge. Ikkje ei elv eller ei lita sitle nokon stad, ikkje fuktigheit nokon stad.

I dag har me vore til Aringurigin? (ikkje heilt rett skrive men rettare enn sist). Eg Alice og Knut A tok bussen ut berre for avvekslinga sin del. Der rusla me rundt i gatene litt, var ein tur i havna og ság pá bátar og havneliv og til slutt át me lunch, foer me tok bussen attende. Oddrun valdr á nytta dagen til soling og strikking heime pá terrassen pá Jardin del Sol

Vil til slutt nevne at firmaet heime blir styrt fortreffeleg av Frode. I dag ringde han og spurde kor tid eg kom heim. No hadde han teke pá seg sá mykje arbeide at han hadde problem med á vinna over allt. Bilen gár dag og natt i teneste for meg, Frode Fjordglas og landet várt.

I det me no er ferdig med fyrste veka og er kommen eit stykke ut i den andre seier eg takk for i dag fráa oss nede i steikvarmen rett nord for ekvator og velkommen rundt veven i morgon.

onsdag 2. april 2008

Onsdag er handledag.

Slik har me det her me bur for tida. Strálande sol og 25 - 30 grader i skuggen kvar dag. dette biletet er teke ved bassenget der me bur.

I dag har me vore pá handletur til Vecendario. Der ligg det ein kjempePyramiden som berre ventar pá damer med kjoepelyst. Eg trur det er vorte noko pá dei minste i dag og.

I gár kveld var me pá ein av dei beste restaurantane pá Playa. Den ligg rett i inngangen til hotellet várt. Der vart det gourmemáltid pá oss. Eg át frityrsteikt blekksprut. med lauksuppe og bolle med kvitlauksmoer til "forrett".

I kveld blir det kanskje ogsá ein betre middag. Om det gár min veg blir det kinarestaurant. Dá trur eg det blir noko sursoett for meg.

No vil eg bruka resten av mi tilmálte tid her pá "kontoret" til surfing sá takk for i dag.

tirsdag 1. april 2008

Slik bur me

Det blir mest som á starta pá nytt at dette. Her ser de korleis uteplassane váre ser ut. Vi bur ved sida av kvar andre. Dette biletet er teke i dag under inntak av frukost i det fri. Sola kjem opp rett mot oss ca kl 8.15 og dá er det fint for soltilbedarar á kunne ete og sole seg samstundes. Som sagt i gár held eg meg "ved teltene" i dag. Alice har vore og lagt ut solsenger ved bassenget sá ho og Oddrun vil vel opphalda seg der mesteparten av dagen. Eg vil gá og rusla rundt i gatene her og KA snakkar om á ta ein tur pá "stampuben" vár aleine.

Váret er strálande i dag gosá og det er gode meldingar heile veka. I gár ver kanskje den varmaste dagen me har opplevd her nede. Det var langt over 20 gr dá me rusla heim frá byen kl 23.