torsdag 31. mars 2011

Kjøpe kjøpe

 I dag har eg ingenting oppi hovudet som vil ut så de får eit fotoras frå eit "kjøpesenter".
Me startar med noko kjendt:













Siste bletet er liksom all handels mor. På engelsk blir det oversett til "cash dispenser" og det seier vel allt.
No dreg me til Puerto Rico

onsdag 30. mars 2011

Her bur me

Dagens tur vart pr. definisjon ein fiasko. Me hadde som mål å gå ein tursti som går opp i fjella her, men den fann me ikkje starten på så me ga opp og tok ein passeleg omveg gjennom byen heimatt.
Av den grunn vil eg i dag heller vise deg rundt på anlegget der me bur. Det heiter Jardin del Sol og betyr fritt oversett Solhagen. Slik ser det ut frå gata. Det er bygd i ein firkant, tre etasjar på utsida og to etasjar inni firkanten der me bur. 
Inngangen og resepsjonen er anonymt plassert mellom to restaurantar.
Me bur altså i Solhagen inni firkanten. Her ser de kor me bur "to hus tett i tett". Til venstre ser de naboen sin residens der Oddrun sit med ryggen mot medan "sjefen" har innteke stamplassen sin inni hjørna skjerma frå verste sola. Til høgre er vårt krypinn der de ser solbadaren i kjend positur.
Her ser de frå bassengområdet med barnebassenget i forgrunnen og poolbaren og vaksenbassenget i bakgrunnen.
Eit bilete frå innsida av den vesle baren vi har ved bassenget må me også gje plass til.
Så er me forflytta oss litt nermare bustaden med uteplassen vår inklusive bebuar.
Til sist eit bilete frå innomhus. Dette er frå 1. etasje der me har opphaldsrom og kjøkken. I Andre etasje er det bad og soverom. Forholdsvis lite og ikkje så moderne som på mange nybygg kanskje, men koseleg med denne hagen me har i saman. Det er vel 100 bueiningar rundt firkanten så det bur ikkje så avskrekkande med folk her. Me bur alle slik at me ser kvarandre til stadigheit så etter eit 14 dagars opphald er me på nikk med halve bølingen. Det er også mange gjengangarar her som me ser att frå år til år.
Det var omvisinga. I kveld blir det ein roleg kveld på byen, medan i morgon kveld er det planlagt tur til Puerto Rico for å møte kjenningar heimanfrå.

tirsdag 29. mars 2011

Tysdag på det jevne.

 Dagens blogg startar med eit bilete som syner temperaturen i går kveld i 21 tida, då me forlet bustaden vår for å oppsøke nattelivet. Det vart utestaden Naboen som fekk besøk av oss i går. Kvelden gjekk svært så sømeleg for seg Eit lettare måltid og tre druge drinkar kosta oss ca 125 kr kvar så det er ikkje avskrekkande å gå på byen her.
 Dette biletet er teke mot den viktigaste nedfarten til stranda, med "stamkafeen" vår bak palmene litt til venstre i biletet. Grunnen til dette biletet er at dagen i dag er nytta til strandbesøk. Etter eit leskande glas (eg tok "A cup of tea") på kafeen gjekk turen ned i sanden der eg og KA gjekk oss ein skjortelaus tur langs strandkanten ein halv times tur kvar veg. dette resulterte i noko raude og såre skuldrar for min del.
 Det er forresten berre eg i følgjet som ikkje har bygt opp tilstrekkeleg farge til å tåle sol i store dosar. Eg må tilstå at eg  for det meste har valt den lettvinte vegen med å behalde t-skjorta på.
Som de ser av biletet under vart ikkje damene med på turen. Dei la seg ned i sanden i protest og låg der og kjeda seg til me kom att og det var tid for lunch (som vart omelett for min del).
Ferie skal etter mi meining vera "gjeralausa" og total mangel på på planar som kan rokka ved hovudplanen som omhandlar latskap sett i system. Difor er det heller ikkje så lett å skrive så mykje opplysande og spanande. Der ingenting skjer er det heller ikkje noko å skrive om, men eg har nok ein dag med dette, med med mange mest innhaldslause ord fortalt dykk der heime at me har det bra. Me trivst godt og heimlengsle har me ikkje ein gang høyrt om. Stadige meldingar om nysnø i gamlelandet er til god hjelp i så måte.

mandag 28. mars 2011

Den varmaste dagen så langt


Dette har vore den heitaste dagen til no.Temperaturen veit eg ikkje, den varierar nok også frå stad til stad, men på vår tur i dag har me sett målt frå 22 til 29 i skuggen. Damene har lege langflate langs bassengkanten berre avbrote av ein dukkert i ny og ne, medan karane har vandra gatelangs. "At dei orkar" seier me begge, dei om oss og me om dei.
Som de ser på biletet er det folksamt på stranda så langt auga kan nå.
I dag har eg og KA teke turen til San Augustin. Me starta med ein styrkedråpe på kafeen vår ved stranda og tok deretter strandpromenaden austover.
 Mange hadde nok tenkt samme tanken som oss for det var folksamt mest heile turen ut langs stranda. Turen tok ein time kvar veg. Dette er ein av dei finaste turane her nede så her har me gått minst ein tur kvart år.
Vel framkommen til enden av vegen var det godt å finna skugge og noko å leske seg på.
Etter ein god pause var det berre å sele på seg att og starte på heimvegen. Biletet under visar så godt eit mobilbilete kan, utsikta frå serveringstaden og attende til Playa Del Ingles.
I kveld blir det ein tur på "pub"  høyrest det ut for. Då blir det ein matbete heime før turen går til uteplassen Naboen og kanskje ein prat med kjende heimanfrå om me er (u)heldige.

søndag 27. mars 2011

Karnevalet er over

 Som eg skreiv i går var det karnevalsopptog her i går kveld. Som biletet viser var det stinnt med folk i alle gater som var komne for å sjå på. Opptoget varde i over 3 timar.
 Eit av dei faste innslaga er karnevalsprinsessene og dei er det mange av i alle aldrar. Dei sit alle på imponerande oppbygde "troner" oftast bygde på ein stor bilhengar.
Dei fleste deltakarane er enten med på ein av dei mange ombygde bussane eller lastebilane, eller dei dansar seg fram mellom køyretøyar.  Her er eksempel på representantar som framhevar vikingane sin plass i historien.
I dag fekk me vitjing frå Puerto Rico. Det var Geir Inge Høyheim og Ottar Listou som tok turen inn til Playa del Ingles. Etter ein lang hyggjeleg samtale med dei på "stamkafeen" vart dei med oss heim ein tur for å helse på badenymfene og for å sjå korleis me bur.
No er dei på veg heim til sine medan me sit og ladar opp til kveldens bravadar som me enno ikkje veit kva blir. Mest truleg blir det ein matabete, ein dessertdram og sidan rett i seng i 23 -24 tida.

lørdag 26. mars 2011

Snart karnevalopptog

 Dagens blogg blir nermast ein biletblogg, men fyrst litt om trapper. Det seiest at Puerto Rico er full av trapper, men ei lang trapp har me her på Playa ogso og den er verkeleg lang. Denne trappa er det Alice poserar i her, på veg opp til startstaden for kveldens karnevalopptog.
 Ei mengd bilar er omgjort til karnevalvogner. Det er semihengarar som er ombygde for formålet og som blir dregne av lokale lastebilar og fleire gamle bussar som er permanent ombygde for formålet.
 Dragartistar er i stort fleirtal i desse opptoga. Her står to av dei, halvferdige med påkledninga, og vinkar til fotografen.
 Her ser de ein annan "veninnegjeng" som står og ventar på at klokka skal bli 17.00 og opptoget kan starta.
Vi får også ta med ei ekte veninnegruppe som sit og ventar på at toget skal starte. Også mange av publikum er utkledde. Desse er mest truleg slike som er her for å sjå på.
Snart kjem toget forbi her i gata der me bur. Då skal me ut og sjå. Det er eit yrande liv når det kjem. På tusenvis publikum kransar allt no gaten langs ruta dei tek. Aller gater som blir berørte er forlengst stengde for biltrafikk og politi patruljerar overallt for å sikre framkommelegheit for opptoget som er kilometervis langt.

fredag 25. mars 2011

Fredag på langtur

 Eit bilete av fyret eller El Faro de Maspalomas som det heiter nøyaktig blir blikkfanget til denne meldinga heimatt. Som de se er været stadig like fint. Damene har allt fått brunfarge verdig ein augustdag medan eg har brendt meg litt i nakken. Den skal visst nok kurerast med aloeveragel etter dusjinga.
I går kveld blei det ein tur til den supernorske utestaden Trollstua. Der vart me overveldande mottekne av dukseljar Antonio. Ein duk vart innkjøpt før kvelden var omme.
I dag har eg og KA vore på "langtur". Via Google Earth frå sofakroken heime, fann eg at det går ein gangeveg av den same standard som eg skreiv om i går, frå fyren på biletet og vestover eit stykke i retning Arguineguin.
Dit skulle me i dag. Me tok bussen herifrå og ut til fyret og gjekk derifrå.

 Her er eit bilete frå vegen utover. Som de ser både på himmelfargen og gradestokken var det fint vær.
Vegen enda i tunet til eit stort nytt hotell. Vel attende til fyret tok eit ungdommeleg overmot tak i oss og vi bestemde oss for å gå landevegen heilt heimatt. Det vart ein 2.5 timars spasertur totalt.
På heimvegen vart det ein liten pause på ein ny serveringsplass. Dette biletet er teke frå denne. Dei som er godt kjende veit om bakken opp frå Maspalomas til Playa. Øverst i den bakken har det i årtider lege eit hus kloss i vegen heilt utan aktivitet. Her var det no opna ein liten bar med ein fin balkong og ei strålande utsikt.
Som de ser er ein ikkje lite føre seg når ein byggjer ut "hyttelandsbyar" her nede.
No sit me og vurderar om me skal halde oss heime i kveld. Me har ein liten Kinarestaurant i same bygge som me bur i og den freistar i alle fall meg. Tida får sjå.
No nermar det seg nærradiotid så du skal sjå det blir det som blir kveldsunderhaldninga i kveld.

torsdag 24. mars 2011

Dag 2 som eigentleg er den fyrste



No er ikkje dette på noko måte meint å vera ein bilblogg, men alikevel vel eg å vise ein snerten bil her i dag også.Det er ein Renault Wind, ein knøttliten 2 setar som eg aldri før har sett eller høyrt om.
Denne sida på verdesveven er meint å vera ein dagleg rapport til slekt og venner som ei bekrefting på at enno ein dag er gått utan at dei gamle har lidd overlast her nede i varmen.
Det vart tidleg kveld i går. Sidan me alle hoppa over ei natt søvn ga me oss i 21 tida og fekk oss 12 timar under dyna. (i den grad eit tunt laken kan kallast dyne)
I dag har det vore strålande vær. Sol frå skyfri himmel der Oddrun og Alice har nytta dagen maksimalt med å ligge pal ved bassengkanten. 
Eg og KA har vore ein rundtur på byen der turen gjekk via eit halvtak med servering under. Der vart det eit par glas tystadrikke før turen gjekk vidare på slike vegar:
Slike promenadar som på biletet finns det mykje av her. Dei går for det meste langs stranda og er sjølvsagt heilt bilfrie. I dag gjekk me frå hovudtilkomsten til stranda og vestover i retning Maspalomas. Der går vegen mellom bebyggelsen og dei relativt store verna sanddynene  som finns her. 
Heimvegen gjekk via dei eksotiske serveringsstadane Sosialkontoret, Trollstua, Naboen og Bakkekroa. Me var ikkje innom nokon av dei, men fekk på avstand bekrefta at dei er oppegåande alle saman. Så dersom heimlengsla blir for stor eller me får lyst til å oppsøke garantert norske miljø og matvanar veit me at alternativet finns.
Klokka er no ca 16  her nede så no er ettermiddagsmaten fortært og det er klart for ein liten trimtur rundt i nabolaget før det blir tur på byen til kvelden. Kor den turen går er ikkje bestemt enno, men kanskje det blir nettopp Trollstua og vår gode venn dukseljaren Antonio.


onsdag 23. mars 2011

Den aller første bloggen frå sydenferien 11

 Med eit bilete knipsa i ein fart frå "stambordet" vårt nede ved stranda viser at vi er komne vel fram til Playa del Ingles. Reisa gjekk fint. Me var litt tideleg ute med avreise frå Luster tysdag kveld sidan det hadde vore så mange vegstengingar og dårlege  vegar dei siste døgna. Men vår tur gjekk knirkefritt. Me var framme på Flesland rett etter 4 på natta medan innsjekkinga starta i 5 tida. Sidan gjekk det slag i slag til me sat her i leiligheiten vår i Avenida de Gran Canaria, ca 1 time etter landing kl 11.15 lokal tid.
Me var svært så heldig med flyet frå Norvegian då det var eit vanleg rutefly som var innleigd med all verdas beinplass.
Nokon sov ein del på den vel 5 timars flyreisa, nokon sov lite og nokon blunda ikkje så no snart 40 timar sidan me sist var i seng er me bra slappe.
Men ein tur på stranda måtte eg og KA sjølvsagt ta.
Her er ei oppgåve til dei aller mest bilkyndige.
På veg oppat fekk eg auge på ein bil som det er lagt lite arbeide i å marknadsføre i Norge. Bilen ber det rett så velklingande navnet Dacia Duster dCi. Kva i all verda er no dette for ein bil?

No dreg me snart utom dørane her for ein rask middag, så er det sikkert rett i seng.
Meir kjem i morgon.