torsdag 5. april 2012

Romania.

Eg startar denne reisereportasjen med Nicolae Ceausescu sitt palass i sentrum av hovudstaden Bucuresti i Romania.

Eg hamna her denne veka som hjelpemann for Svein Hatlevoll som hadde oppdrag å endeleg godkjenne Sea Walk delene som LMI har fått produsert her.


Fyrste "eksotiske" opplevinga for ein enkel lustring eller to kom på flyplassen i Frankfurt. Her var det store forhold for ein som er vand med Haukåsen og Flesland.
Biletet viser ein tunell me måtte gjennom for å komme frå inngangen frå Oslo-flyet til der me skulle gå ombord i flyet som frakta oss til Bucaresti.
Etter anslag på kartet over flyplassen er tunellen ca 750 meter lang. I tillegg kjem dei endelaust lange bygningane.



Slik ser verftet ut der delene vart laga. Det ligg heilt søraust i landet, i ein by som altså heiter Tulcea, berre 6 km frå grensa til Ukraina. Her jobba det no 3000 arbeidarar, men dei har til tider vore oppe i 6000. Då nyttar dei seg av leigearbeidarar.



På heimreisedagen hadde me eit par timar på føremiddagen før flyet gjekk. Dei nytta me til ein   tur rundt i hovudstaden. Her ser de drosjesjåføren og bilen som frakta oss rundt. Drosjane var alle gule og dei aller fleste av merke Dacia som vert produsert i landet.



Fyrste stoppen var ved deira eigen triumfboge bygt i 1935 med den ekte triumfbogen i Paris som modell.
No skal ikkje eg skryta på meg store kunnskapar om dette landet etter knapt to døger på deira teritorium, men meiningar sit ein att med.
Det er eit land der mange av våre reglar og logikkar ikkje blir delte. Det er eit lutfattig land på mange vis, alikevel sette  Ceausescu i gang bygginga av palasset vist på fyrste biletet her. Det   var og er kanskje enno Europas største og verdens nest største parlamentsbygning. Det er 240 meter breidt, 270 meter langt og 86 meter høgt. Det stikk 92 meter djupt og har to underjordiske parkeringsanlegg. Det er ferdiggjort 4 etasjar under jorda og det er 4 etasjar til som ikkje er ordna.
Det skal visst vere 12 etasjar høgt så der er rimeleg høgt under taket. Det er 1100 rom i huset. Dette bygget som dei på ingen måte hadde behov for, sette han altså i gang å bygge på 80 talet i eit av Europas fattigaste land. 


Dette var eit såkalla kommuniststyre. No vil dei så gjerne vera eit slags kapitalistisk land. Reklameplakatar ser ut til å vera høgstatus, så dei dekkar gjerne heile fasadar med svære banner slik som vist på bilete nedanfor. Ikkje mykje triveleg å ha buplassen eller arbeidsplassen sin bak desse her.


Det kan hende at drosjesjåførar flest der nede er greie og ærlege, men dei to me prøvde oss på til vanleg drosjekøyring forsøkte å lure utav oss pengar utan blygsle. Den eine var så galen at me måtte berre forlate han etter nokre meter køyring. Den andre fekk til slutt ein hundrelapp for å køyre oss ein tre-fire kilometer. Også bra overprisa. 
Sightseeing-drosjen som me hadde førehandsavtale med tok sikkert rett pris. Han skulle ha 4-5 hundre kroner for ein og ein halv times rundreise.


På landsbygda er det enormt store landbruksområder, men driftsmåtane er fleire titals år bak vår. Desse endelause åkrane dreiv dei men nokre få, gamle og små traktorar. Mykje av arealet ligg brakk. Langs vegane såg me til stadigheit hestar i arbeide med å frakta varer. 


Mykje bustadhus er til nedfalls i landsbyane. Ein kunne undrast på om dei er bebueleg. På veg attende frå Tulcea tysdags kvelden køyrde me i mørket. Då la me merke til at det var svært få hus det var lys i. Ved nærare ettersyn såg me det lyste blått i mange av dei. Dei sat mest truleg i mørkret alle saman, medan lyst me såg var frå tv-skjermar.


Men vegane er gode. Det var relativt breie tofelts vegar der me køyrde. Bakdelen var vintervedlikehaldet fekk me fortalt. Det er ein del snø til tider og vegane er lagde slik at snøen stort sett samlar seg der. Brøyteutstyr har dei mest ikkje så vegane er mykje stengde når det er snø. Det er heller ikkje lagt arbeide i grunnarbeide så når det er tele i marka blir det mykje telehiv.


Du skal sjå der er noko i det han sa nordmannen me møtte og som hadde arbeida  på verftet og budd her i over 20 år: Her er det berre to ting som tel, bil og mobiltelefon, resten drit dei i.