lørdag 28. mars 2015

Gracias por nosotros betyr takk for oss

Så er turen over. Me er på flyplassen, har levert bagasje og har passert sikkerheitskontroll. No er det berre å vente på flyavgang.
Det kan vere eit greit tidspunkt til å sjå attende på det me reiser frå.


I dag som dei fleste morgonar var eg på stranda i åtte-nitida  om morgonen i det sola steig opp av havet og dei aller fyrste badegjestene hadde funne sin plass i sanden.



Det er slike morgonar ein dreg halvveges til sydpolen for å sjå og oppleva. Deretter å komma heim til "hybelen" med brød under armen for å innta frokosten.


Me dreg frå mogelegheiten til å komma traskand på heimveg gjennom gaten på høgste natt når gradestokken viser 19 grader. Gatene er fulle av folk i samme ærend.


Me seier takk for oss til fortauskafeen vår La Carreta som serverte oss både mat og drikke til lunch og middag om det var det som passa, og det gjorde det ofte for meg.


Me seier takk for service og gode middagsrettar hos vår lokale kinarestaurant. Er servicen overveldande hos spanjolane så er den slik at ein går skamfull frå bordet her. Eg seier ikkje meir.


Dette var trettande gang me la sydenferien vår til Jardin del Sol, Solhagen. Eg har aldri budd  annan plass i "syden" og føler ikkje på nokon måte eg har gått glipp av noko. Dette er vorte hytta vår.



Så står det berre att å sei takk for fyljet til dykk som har vore innom denne bloggen desse 14 dagane me har vore på reise. Det er motiverande å veta at nokon set pris på det ein lagar. Det er også fint å ha eit oppdrag kvar dag. Eit produkt som er med i tankane heile dagen og som kanskje i blandt strukturerar tankar og handlingar i løpet av dagen.

Men mest av allt er dette vorte ei minnebok for oss sjølve. Ein grei ting å bla attende i om ein undrar på noko eller om ein rett og slett vil mimre om varmare dagar ein vinterkveld heime.

Eg seier berre med dette for siste gang i år: Takk for turen.

fredag 27. mars 2015

Fredag, dagen etter...


Så er vår siste dag på Playa del Ingles kommen. I morgon kl 12.00 må me ut or husveret og i 3 tida set me oss i drosjen som skal frakte oss til flyplassen. Biletet over er teke før kl 9 i dag nede på stranda. Dette blir den finaste dagen på denne turen. Skyfri himmel og ikkje meir enn behageleg bris i lufta .

Det  skal ikkje forundre meg om enkelte lesarar ventar seg ei oppfyljing av gårdagens aktivitetar. Difor kjem det no eit kort intervju med meg sjølv.

Intervjuar:
Finn Skare, eg går rett på sak, korleis følest det.

Finn:
Jo takk eg har det berre bra.

Intervjuar:
Eg tenkjer på gårdagens utmarsj. Korleis kjennest føtene ut i dag (he he)

Finn:
Føtene er heilt fine. Eg kjenner ingenting i føtene etter trimturen til Norskeplassen om det er det du vil fram til. Eg er litt stiv i korsryggen etter å ha sete i ro ei stund, men det gjev seg berre eg får strekke ut. Dette med korsryggen kjem forresten ikkje som noko overrasking, det var faktisk der eg var mest sliten i går også.

Intervjuar:
Betyr dette at du har klart å gjennomføre din morgontrim på ein anstendig måte.

Finn:
Morgontrimmen i dag starta litt før ni og gjekk grovt sett etter samme ruta som tidlegare. Eg merka lite eller ingenting til gårsdagen. Eg gjekk kanskje litt rolegare enn dei tidlegare dagane, men langtrappa den gjekk eg det raskaste eg greidde i dag og. Om eg hadde vore idrettsmann hadde eg sikkert kalla morgonøkta mi restitusjonstrening.

Intervjuar:
Takk for intervjuet og lukke til med trimminga heime i gamlelandet.


Så attende til bloggaren Finn.

I dag har eg forska på bilhald. Det er generellt trangt å lukeparkere her. Inntrykket når ein går etter gatene er at dei fleste bilane har større eller mindre skavankar. Dette ville eg i dag finne meir ut av. På veg heim frå stranda i dag gjekk vegen langs med ei lang rekke med bilar som var parkert med framenden mot fortauet der eg gjekk. Eg fotograferte høgre framhjørne på på 26 tilfeldige bilar som var parkert ved sida av kvarandre. Av desse var det skade på 21 og 5 var svært ubetydelege eller ingen skade på.
Konklusjone  etter denne forskinga at vitenskapeleg sett er det skade på høgre framhjørne på 80,77% av bilane på Playa del Ingles. 19.23% av bilane har ingen eller berre ubetydelege skadar der. Kva skadar dei 5 bilane har på andre stadar enn høgre framhjørne er ikkje undersøkt. Ein må derfor rekne med at monaleg mindre enn 19%  av personbilane på Playa del Ingles er utan lakkskadar.

Her finn du bilete av dei 9 fyrste bilane eg fotograferte. Skadeomfang: Bil nr 8 var uskada. dei 8 andre var oppskrapa.










Bil nr 9 hadde i tillegg åtte kulehol.  Kva dette seier om bruk av skytevåpen seier forskinga mi ingenting om.

Dett blir allt for i dag. Me går mot ein ny roleg kveld. Alice vil ein tur til restauranten Spisestuen i kveld. Der sel Antonio dukar på deltid. Ho skulle så gjerne ha seg ein påskeduk i størrelse 90 90.
Eg treng middag så då sler me to fluger i ein smekk.

I morgon er det som før skrive heimerise. Om det blir blogging veit eg ikkje, men ein oppsummering blir det uansett i løpet av dei 3 neste døgera.

Ha det så lenge.

Nest siste heile dagen og trimminga tek heilt av.

Det er stadig berre eg som lever eit liv som planlagt her nede under palmene. Dei tre er absolutt på betringens veg, men noko redusert enno så eg går mine turar i einsemd. Som eg batt meg til i gårdagens blogg har også dagen i dag vore tileigna trim.


Morgonturen gjekk som tradisjonellt til stranda. Der er det store fellesarealet framfor stranda snart ferdig opprusta så eg måtte ta turen opp trappene i vest for å ta eit oversiktbilete før turen gjekk samme trappene ned att.


Her ser de trappene i aust. Desse synte eg dykk i går også. Då frå toppen. Også i dag gjekk turen opp her i heseblesande fart. Det var like før eg skremdst over meg sjølv, men det kjem meir seinare i reportasjen.


Dette er eit motiv mange lustringar kjennest ved, inngangen til kjøpesenteret i Puerto Rico. Der gjekk turen min i dag. Noko må ein finne på og i dag sette eg meg rett og slett på bussen hit. Etter å ha gått senteret til endes kom eg på at når eg likevel er her heilt åleine og ikkje har anna å finne på kan eg finne utgangspunktet for trimturen til Norskeplassen. Endepunktet for ei trimløype mykje nytta av nordmenn ferierande her. Denne turen har det vora ymta frampå fleire gonger at me må ta.
Etter å ha studert landskapet på den sida av dalen der denne løypa ligg, fann eg at det er berre ein stad det er mogeleg å komme heilt til topps. Eg gav meg i veg oppetter dei bratte gatene. Det blei nokre bommar undervegs, men til slutt nerma eg meg toppen. Då kom det ein nordlending med samme målet bakfrå og me kom i  prat. Han kunne fortelje at no var eg på rett veg, han var i samme ærendet. Me slo lag oppover og snart var me på toppen. Då kunne han fortelje at no var det verste gjort. No var det berre å følje grusvegen så var eg snart på endestasjonen.


Korleis går det med den nyfrelste trimmaren som berre skulle kika nokre svingar oppetter gatene trur du. Jo eg sette ivegen, eg ville no sjå bakom fyrste blånen i alle fall. Ja ja blåne er kanskje å ta hardt i men synsrand då.



Men synsranda flyttar seg ho etter som eg går og snart hadde eg det finaste utsynet ned att i Puerto Rico og var eg kommen så langrt så kunne eg vel gå litt til.



Etter kvart var det tydeleg at det var langt ned att til busshaldeplassen og det lei langt på dag. Ikkje hadde eg drikke med meg heller så eg byrja å bli spøke tyrst.

Til slutt kom eg til eit punkt der  vegen luta nedover att. Eg såg den gjekk ned i ein dal og opp att på andre sida. Då gav eg opp og snudde nedatt.


Vel heime i ferieheimen vår på Playa del Ingles leita eg opp turen min på Google Earth. Der viste det seg at eg ikke skulle ned i dalbotnen og oppatt på andre sida. Norskeplassen var sikkert ikkje meir enn 3-4 hundre meter etter flate vegen frå der eg snudde.

Ikkje så galt at det ikkje er godt for noko. Planen min var å gjere meg litt kjend med korleis ein tek fat dersom ein vil finne vegen til Norskeplassen. Eg kom aldri til Norskeplassen men den eigentlege oppgåva mi gjorde eg særs grundig.

Eg er i ettertid kommen til at eg ikkje er så gjennomtrent som eg trudde tidleg i dag. No er eg stiv som ein stokk og ventar morgondagen med spenning.


Takk for i dag.

onsdag 25. mars 2015

Onsdag med ny optimisme og ein lovnad.



Det er tydeleg at alle set ekstra pris på at sola no skin på oss att. I dag før klokka halv ni var eg på strandpromenaden og då var det allt fleire som hadde funne sin plass i sanden. Sola skein, men ikkje frå skyfri himmel. Som de ser på biletet låg det nokre mørke skyer uti havet. Men dei kom heldigvis ikkje til oss.


Om du vil slutte å røyke så skriv det i avisa eller sei det på radioen. Då er det vanskelegare å ombestemme seg. Då veit heile verda om det dersom du ikkje greier det.
Det samme skal eg prøve meg på no. Ser de dei lange tappene på bilete over? Dei har eg nyss kjempa meg opp så fort eg greidde då dette biletet vart teke. Desse morgonturane her i sola er berre starten på noko nytt. No skal eg starte eit nytt liv når eg kjem heim. Eg skal ikkje trena, eg skal berre ha meg ut og gå ein tur noko oftare enn eg har gjort dei siste åra. Og no lyt eg følja opp for om ein dag eller to har truleg tre-fire hunder menneskjer lese dette.


Overskrifta på denne bloggen ber bod om framgang i helsetistanden til dei tre andre i reiseføljet. I dag har alle nytta godværet til soling på terrassen. Ja dei har faktisk planlagt at me skal gå i samla tropp på restaurant i kveld. Der skal inntakast det fyrste ordentlege måltid sidan før helga.

Sidan det ikkje skjer så mykje frå dag til dag som er verd å neme i ein reiseblogg på denne sjukdomsprega turen vår, så får eg skrive om det vesle som skjer.


Sidan eg er frisk må eg ha mat. Sidan eg er den einaste har eg  funne det greiast å innta mest alle måltid ute. Her er fortelinga om dagens lunch. Omelett med pommes frites og fire skiver tomat som vert kalla salat. Eit lite glas øl til og ein har eit greit måltid i einsemda.


Etter maten kjem oppgjerets time. 4.50 for omeletten og 2.00 for ølet let seg høyra. Og så litt drinks.


Her er bilete av mi standard lunchsjappe i det kelnaren er i ferd å rydde etter meg.. 32 stolar fordelt på 10 bord. Tre i arbeide, ein er mest berre kokk, ein som er begge deler og ein som berre er kelnar.



Om du etter kvart lurer på kvifor du kastar vekk tid på å lese denne bloggen er det lite eg kan gjere med det. For tida er ikkje helsetilstanden slik at det freistar til opplevingsferie. Eg prøver å "koke suppe på ein spikar" og når det er såpass lite å fylle spikarsuppa med vert ho tunn.


Takk for i dag og kjekt at du tok deg tid til å smaka på den tunne suppa.




tirsdag 24. mars 2015

Endeleg finvær.


Som gradstokken viser var det 25 grader i skuggen i dag formiddag. Helsa er betre hos alle tre, men dei deltek ikkje i noko enno så eg rusla rundt i sola aleine i dag også.


Føremiddagsturen gjekk til San Fernando sin holmenkollås. Som biletet viser er dei ikkje redde for å nytte fargar på husa.
Heime har me oftast reglar for korleis hus skal sjå ut i byggefelt. Ikkje slik at alle skal vere like men at dei "står til kvarandre". Her trur eg ikkje det er noko slike reglar og det fungerar fint tykkjer eg.
Men ein må vel ha høg toleranse for mangfald og for det ein sjølv ikkje tykkjer er fint. Her nokre eksempel frå eit nabolag i denne gata.







Medan resten av turføljet altså også i dag føretrekker å nytta dagen til kvile og restitusjon, tok eg ettermiddagsturen om stranda.


Der vart lunchen innteken i einsemd. Kjukling og ein liten øl. På veg etter handlegata kom eg over bordet på biletet under. Då gjekk tankane til barnebarnet Ada. Dette virvaret av smykker og bittesmå pyntegjenstandar trur eg hadde vore interessant for ho.



Den som har vore på Playa ein einaste gong dei siste titals åra har heilt sikkert sett denne karen. Og han held ut. Slik har han posert nærast kvar einaste dag eg har vore på stranda, kvart år sidan 2003.
Det samme kan seiast om klovnen med den svære kvite munnen som går med sine påfunn etter gatene.


Litt fagprat må til i dag også. Mur og betong det blir brukt til allt her. I dag kom eg over eit område der dei holdt på å legge nye betongfliser på fortau. Då støyper dei og avrettar fyrst. Der var det dei nytta denne doningen. Traktorskuffe som betongblandar har eg ikkje sett før, men det var svært effektivt til dette arbeidet.

Det ligg ein roleg kveld framføre oss. No håpar me berre at alle blir heilt friske til den lange heimturen. Alle er såpass at dei tek del i solinga på terrassen så brunfargen trur eg me skal berge, berre været vert slik yr antydar desse siste feriedagane våre.

Takk for i dag.



mandag 23. mars 2015

Måndag med lyspunkt?


Slik såg det ut i dag kl 6.50 då eg stod opp. Tidleg opp til å ha ferie tykkjer kanskje nokon, men slik blir det år ein skal leve med eit sjukeleg reisefølje som legg seg i ni halv ti tida. Då vert det tidleg i seng med meg og. Men ingen ting er betre enn å komme seg tidleg or senga på ein godværsdag i ferien.


Skjeldan eller aldri har eg sett havet så stille som i dag tidleg. Nærast folketomt som det var i det sola klatra loddrett opp or havet. Her der noko av det eg festa til sd-kortet på kameraet mitt på min strandvandring i dag.











 Like folketomt var det då eg nådde solsengene og serveringstadane rundt hovudnedgangen til stranda.
Ein legg mange reglar og vanar til sides på desse turane. Det å sette seg med ein halvliter som aller fyrste gjest på ein kafe ein måndagsmorgon kl 8.30 hadde nok vore sett på som eit sers dårleg teikn heime, men det var nett det eg gjorde i dag.




Noko positivt kjem det utav regnbyene som vatnar naturen her for tida. Allt blomstrar som på kommando. Sjølv trea som står etter gaten der rota er dekka av betong og asfalt.


Litt bilstoff i dag og. Så snerten kan ein kjedeleg Renault Megane bli berre dei får av taket.


 Her er ein ide til dykk  som stadig misser dette plastskrammelet som skal gjere stålfelgar finare. Strips er tingen.

Me er starta på siste veka så me har slege frå oss alle utflukter. Det var ymse kjentfolk me hadde planar om å møte her nede, men det blir det ikkje noko av. Om alle er heilt friske til me set oss på flyet laurdag er me nøgde. Går det betre enn det så skal all ledig tid nyttast til soling og  bading her på anlegget. Det er opplese og vedteke.

Når det no går mot kveld kan dagen oppsumerast slik. Alle har teke steg i rett retning helsemessig. Været har vore som dei tidlegare dagane. Ein del sol, ein del overskya og nokre få regndråpar.

Takk for oss for i dag.