mandag 28. mars 2011

Den varmaste dagen så langt


Dette har vore den heitaste dagen til no.Temperaturen veit eg ikkje, den varierar nok også frå stad til stad, men på vår tur i dag har me sett målt frå 22 til 29 i skuggen. Damene har lege langflate langs bassengkanten berre avbrote av ein dukkert i ny og ne, medan karane har vandra gatelangs. "At dei orkar" seier me begge, dei om oss og me om dei.
Som de ser på biletet er det folksamt på stranda så langt auga kan nå.
I dag har eg og KA teke turen til San Augustin. Me starta med ein styrkedråpe på kafeen vår ved stranda og tok deretter strandpromenaden austover.
 Mange hadde nok tenkt samme tanken som oss for det var folksamt mest heile turen ut langs stranda. Turen tok ein time kvar veg. Dette er ein av dei finaste turane her nede så her har me gått minst ein tur kvart år.
Vel framkommen til enden av vegen var det godt å finna skugge og noko å leske seg på.
Etter ein god pause var det berre å sele på seg att og starte på heimvegen. Biletet under visar så godt eit mobilbilete kan, utsikta frå serveringstaden og attende til Playa Del Ingles.
I kveld blir det ein tur på "pub"  høyrest det ut for. Då blir det ein matbete heime før turen går til uteplassen Naboen og kanskje ein prat med kjende heimanfrå om me er (u)heldige.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar