onsdag 25. mars 2015

Onsdag med ny optimisme og ein lovnad.



Det er tydeleg at alle set ekstra pris på at sola no skin på oss att. I dag før klokka halv ni var eg på strandpromenaden og då var det allt fleire som hadde funne sin plass i sanden. Sola skein, men ikkje frå skyfri himmel. Som de ser på biletet låg det nokre mørke skyer uti havet. Men dei kom heldigvis ikkje til oss.


Om du vil slutte å røyke så skriv det i avisa eller sei det på radioen. Då er det vanskelegare å ombestemme seg. Då veit heile verda om det dersom du ikkje greier det.
Det samme skal eg prøve meg på no. Ser de dei lange tappene på bilete over? Dei har eg nyss kjempa meg opp så fort eg greidde då dette biletet vart teke. Desse morgonturane her i sola er berre starten på noko nytt. No skal eg starte eit nytt liv når eg kjem heim. Eg skal ikkje trena, eg skal berre ha meg ut og gå ein tur noko oftare enn eg har gjort dei siste åra. Og no lyt eg følja opp for om ein dag eller to har truleg tre-fire hunder menneskjer lese dette.


Overskrifta på denne bloggen ber bod om framgang i helsetistanden til dei tre andre i reiseføljet. I dag har alle nytta godværet til soling på terrassen. Ja dei har faktisk planlagt at me skal gå i samla tropp på restaurant i kveld. Der skal inntakast det fyrste ordentlege måltid sidan før helga.

Sidan det ikkje skjer så mykje frå dag til dag som er verd å neme i ein reiseblogg på denne sjukdomsprega turen vår, så får eg skrive om det vesle som skjer.


Sidan eg er frisk må eg ha mat. Sidan eg er den einaste har eg  funne det greiast å innta mest alle måltid ute. Her er fortelinga om dagens lunch. Omelett med pommes frites og fire skiver tomat som vert kalla salat. Eit lite glas øl til og ein har eit greit måltid i einsemda.


Etter maten kjem oppgjerets time. 4.50 for omeletten og 2.00 for ølet let seg høyra. Og så litt drinks.


Her er bilete av mi standard lunchsjappe i det kelnaren er i ferd å rydde etter meg.. 32 stolar fordelt på 10 bord. Tre i arbeide, ein er mest berre kokk, ein som er begge deler og ein som berre er kelnar.



Om du etter kvart lurer på kvifor du kastar vekk tid på å lese denne bloggen er det lite eg kan gjere med det. For tida er ikkje helsetilstanden slik at det freistar til opplevingsferie. Eg prøver å "koke suppe på ein spikar" og når det er såpass lite å fylle spikarsuppa med vert ho tunn.


Takk for i dag og kjekt at du tok deg tid til å smaka på den tunne suppa.




3 kommentarer:

  1. Hei. Har du noen tips til fine resturanter i Playa Del Ingles? Dersom du har lyst har det vært fint med et blogginnlegg om diverse reisetips fra Playa del Ingles og evt andre plasser på Gran Canaria som er vært å besøke.
    Hege

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er knapt den rette til eit slikt oppdrag. Om eg har vore her mange gonger er eg eit vanedyr som oftast gjentek meg sjølv. Men takk for tipset. Sidan det er skrint med idear for tida kan eg prøve meg på noko lite ein dag.

      Slett
  2. Kjekt å følgja med på bloggen din Finn. Har hatt nokre fine spaserturar på stranda frå Playa til Maspalomas dei siste åra. Har fast tilhald i Puerto Rico to veker i oktober/november.
    Ditt syskjenbarn på Fedje.

    SvarSlett