torsdag 28. mars 2024

Skjærtorsdag vart ut på tur dag.

 


Det vart middag på China Sol som antyda i går. Me tok turen til Jardin del Sol og kinamat. Kylling chop suey på meg. Chop suey er vist betegnelsen på grønnsakene i denne retten er eg fortald ein gong.


Etter matøkta gjekk turen til Kasba og bord med utsikt til dansegolvet som så ofte. I år er Kasba nermaste naboen vår også, så det passar fint med ein rast her på heimveg.


Eit siste blikk på ein fullmåne som  speglar seg i eit sille Atlanterhav  gav forhåpningar om godt ver frametter.


Og veret i dag har også vore bra. Det har blese litt men det var berre godt for meg. Eg har vore på langturar i dag. Etter frukost drog eg på "fjelltur". Det er mange mogelegheiter bak byen der det går stiar i kryss og tvers. Om ein ikkje vil følje stiane kan ein også, som eg i dag, velje retning og mål sjølv. Som de ser på biletet er det for det meste steinørken som for det meste er fin å gå på.


Men det var også fint å nå urbanisasjonen att og få trygge fortau under føtene.


Og då gjekk turen til handelsmannen. Me hadde Lidl ei kort stund i Noreg også men me vart visst for sære for  tyskarane.


Etter lunch gjekk turen ut i naturen ein annan veg. Eg gjekk tvers over naturvernområdet som består av sanddynene langs stranda og opp mot Maspalomas golfbane.


Ein times tid trur eg det gjekk til eg var på fast grunn att og kunne ta gatene fatt på veg heim att.


Husets frue har gjort det ho likar best når ho har ferie frå trimminga heime. Hå ligg stort sett pal på solsenga si ved bassenget heile dagen. Det var ho som sa eg skulle legge ut dette skrytebiletet av dagens antall steg eg har gått.


1 kommentar:

  1. Ser de har det som plommen i egget. 👍🐣🐥Berre nyt.

    SvarSlett