lørdag 14. mars 2026

Laurdag på Playa.

Han såg ut på det bårutte havet; der var ruskutt å leggja ut på; men der leikade fisk ned i kavet, og den leiken den vilde han sjå.

Eg måtte ty til Ivar Åsen i dag. Det bles godt på Atlanterhavet. Dette set store begrensingar på badeaktiviteten på stranda, men oppe mellom husa er det eigentleg greit. Sola skin gjennom ein tunn dis som kan vere calima, eg veit ikkje.

Det eg veit er at det er carnevalstid her og på min spasertur i dag møtte eg på reine folkevandringa av born og vaksne som hadde pynta seg til det.

Til og med ein sekkepipespelar var på veg til samlinga.

Så vart det laurdagskveld og karnevalet fortsette på og ikkje minst framfor sena.

Me fann oss ein rolegare plass og ordna oss med middag. Eg mottok min hengande.

Etter middagen gjekk turen innom den norske sjappa Naboen. Dette er som ein slags fristad for nordmenn. Det verkar som at dei fleste kjenner dei fleste, betjeninga kjenner alle og alle kjenner betjeninga. Rett og slett ein fristad for nordmenn.

Det var allt for i dag, den fyrste dagen eg har utfordra gnagsåret mitt for ein relativt lang men vellukka tur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar