Aldri har eg sett stranda så brei som i dag klokka 9.30. Tidevatn-tabellen fortel at i dag klokka 9 var det på det lågaste. Havet var ein halv meter lågare enn "normalt". Då er det sjølvsagt også på det høgaste ca. 6 timar seinare. Då stig havet med 2 meter frå det lågaste.
Årsaka til at dette vart tema i dag er at me to gjekk stranda rundt til Meloneras i dag.
Frua kunne fortelje at ho aldri har gått denne turen på desse 21 åra me har feriert her. Føtene greide turen fint men av ymse årsaker var det med stor glede me fekk fyret og enden på turen i sikte.
Turen heim gjekk gatelangs. Det ser ut som at eg står og ventar utolmidig og eg gjer kanskje også det. Det vart no eit fint blomsterbilete av det.
Eg har hatt eit oppdrag som eg har lagt på meg sjølv. Det tenkte eg skulle gjennomførast i dag. Dette er vegen eg gjekk for å finne det eg leitte etter. Ein vil så gjerne prøve å fotografere slik at den som ser biletet får same inntrykket av desse høge veggene rundt oss som fotografen. Eg lukkast ikke denne gongen heller, men i verkelegheita er dei høge og ruvande.
På denne supermarknaden fann eg det eg leita etter.
Og slik ser det ut, eller slik ser lommelykt-futteralet ut.På heimvegen knipsa eg bilete av den før så folketomme stranda. Her er floa kommen og oversvøymt det meste av stranda.
Kveldens siste måltid vart innteken på Tropicana Steak House, den samme som onsdag. Det noko betenkte uttrykket skuldast nok eteforbudet så eg fekk foreviga maten urørd. Menyen var grillspyd med kylling og Schnitzel.
Det finns ei gratisavis her. Dag & Natt heiter ho og er den einaste nordiske på Kanariøyane skriv dei sjølve. Dei skriv om antal besøkande her og dei kan fortelje at på Gran Canaria kom det pr fly i januar og februar:
198 000 frå Tyskland
147 000 frå Storbritania
85 000 frå Norge
63 000 frå Sverige
53 000 frå Danmark
Og så føl alle dei Europeiske landa på rekke og rad.
Tenerife er øya til Britane. Frå der kom det i samme periode 456 000 flyvegen. Tyskland på andreplass hadde 190 000, altså under det halve. Norge er på 13. plass med 20 000.
Takk for i dag
Nok ein fon dag. God natt🐣🐣😴😴🌹☀️
SvarSlett