I dag snudde eg ryggen til det urbane og oppsøke det rurale livet. Om du ikkje likar spikersuppe er kanskje her staden for deg å snu. I dag skal de få vere med på eit nermast hendingslaust forsøke på å nå ut i naturen.
Fyrste utfordringa var å komme seg over virvaret med vegar stappfulle med bilar undervegs hit og dit.
På palmesøndag er det kanskje naturleg fyrst å forsøke seg på ein palmeskog.
Men nei, fram og attende er dobbelt så langt. Men veit du kva som truleg er årsaka til at menneskja fann opp veving.
Dei fann det ikkje opp. Dei berre kopierte daude og halvråtne palmeblad.
Så gjekk turen gjennom ein annan slags skog.
Og plutseleg, mellom palmene, der ser eg ei bru. Under der er det sikkert mogeleg å gå. Det er mest aldri vatn i elvane her så ei bru er det same som ein undergang.
Men nei, ikkje denne brua. Og her er det så mykje trafikk at eg tek ikkje sjansen.
Så går turen ut i skogen att, til eit tre som kan minne oss om at det kan verte noko fin og levedyktig sjølv om starten kan vere utfordrande nok.
Neste vegkryssing var ei turr elv gjennom ei røyr. Ein god meter i diameter og mykje mørkare enn kameraet vil ha det til gjorde litt skummelt.
Eit ferdigklypt hol i gjerdet i andre enden gav signal om eit ruralt men ikkje folketomt område me kom til.
Og ved å søke inn staden med teleoptikk ser me at her er det både vasstankar og solceller på plass så detter er nok ein bustad.
Snart er eg på strandpromenaden.
Om du er med enno så skuld ikkje på meg. Du vart åtvara under det fyrste biletet. Og no kjem noko om kveldsaktiviteten vår:
Kveldens middagsmåltid inntok me her. Familiens sunnheitens apostel valde fisk medan livets (så lenge det varer) glade gut valde indrefilet av svin.
Huset i bakgrunnen, Jardin del Sol, har vore vår tilholdstad på 19 sydenturar før. Etter middagen stakk me bak til inngangen for å spørje i resepsjonen om å få inn og sjå på gamle trakter. Der traff med gjerdestengsel og rot framfor inngangen. Var det finito finale og konk? Frå kelnerane på Guarapo fekk me svaret. Dei pussar opp og opnar att til hausten.
Tradisjonen tru må me snart kalle det, det vert ofte slik. I kveld som så ofte ellers, me avslutta kvelden ute med noko godt i glasa på utsiktsplass til danse-arenanen på Kasbah.
Takk for i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar