tirsdag 17. mars 2026

Tur til Puerto Rico

 

Dagen i dag er ikkje mykje å skrive om. Derfor vil eg skrive nokre ord om det me har vore med på i kveld. Det starta med ein busstur til Puerto Rico.

Der hamna me på kjøpesenteret der dei me skulle vitje sat og venta på oss ved inngangen.

Norvald og Gunn som dei heiter er erfarne besøkande her og dei veit kor det er aller best matoppleving og dit gjekk me. Det vart køståing for å få bord. Hovmeistaren var raskt ute og tok kontakt. Han lova oss plass så raskt som råd var.

Og det vart bryet verd. Laks med potetmos vart det me valde. Det ser kanskje litt tuske  ut slik som her, men dei hadde pynta så fint at eg fotograferte før potetstappa var tilførd.

Så gjekk turen til Lillebrors Party & Pianobar. Der fekk eg nokre ord og bilete av sjølvaste  Lillebror og Tore Halvorden. Til orientering for lesarar som oppheld seg her nede: Tore skal synje der onsdag.

Og det var allt. Turen heim med buss gjekk upåklageleg.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar