

Bileta i dag er frå i dag tideleg og i kveld etter arbeidstid. Som det går fram av bileta nermar det seg slutten. I dag tideleg sa byggmeistaren at dei
kunne bli ferdige i dag, men han var ofte litt for optimistisk i slike vurderingar sa han. Dei vart ikkje ferdig og det forundra ikkje meg. Trass allt hadde dei att både isolering, takbygging og montering av takrenner då eg forlet dei. Det ser vel ut for at dei blir ferdig i morgon og det er me godt nøgde med.
Det endelege svaret kjem på denne bloggen i morgon kveld.
Som det går fram av tidlegare innlegg i denne bloggen hadde eg det ærefulle oppdraget å stå for 17 mai-talen i år. Enkelte familiemedlemmar har ytra ynskje om å få manuset utlagt her.
Det er eg usikker på om er lurt. Ein slik tale er ikkje eit manus,men ein framføring. Ikkje sa eg nøyaktig det same som det stod i manuset, og det er sikkert ting i slike manus som er meint for det talte ord, som ikkje kjem fram i teksten.
Me får sjå. De får by inn til ei familiesamkomma og gje meg ordet uavbrote i 12 minuttar, så kanskje det blir ein reprise. he he.