tirsdag 12. mars 2019

Tysdag og pakkedag

Så er den siste heile dagen i syden mest over. I går kveld kosta me på oss litt meir enn vanleg til middag. Denne trivelege restauranten som har spesialisert seg på litt ekstra kvalitet fekk besøk av oss.

 Det aller meste vert steikt i denne opne grillen inne i restaurantlokalet. Som de ser på kanten av avtrekkshetta har han no fire bestillingar på glørene. Ein av dei er kvar sin indrefilet til oss.

 Slik ser det ut på tallerken. Eg vil påstå at det er få stadar grønsakene er noko å skryte av her, sjølv kor mykje dei har å ta av. Dette var heller ikkje det beste eg har smakt. Litt "ihelkokt" men rikeleg og i utgangspunktet av god kvalitet.


Men biffen var av slik kvalitet det ikkje er kvart år eg får smake. Makalaust god. Potetstrimlene var også nett slik dei skal vere.

Her går det mot slutten på måltidet og eg skal love dykk, det gjekk ned resten også.

I går kveld traff me på Antonio, dukseljaren og trur du ikkje det vart ein duk på  oss også, storleik nitti nitti.

I dag har me ikkje gjort det slag. Denne siste dagen er me leie heile sydenlivet og gledar oss til å komme heim. Me har vore utom hjørna til lunch og for fyrste gong på denne turen vart det dessert. Créme brûlée skrivast det visst på orginalspråket.

Ein liten tur på butikken måtte også til. Ei firkanta flaske plassert nokonlunde midt i biletet vert med heim i tilfelle nabo Steinar vågar seg ein tur forbi ein kveld. No skal det pakkast og denne flaska får heidersplassen, midt i største kofferten, innpakka i klede på alle kantar. 

I morgon  dreg me altså heim, om Norwegian har fly ledig til oss, så dette kan bli det siste de høyrer frå oss på denne måten.

Til alle som har vore innom denne bloggen desse to vekene vil me sei takk for fylgjet. 

mandag 11. mars 2019

Nest siste dagen, til Las Palmas


I går oppdaga me at gode gamle Hurtigruta er gjenoppstått på sin gamle plass. Den ligg i ein byggmasse som vart råka av brann for fleire år sidan. Hurtigruta vart ikkje skada av brannen, men folkestraumen i dette området forsvann og då valde dei å flytte til heilt andre lokaler i ein heilt annan del av byen. Dette viste seg å ikkje vera nokon god ide og altså. no har dei valt å flytte attende til dei gamle lokalene.

Gårkvelden starta med middag på restauranten Guarapo og dette er grilla sverdfisk som Alice valde.

 Medan eg bestillte andebryst. Denne restauranten ligg rett ved utgangsdøra vår og er rekna som ein av dei beste på heile Maspalomas. Likevel vart det ikkje til at me valde denne staden før på turens tredje siste kveld. Det kan ha med det å gjere at det er litt "finare" her men fyrst og fremst skuldast det nok at når me fyrst skal ut blir det liksom litt tuske at turen vert berre 10 steg under open himmel.


I dag gjekk turen med buss til Las Palmas. Navnet betyr palmene og palmer er det mange av og alle stadar. Me hadde ikkje noko mål for turen så me gjekk for det meste å rusla i gatene berre for å oppleva storbyen.

 Men mat måtte me ha her også og her ser de forfattaren sjølv legg innpå med pasta carbonara.

 Som siste stopp på turen vart det kvar sin is under trea i parken like ved sida av busstasjonen.

Eit snapshot av eit Norwegian-fly, nyss slept bakken frå Aeropurto Gran Canaria, i det bussen vår susa motsett veg med oss på veg heim til "hytta", avsluttar skriveria i dag. Eit slikt fly sit me også i om to dagar.

Takk for i dag.

søndag 10. mars 2019

Søndagstur til San Augustin

 I går kveld vart det middag hos Naboen og då meinar eg ikkje engelskmannen som bur ved sida av oss men serveringstaden Naboen. Etter middagen vart det også ein oppfriskar eller to. Fruen valde det biletet visar, som er ein mellomting mellom ein salat, eit fruktbeger og ein drink og heiter mojito. Ho saug i seg det flytande og var vel fornøgd med handelen. Ho let grønnsaker og frukt ligge att.

 Denne lystige gjengen av årdøler hadde også sessa seg på samme etablesementet. Me  stakk forbi på heimveg.


 Via ein liten omveg fekk me også bekrefta at Sosialkontoret stadig er oppe og går og er godt besøkt. Ikkje noko moderne NAV-kontor her nede.

 I dag har eg rusla meg ein tur til San Augustin. På vegen dit passerte eg mange og store hotell. Her prøver eg å formiddla eit inntrykk av kor store desse bumaskinene er.


 Så var eg kommen gjennom sentrum av Playa del Ingles og tok til på promenaden ut til San Augustin som de ser ytterst på odden .

 Det bles litt men ikkje meir enn at det gjorde godt i varmen. Som de ser var det mange andre som hadde valt å legge søndagsturen på same vegen som meg.

Ein måte å tene til livet opphold på er å lage imponerande sandslott og figurar i sand og håpe på milde gåver frå dei forbipasserande. For dette prektige byggverket fekk denne karen ein slant frå meg.

 Her er eg kommen fram til det største kjøpesenteret i San Augustin. Det var roleg her då eg kom dit klokka 12. Etter å ha traska rundt i gangane her viste det seg at det meste av serveringsstadar opna fyrst klokka 13 på søndagar.

Så var det berre å snu og traske i veg heimatt. Som de ser var veret av det aller beste så eg lengta ikkje på noko måte heim sjølv om eg like etter dette biletet vart teke, fekk ein film heimanfrå, frå to som var ute og gjekk på ski med topphua godt dregen ned over øyrene. Vel heime sat fruen på lunch-sjappa og kunne by på ein god stol, omelett med pomfritt og eit stort glas serveza. Det gjorde godt for ein trøytt, svolten og tyrst kropp.

No står kvelden for tur. Om det vert noko å skrive heim om veit me ikkje før i morgon.

Takk for i dag.

lørdag 9. mars 2019

Laurdag og berre tre heile dagar att.

Tysdag 08. mars 2016 var dette eit av bileta på bloggen min. Me hadde vore og ete middag her. No ville tilfeldigheitane det slik at i går, fredag 08. mars 2019, nøyaktig 3 år seinare oppsøkte me samme restauranten med samme ærendet, heilt tilfeldig.

I går stod den spanske tradisjonsretten paella på programmet. Skal ein velje dette må ein vere to med samme ynskjet. Det lagast ikkje mindre enn til to porsjonar. Det kan vere ein av grunnane til at det er ein rett som  skjeldan vert vald. Me var begge sers nøgd med maten så det vert nok oftare bestillt heretter.

 Fotografen min er oppteken av den fine formen det er på trekrunene her nede. Om det er alvor eller sjemt veit eg ikkje, men i blandt har ho fabulert på om dei kanskje har fått dei til å vekse slik utan inngrep frå gartnarsaks. Som dei som kjenner ho veit, er ho oppteken av ryddigheit og orden og kunne godt tenkt seg litt meir orden i naturen også.


Som så ofte enda også kveldsturen i går med kvar sin kaffikopp på Kasbah

 I dag har eg ikkje gjort det slaget som er verdt å skrive om. Mykje av tida har eg site her med ein kryssord å bryne meg på.

.Dette er utsikta når eg rettar ryggen og ser meg ikring. Som de ser, det fine veret held seg. No har me berre tre heile dagar att av årets sydentur. Tida går fort men me kjenner allt på heimlengsla i blandt. Meldingane heimanfrå fortel om vintertilstandar, det saknar eg ikkje, men heima er no heima.

Me skal nok klare å nyte desse tre dagane som er att også.  Takk for i dag.




fredag 8. mars 2019

Fredag med tur til Fataga

I går kveld enda middagsturen vår som så ofte ellers på Naboen, denne mat og skjenkestova spesiellt innretta for nordmenn i utlandet. Og kven andre enn sjølvaste sydendronninga Olaug Nigard og reisevenninna Else fekk me besøk av ved bordet vårt. Olaug fortel at hennar fyrste sydentur meinar ho å hugse, gjekk føre seg i 1967 og då gjekk turen til Mallorca. Eg føler sjølv eg er ein vel vaksen kar etter kvart, men i 1967 trur eg ikkje eg hadde vore åleine til Sogndal ein gong.

Men i dag reiste eg åleine heilt til Fataga. Dette er ei lita bygd ca 15 - 20 km rett inn i landet frå der me bur. Her kjem nokon vilkårlege bileter frå min rusletur i dag.




 Dagens dugurdsmåltid vart innteke her i 12.30 tida. Kanskje i seinsaste laget, men eg er ikkje så tidleg i gang om morgonane og då må allt forskyvast.


Her er menyen: Spansk omelett, brød med alioli og eit stort glas serveza

Til slutt ein ordentleg tøff mc-kar og hans motorsykkel. Av ein eller annan grunn var det vanskeleg å få han til å posera framfor sykkelen sin.

No tek me helg utan at det endrar på noko som helst.
Takk for i dag.



torsdag 7. mars 2019

Etter ein rangel.

Endeleg var dagen kommen og me fresar på drosjevis mot Puerto Rico og hotellet Puerto Azul. Der venta det hyggeleg samtale med noko godt i glasa på den midlertidige heimplassen til kveldens vertskap. Også kveldens middag var innteke her. Dette er eit såkalla "all inclusive" hotell og me fire som var gjester for kvelden, hadde kjøpt oss inngang til hotellets buffè.

Etter middag gjekk turen til "sentert" og fyrste stopp ei lita sjappe med nokre bord utanfor ein disk. Etter litt venting hadde dei klart å finne fire bord og 10 stolar og dermed var me i gang. Grunnen til at me absolutt ville ha plass nett her er deira gode rykte for sin Irish Coffè

 Dette skulle bli vår irske kveld. Fyrst kaffi på irsk vis, deretter Molly Malones og eit glas irsk øl.


Der står eigaren for det meste av underhaldninga. Han syng irske viser på løpande band. Me var så heldige at me fekk dele bord med nokre frå Dublin. Som de ser, dei også sette pris på kva dei høyrde.

Etter midnatt fekk me plutseleg ein fødselsdag å feire. Heile forsamlinga stemde i med bursdagssang og deretter vart det bursdagsdrink på jubilanten.
Det vart seint men kva så? Me har ferie og har tid nok til å sove. Me vil i alle fall med dette få takke heile gjengen for ein triveleg kveld.

 I dag snirkla eg meg gjennom bakgater og gangpassasjar ned til havet.

Målet var ein spasertur langs stranda og det målet for dagen viste det seg at mange andre hadde også.

 Vel oppe på trygg grunn att traff eg på desse to sandstøttene. Også dette kan vere eit levebrød her.

 Ein lenge planlagd inpulshandel vart det også i dag. Eg har lenge fått påminningar om at eg treng nytt hovudplagg og i dag skreid eg til verket. Godt nøgd med handelen la eg på veg heim.

Der vart det ein liten sermoni rundt kjøkenbordet før gamlehua vart lagt til evig kvile i bosbøtta.

Takk for i dag.