fredag 28. mars 2014

Fredag, den siste feriedagen.


 I det sola gjekk ned bak åsane i vest sette me oss i ein gammal og sliten taxi av typen Merceders. Kilometerteljaren stod på rundt 450 tusen kilometer. Kva tal som skulle stå føre der om det var plass til det veit ikkje eg men at det skulle vere eit tal til er opplagt. Men bilen makta turen og det var det viktigaste for oss. Han kjem heilt sikkert til å gjere mange fleire turar til før han blir pensjonert.
I ei av avisene heime las eg ein dag om ein liknande modell som hadde gått 3,2 millionar kilometer.

 Vel ute i Puerto Rico trefte me på to blad Kjell med følje. Ho bestemor frå Røslebakkane hadde med helsing til oss. Noah med broten høgre arm hadde både skrive og teikna til oss og det sette me stor pris på.
Det er alltid hyggjeleg å treffe kjendtsfolk når me fire har gått her åleine mest heile tida i 14 dagar. Denne kvelden vart det fyrst eit triveleg middagsmåltid med åtte rundt bordet før turen gjekk til stampuben til mange lustringar her. Molly Malone's heiter staden og er svært triveleg. Det er irsk eigar og levande musikk framført av eigaren sjølv og ei ung jente.

 Dagen i dag har bore preg av innspurt. Ein tur ned til strandområdet for å oppdatere badety-garderoben vart avslutta med fiske-spa. Her ser de pasienten i det ho blei reingjort før sjølve behandlinga.


Noko skepsis kan ein vel fornemma i det føtene vart senka ned i vatnet og fiskane starta sitt festmåltid.

 Dei tok godt til seg av heile matfatet. Med stor iver tok dei til seg av det som var til overs av daude hudceller. Det er i alle fall det eg har vorte fortald at dei renskar opp i. Etter iveren å dømma gjekk dei ikke svoltne til kvile i kveld.
 Etter ei tid såg det ut til at også offeret for etegildet sette pris på opplevinga. Det er i ettertid ikkje oppdaga endringar, på godt eller vondt, etter behandlinga, men det var vel heller ikkje venta. Det vart i alle fall ei ny oppleving i CVen.

No står det berre att å lese inn eit lite  reisebrev til han Kjell Opheimshaug og hans lydarar på Radio Luster i  kveld. Deretter går turen på vår lokale kinarestaurant til eit siste middagsmåltid her nede.

I morgon vert vel dagen mest nytta til pakking og venting til tida er inne for å oppsøke flyplassen. Ved middnatts tider i morgon kveld landar me på Flesland. Deretter går turen strake vegen heim til Luster. Det gledar me oss til alle saman.


torsdag 27. mars 2014

Nest siste dagen


 No går tida fort mot avreise. Difor vil eg i dag forsøke å presentere for dykk buplassen vår desse 2 vekene. Det er 12. turen vår hit og alltid har me budd på samme staden. Jardin del Sol heiter det, eller Solhagen som det hadde vorte på norsk.

Bassenget og området rundt er sjølvsagt viktig. Det består seg av eit stort basseng som snor seg mest heilt rundt ein poolbar i midten. Den eine enden er både brei og djup medan den andre enden, den som visar på venstre biletet over er så grunn at den eignar seg for born langt ned i alder. I tillegg er det eit barnebasseng som er heillt avskild frå det store.

 Dyreliv har me også innanfor ringmuren vår. Fem eller seks skillpadder og to kattar. Nokon nyt sola som oss medan andre vel å gjøyma seg i skuggen.

Det er ikkje tilfeldig at det har fått namnet Jardin eller hage på norsk. Husværa er  bygd som ein mur rundt hagen og bassengområdet. Me disponerar to etasjar der fyrste etasje inneheld opphaldsrom med kjøkenkrok medan det er soverom og bad oppe. Mykje blømande planter og palmer som vert svært godt ivareteke dekkar heile området mellom og langs gangvegane som trengst.

 Slik ser uteplassen vår ut med kombinert inngangs og terrassedør. Biletet er teke langt på dag. Det forklarar soltilbedaren sin vesle friminutt med kvitvin og kryssord i skuggen.

Her er til slutt eit bilete frå den "veggen" me bur på.
No går turen snart til Puerto Rico der me skal møte to blad Kjell med familie. Sidan dette er favorittplassen til dei fleste lustringar her nede vert me ikkje forundra om me treff på fleire kjende på vår tur. Om det skal  de få høyre allt om i morgon.
'
PS Me fekk oss litt av eit sjokk for litt sidan. Norske nettmediaer melde om eit passasjerfly som hadde styrta i havet rett utanfor strendene her. Me var noko i tvil om det kunne vere sant sidan dagleglivet her gjekk som vanleg. Ikkje hadde me høyrt smell eller plask og ingen andre sirener enn ein og annan sjukebil som gjev eit lite tut i blandt, sikkert på veg med ein normann med solstikk.

Som de veit, det var ein feilmelding. Det dei hadde sett var ein båt, noko som ikkje er så oppsiktsvekkande på havet så aksjonen vart avblåst.


onsdag 26. mars 2014

Den tredje siste dagen.

 Ikkje for å gjera nokon misunnelege, men eg startar dagens blogg med å visa utsikta der eg sit og skriv desse orda. Som overskrifta antydar går det mot slutten på dette ferieopphaldet. No er det meste av denne dagen oppbrukt. I kveld skal me berre rundt hjørna for ein matbete deretter rett heim.


I går kveld hadde me ei viktig oppgåve som me var spente på om kunne gjennomførast. Hadde Antonio klart å skaffe to hekla 90x90 dukar. Sist me var der var han utseld men lovde på tru og æra at han skulle klara å skaffa to gjennom ein kollega. Som de ser hadde han skaffa dukane, dei ligg fint innpakka på bordet. I tillegg har han med ein duk over armen, heftig argumenterande for at det blir aldrig for mange salongborddukar i ein heim langt mot nord. Det blei ikkje meir dukhandel enn dei to planlagde, men som de ser er både kjøpar og seljar strålande fornøgde med handelen.


Etter middag og dukhandel gjekk  turen dei fåe stega vidare til Hurtigruta. Ein norsk pub som har eksistert i mange tiår. I år har dei flytta og dette var fyrste vitjinga vår til den nye staden. Om det skulle interressera, Irish Coffe, Vetrano, Baileys og kaffi var menyen vår her. Visste de forresten at nordmenn er dei fjerde mest baileys-drikkande folk iverda, målt pr innbyggar.

Me er alltid i trygge hender når me gjer oss i vegen på heimtur. Her er skiltinga i orden der me kryssar gata utanfor Hurtigruta.


 Kjøpesentert Yumbo er det største her på Playa del Ingles. Om kvelden er det eit yrande liv til langt på natt. Eg og Alice la heimturen ein omveg gjennom her for å lodde stemninga. Heldigvis vart me ikkje freista til anna enn å sjå, ikkje røre.

 Med eit bilete av gradestokken i det me nådde inngangen til buplassen vår i 23.30 tida takkar me for i dag. I morgon kveld skal me til Puerto Rico for å treffe kjenningar heimanfrå, men før det kjem det ei oppdatering til frå oss.








tirsdag 25. mars 2014

Tysdag og nedtellinga startar snart.


Gårdagens dukhandel gjekk i vasken. Det er den "triste" meldinga frå vårt besøk på Spisestua. Han Antonio hadde gått tom for hekla 90x90 dukar og var ærleg lei seg for det. Men det er lys i tunellen. Han skulle skaffe to dukar til i kveld. Då ber turen nok ein gang til samme serveringstaden for å avslutta det lenge planlagde innkjøpet.
Men turen var ikkje heilt bortkasta. Me fekk oss ein god middag, kyllingspidd for min del. Me kom heim med nyinnkjøpte smykker til damene og eg kjøpte meg ei klokke.

I dag har me vore late. Ingen organisert utfart så langt i dag, men eg tok meg ein roleg rusletur til San Fernando der lokalbefolkningen bur. Me bur like i utkanten av det området. Det er berre ein firefelts veg med gangbruer over som skil oss. Biletet over viser typiske bustadblokker av nyare dato.


Den eldre busetnaden ber preg av å ha komme opp noko tilfeldig og er etter kvart vorte utvida både i høgde og bredde etter behov. Kanskje ikkje etter arkitektar sitt ynskje, men idyllisk på sin måte.


Her er eit eksempel frå det ein kan kalle rekkehus av aller nyaste type. Desse har både store og romslege inngangsparti i forhold til den eldre bebyggelsen, men når bilen også nermast er vorten familiemedlem og ikkje kan settast att på gata blir det ikke mykje plass att.

På min veg passerte eg også ein bensinstasjon. Som de ser er drivstoffprisane absolutt å leve med sjølv om vekslingskursen ikkje er i vår favør for tida. Med minibankkursen lagt til grunn er literprisen på diesel kr 9,00 og 95 oktan bensin kr 9,25.

Det er ikkje berre me turistane som har tilgang til symjebasseng. Dette anlegget kom eg forbi på min heimveg. Må vere fint å bu på ein stad med utandørs symjeanlegg like rundt hjørna og sommar heile året.

Som me alle veit er det nedgangstider i Spania for tida. Det syner også her. Dette er av dei oppslaga som er mest å sjå på leiligheitar og butikklokaler rundt i San Fernando for tida. Det eine betyr til salgs og det andre til leige. 

På heimveg kom eg over denne koselege meldinga på ein "gradestokk" med ei bumaskin av aller største merke som bakgrunn.

Eit og anna morosamt reklameskilt kjem ein også over på sin veg. Dette henvender seg sikkert ikkje fyrst og fremst til eit norsk publikum.

Så var turen over og eg nerma meg vårt eige vesle krypinn og der var allt ved det gamle. Om eit par timar set me kursen mot Spisestua for nytt forsøk på dukhandel. Korleis det går skal de få høyre i morgon.

mandag 24. mars 2014

Mandag men ikkje blå.


 Gårdagen vart avslutta ein søndag verdig. Berre ein liten tur rundt hjørna for eit middagsmåltid avslutta med ein standard dram (bilete). Dette er noko me får "på huset" når me betalar for oss. Smaken er ikkje ulik karamellsaus så i går erstatta den desserten.
Det vart deretter tidleg i seng noko som resulterte at eg hadde fått nok av sengeligge kl 7 i dag tidleg.


 Heller ikkje dagen i dag har hatt i seg dei store utfordringane. Ein einsleg morgontur rundt i bilforhandlar-gatene i San Fernando for deretter å ta turen ned til stamkafeen vår ved stranda er allt me har føreteke oss i dag. Som de ser fekk me også i dag vindaugeplass så dette er i våre auger jamngodt med strandliv.
 Litt vind og relativt mykje sjø stansa ikkje folk frå å bade. Også rekka med turgåarar som nyttar stranda var både lang og folkerik i dag.


Sidan det ikkje er noko vidare å rapportera om frå vårt daglegliv vil eg i dag nytta høvet til å oppdatere dei av mine lesarar som er relativt kjende her nede, men ikke har vore her i det siste.
 I år er det mykje oppgradering av gatene på gang. Både asfalt og fortausheller blir fjerna i mange av dei gatene og områda som er mest nytta av fotgjengarar. Nye fortau blir deretter laga minst dobbelt så breie som tidlegare.
 Biletet over viser krysset der bakken ned mot stranda byrjar. Dette biletet er teke for nokre dagar sidan. Då me gjekk forbi der i dag var jobben ferdig.
 Desse to bileta over og under er frå området rundt kjøpesenteret Kasbah. Her er alle gatene oppgrevne og dei er i full gang med hellelegging og muring så heile området får ein betydeleg oppgradering og blir mykje meir fotgjengarvennleg.  Biletet under viser den store rundkøyringa utanfor øverste inngangen der mest heile området no blir forbeholdt fotgjengarar.

Dette får vere nok for i dag. Det kveldar snart og då er tida inne for middag. Tilbereding av middag overlet me til dei profesjonelle kvar dag. Kven som får oppdraget er ikkje bestemt enno.

PS Siste nytt: Det blir middag på Spisestuen og kanskje ein handel med dukseljar Antonio i kveld.

søndag 23. mars 2014

Søndag med spasertur til San Fernando

Søndagen starta med overskya himmel i dag. Kanskje var det derfor at Alice også ville vera med på vår daglege fottur. Det viste seg at skylaget var forbigåande og før me hadde fått på skoa var himmelen blå att, slik den har vore heilt sidan me kom hit for over ei veke sidan.

I dag gjekk den daglege fotturen vår til det området som lokalbefolkningen her bur i. Området heiter San Fernando og ligg nord for turistområda. Biletet over viser ein lokal loppemarknad me kom over ved ein tilfeldigheit. Ein ny rundkøyring gjorde at me svinga eit kryss før planlagt og hamna altså midt oppi denne søndagsaktiviteten.

 Som bileta viser er utvalet og mangfalde stort. Både nye og brukte varer var for sal. Her var det mykje klede og skor, her var det koppar og kar, verktøy, ei mengde bruktbøker og ei uendeleg mengde anna. Storleiken og stemninga er ikkje på nokon måte mogeleg å gjenskapa på eit par tre bileter.

 På vår tur vidare passerte me den lokale brannstasjonen. Bomberos er ikkje så militant som det ved  fyrste augnekast kan sjå ut som Det tyder rett og slett brannmenn.

Så gjekk turen gjennom ein stor park med dette svære amfiet. Eg tykkje eg dreg kjenskap på den einslege publikummaren som sit der og ventar på neste forestilling.

 Turen vidare gjekk parkområdet til endes. Som de ser er her grønt og fint og svært velstellt. Me skal hugse på at her er eigentleg ørken. Det er månader mellom kvar gang det regnar så det er ingenting anna enn ei og anna palma som held seg grøn utan forholdsvis intensiv vatning og vatn er eit produkt det er lite av og som er relativt dyrt. Ein god del av springvatnet kjem frå avsalta sjøvatn.

Parken er svært populær å nytte til utfluktstad for lokalbefolkningen. På fridagar som i dag på søndag ved middagstid var det fleire stadar at heile storfamiliar hadde ordna seg til med matlaging og festleg samkomme for både liten og stor, ung og gammal.

Kvelden i går vart det kinamat på menyen for meg og Alice før me hamna på Naboen. Der hadde vårt reisefølgje drege før oss for å sjå fotballkamp på TV. Då me kom dit møtte me og på eit par andre kjenningar heimafrå. Sjølv om me alltid seier at det ikkje er for å treffe kjentfolk heimanfrå me dreg på ferie så er det alltid eit hyggjeleg avbrekk med ein prat når det passar seg slik og me vart sitjande til langt på natt.

Kva kvelden som no ligg føre oss vil bringe veit eg ikkje enno.

lørdag 22. mars 2014

Laurdag og halvegs

Tida går fort. I dag er det ei veke sidan ferien starta og me har ei veke att til me må snu nasen mot nord. Me har vore heldige som slapp unna siste vinterværet og håpar våren er kommen innan neste helg.

Gårdagens middag vart innteken rett rundt hjørna her på enklaste vis. Hovudretten vart for min del ein enkel pastarett. På enklaste vis er kanskje litt missvisande då desserten vart karamellpudding, irish coffe og resten av raudvinen frå middagen. Eg kan love at dette ikkje vert  standarden for eit enkelt måltid når me kjem heim.

 I dag har turen som vanleg gått til strandsona med heimvegen lagt i ein omveg opp desse trappene frå handlegata. Deretter gjekk me gangvegen ut til hotellet vist på biletet under. Det heiter Hotel Riu Palace Maspalomas og er eit av dei finaste hotella her.

Dagens storhending er hueinnkjøp. Eg har investert i ny caps etter at den forrige bles på fjorden ein sein nattetime i fjor sommar i båt frå Skjolden til Luster.

Kva kvelden vil bringe veit eg ikkje enno men det høyrest ut som at ein del av reisefølgjet har planar om å oververe ein viss engelsk fotballkamp på tv.

fredag 21. mars 2014

Fredag

Torsdagskvelden vart nytta som antyda i siste blogg. Det blei tur på oss alle seks til Kasbah og pizza på Padaban. 
Deretter vart det tidleg avskil med dei to systrene Solvoll frå nabobygda og så rett heim og i seng for oss alle.
Bileter frå kveldens matøkt har eg ikkje, men eit bilete frå midt på dagen får duga. Dei som sjølve har vitja Playa del Ingles kjenner sikkert denne plassen. Dansegolvet på Kasbah der det yrer av danseglade i alle aldrar og med alle slags dansekunnskapar kvar einaste kveld. Her ligg han aude og nerast forleten. Berre ein einsleg kar sit der, kanskje drøymande om den kvelden han svinga sin dame så yndig og lett.


Naboen til Kasbah, kjøpesenteret Metro er i ein elendig forfatning. Her var det brann for eit års tid sidan og ingenting er gjort sidan. No er dei fleste flytta herifrå også frå det som ikkje er direkte skada av brannen. Me ser i dei lokale avisene at det er planar om ei større renovering her så dette vert nok etter kvart rive.

 Den norske brune puben Hurtigruta har også gjeve opp her og er flytta til andre sida av byen i nerleiken av hotellet og danserestauranten Playa del Sol


Så nokre ord om vår spasertur i dag. Etter fleire giddalause dagar bestemde me oss for å dra på langtur i dag. Her ser de frå starten på turen vår, fyrste delen av strandpromenaden mot San Augustin.


Halvveges framme kunne me konstatere at byggverket i sand som før har vore avbilda halvferdig, er ferdig. Som de ser har det vore ei lokal snøbye her også




Etter ein god time rask gange var me tilendes på stien. Den endar opp i ein hotellhage der det er nokre bord for tyrste gåturistar også. Her ser de utsikt frå bordet vårt. Det er Playa del Ingles de ser i det fjerne.

På heimveg kunne me konstatere at også den lokale Røde Kors avdelinga har plukka fram scooteren sin. Kanskje det er snøfallet på sandslottet som har sett dei i beredskap.

Nok tullprat, no nermar kvelden seg her. Sola nermar seg horisonten og familiens soltilbadar har vendt attende frå sin faste plass langs bassengkanten. No står det berre att å komme seg ut på byen for eit middagsmåltid. Noko rangling trur eg ikkje det blir. Det vil forresten visa seg i morgon på denne tid.
Takk for merksemda, me tenkjer på dykk heime i vinterveret.