tirsdag 31. juli 2018

Dag 3, tysdag.


 Med stadig samme varme,fine veret tok me ein kveldstur ned til Elben i går kveld. Temperaturen har vore langt opp mot tredve grader til seint på kveld sidan me kom hit.
Som de ser er det normalt mykje vatn i elva her, men det skuldast sluser lengre nord der dei slepp minimalt med vatn gjennom. Nordanfor der er nivået fleire meter under normal og alle elvebåtane låg i opplag. Av den grunn vart det heller ikkje nokon båttur på oss i dag.

 Det vart derimot buss heile vegen til Dresden.

 Byen vart bomba til ikkje eit hus stod att i sluttfasen av andre verdskrigen, men svært mykje er bygd opp att slik det var.  Her er eit par vilkårlege bilete frå vår vandring.



Hovudmålet med turen var nok Dresden Frauenkirche. Denne vart bomba til berre ein steinhaug låg att i januar 1945.  I 1994, fire år etter at Tyskland var eit land att, starta oppattbygginga og i 2006 var arbeidet ferdig. De kan sjå dei mørke steinane er orginale steinar plukka frå ruinane medan dei lyse er nye.
Slik se kyrkja ut inni.




 Etter kyrkjebesøket hadde me ein god time til lunch og her er nokon bileter frå vår ferd i Dresden på eigahand.





Me avslutta dagen med lunch på serveringstaden merka med raud kryss nederst til høgre. Sjølve måltidet vart innteke innandørs, men eg kunne ikkje dy meg for å vise det staseleg nabolaget vårt.

Så gjekk turen i drivande fart heim att til Hotel Lev. Undervegs låg temperaturen på mellom 34 og 38 grader heile vegen så i bygatene har det sikkert vore over 40 grader.

No er det middag kl 19.00 Deretter avslapning og kanskje "en lille en"  til den danske guiden si ære.

Takk for i dag.

mandag 30. juli 2018

Ut på tur dag 2.

I går kveld var me ein liten tur rundt i byen her me bur og i ein park fann me desse sitata. Som de ser har Henrik Ibsen toppa ei grei rekke likemenn. Eg prøvde meg med Google oversetter og det går som de sikkert veit ikkje alltid like bra. Her er resultatet: "Hunden må aldri ha på seg sine beste bukser når han kommer til kampen for sannhetens frihet." Kanskje kan kveldens quiz der heime vere: Hva var det Ibsen eigentleg skreiv.

 Dagens utfart gjekk fyrst til nabobyen Litomerice for å beskue ein stengd katedral. Deretter bar det ut på bygda til omvisning og vinsmaking på vingard.

 Seks ymse vinsortar, dei fleste kvite, fekk me ein smak av før og under lunchen som var av villsvin. Desse flaskene var ikkje på bordet¨. Dette var levningar frå vinproduksjonens storheitstid under Sovjet-tida.

 Så nokre bileter for dei spesiellt interresserte. Eg likar å oppsøke gravplassane der eg fer på ukjende stadar. Dette er største av fleire i småbyen Lovosice som me bur i.

 Den mest arealeffektive delen såg slik ut. Det verka som at det er vanleg med kremasjon her for dette er alle urnegraver.

 I dei fleste stadar i verda ser ein også forskjelen på "fattig og rik" svært tydeleg på slike stadar. Her er staden for dei menige.

 Medan slik ser det ut der dei minnast dei velståande.


Medan nåkon fåe får ein heil liten kyrkjegard for seg sjølve.


Men sjølv dei er avhenginge av etterkommarar med vilje og evne til å halda minnet i hevd.

 Til sist eit bilete av ein ung kar som har teke vare på eit bilminne frå kommunisttida. Polski Fiat kalla me dei. Kanskje nokon av dei bilkunnige kan fortelje noko om dette ikonet av ein bil.

Eigaren fekk i alle fall tommel opp frå meg og det likte han.

I morgon er det tidleg opp og kanskje båttur på elva. Det har vore turke i fleire år her og vasstanden i elva Elben er så låg at det kanskje ikkje let seg gjere i morgon. Korleis det går skal de få vete i morgon kveld.


Takk for i dag






søndag 29. juli 2018

Pensjonisttur til Tsjekkia, dag 1.

 Slik starta sommarens pensjonisttur med Vitus reiser. Etter biltur til Bergen i går starta dagen med ombordstigning bak i flyet ved fyrste forsøk. Fordi, etter at me hadde sett oss godt til rett i flyet og det nerma seg avgang kom beskjeden om at ein person hadde komme seg ureglementert forbi sikkerheitskontrollen og me måtte forlata flyet for ny sikkerheitssjekk. Alle utanlandsfly og heile utanlandsterminalen måtte tømmast og alle måtte gjennom "gjennomlysinga" att.

 Slik såg køen ut då alle hadde komme seg til innsjekkingshallen. Etter godt og vel ein time i kø var me klare for ny ombordstigning, ein og ein halv time etter ruta.

 Etter å ha råfloge over halve Europa hadde kapteinen teke inn att 20 minuttar av forsenkinga då me segla inn mot flyplassen der me såg Praha breie seg ut i det fjerne.

 Norsktalande guide stod det i annonsen men han er dansktalande danske. Eg trur ikkje alle fekk med seg så mykje av det han fortalde om på den ein time lange bussturen fram til hotellet der me skal bu.
Me er tredve stykker som reiser i lag og som bur på dette trivelege hotellet.

No har me vore på kjøpesenter for å veksle oss litt lommepengar og handla drikke og snop.
Denne 2000 korunaren er verd ca 800 kroner og der held lenge. Runden på butikken i dag kom på ca 55 kroner der halvdelen var ein boks pringles som kosta tre gonger så mykje som ei flaske lokalt øl.

No er det middag. I morgon vert det ut på tur, så ser me om det vert tid og inspirasjon til å melda siste nytt om turen vår i dagane som kjem.