onsdag 6. september 2023

dag 6. Siste dagen.

 


Siste dag på ferieturen vår til Kreta har eg rusla mykje for meg sjølv. Eg kryssa motorvegen med mål om å finne dei smale vegane gjennom olivenlundane.


Det viste seg fort at eg var på rett veg. No er det ikkje slik at eg har all æra for det, google map er ein god føljesvein på ukjende vegar.



Denne stammen har nok bore mange titalls, ja sikkert hundretals årgangar med olivenar.

Ein tur på den lokale gravlunden er obligatorisk når ein får eit opphald på nye stadar, langt nok til at det vert tid til slikt.

Slik gjer dei det her. Den gresk ortodokse kyrkja er statskyrkja her og den som mest alle her  reknar som sin religion. 




Dette bygget stod i enden av gravplassen. Det hadde sett betre dagar, var sprukke sund i alle retningar og trea rundt var i ferd med å få overtaket. Det var tydelegvis ikkje i bruk.


Så traska eg vidare på mi ferd. Passeleg eksotisk der eg måtte trø forsiktig for ikkje å skli i nedfalls-fikenar og daude kattar.

Så gjekk vegen vidare og snart såg eg porten under motorvegen og inn i sivilisasjonen att.


Der trefte eg på denne kyrkja. Bygd på slutten av 1970 talet om eg ikkje hugsar heilt feil.

I ein by som vart planlagt og bygd lenge før bilen si tid og med sjåførar med eit avslappa forhold til trafikkreglar vert det mykje fantasirik parkering. Her er fire bileter frå mi ferd i dag. Eg kunne lett funne førti.




Turen min i dag vart avslutta med gresk omelett. No ventar eg dei tre andre i reisefyljet attende frå badestranda. 

Så vert det felles middag 10 - 12 stykker i lag. I morgon ber det på heimveg, me reknar å vere i Luster til leggetid i morgon kveld.

Takk for oss frå denne turen.









tirsdag 5. september 2023

Dag 5. Ut på tur

 

Rethymno vert ofte forbinda med den lange strandpromenaden med hotell, serveringsstadar, bilveg med mykje trafikk og sandstrand. Det har vel også komme fram i denne bloggserien. Men det er også ein del som strekker seg frå enden av promenaden og langt austover.  Her er det ingen veg i det heile Her ligg hotella og serveringstadane heilt i stranda og du går rett frå hotelldøra og ut i sanden, så å seia. 

Strendene dei strekker seg kilometervis austover,

I dag har me vore på busstur. Det går sightseeing-bussar i ei sløyfe gjennom byen, opp bakkane med toppunkt ved eit krigsmuseum og nedatt til byen.  Bussen har mange stoppeplassar undervegs der du kan gå av og sjå deg omkring og gå på neste buss som kjem med ca 45 minuttar mellomrom.


For ein aktiv og ein pensjonert lastebilsjåfør var bilturen også verd å observere. Det var stor trafikk nokon stadar, skrekkeleg smalt og stor trafikk andre stadar men vår stødige sjåfør manøverte dobbeltdekkaren sin med stø hand og litt luft mellom bussen og omjevnadane heile turen.


Museet hadde vore med i krigshendingar i fleire hundre år, men i fyrste del av 2. verdskrig var det viktige slag her mellom nazityskland og allierte troppar. Krigsmateriell var det også utstillt ute. Dette helikopteret hadde vore del av Hellas sin hær på 1960 talet.


Eit lite einmotors fly, sikkert brukt til observasjonar, var også utstillt. Som de ser var det enkelte av reisefyljet som hadde heilt andre ting i tankane enn dette stilige flyet.


Blomsterprakt er det mykje av her på øya. Dette treet som me fauk forbi med bussen vår får vere eit eksempel på det.


Så var me på veg ned til bysentrum att og turen var slutt


Om ikkje små fly skapte den store interressa så gjorde megastore meloner det. 


Me er no starta nedtellinga til heimreise og Jakob er sett på avvenningskur.

Takk for i dag.





mandag 4. september 2023

Dag 4. Kviledag

 

Det de ser her er eit av areala på badestranda som er avsperra til utklekking av skilpadde-egg. Som de sikkert veit kryp skilpaddene på land og legg egga sine nedgraven i sanden og her ser det ut for at befolkninga, både fastbuande og turistar, tek godt vare på dei.


Frå hendingane i går kveld vel eg å servere dykk ein video som viser ein måte å lage i stand irish coffee.  Min, til no, favorittkelnar til å lage denne drikkevara har fått ein konkurrent i denne dama. Slik er det og det må me berre leve med.


Slik såg den ut etter fyrste smaksprøven og den var like god som den var underhaldande tilbereda.


Siste biletet i dag er frå den vesle feiringa me hadde på heimveg i går. Kva me feira veit eg ikkje men dama i baren gjorde ein lystig kveld enno eit par knepp lystigare og takk for det.

I dag har forfattaren berre lata seg i rimeleg nerheit til hotellrommet så meir er det ikke å melda om. Det går også mot at me tek middagen heime på hotellet, me fire i lag, i kveld.

No er det berre to heile dagar att av tida vår her nede i sola. Torsdag klokka 10.30 kjem drosjen og hentar oss og køyrer oss til flyplassen. 

Takk for i dag.


søndag 3. september 2023

Dag 4 Festelege samkomer.

 


Denne dagens blogg må starte med Oppdrag utført. Reiseføljet hadde teke på seg å utbringe ein skål på vegne av Laila. Det er no gjort med glede og stor innlevelse.
Kven Laila det er veit berre Laila sjølv.


Det er ei gruppe årdøler her som me brukar mykje av kveldsmålitda i lag med. Her er me fotografert i samla flokk rundt middagsbordet den fyrste heile dagen her nede. 


I går kveld samla me oss hos denne karen. Alle lustringar som har vore på byen i Rethymno kjenner visst han. Speloppmakar og restauranteigar Manolis.

Både underhaldninga og maten var av beste slag. Eg valde meg peparbiff og var godt i gang med måltidet før eg kom på at eg skulle fotografere.


Og før me drog avgarde til etterpå-selskap fekk Manolis ein selfi i lag med meg.

Etterselskapet vart halde utanfor ei lita sjappe oppe i byen som fyrst og fremst er berekna på lokalbefolkninga. Så har det seg slik at midt på dagen er eigaren kelnar på ein restaurant nede på stranpromenaden det me ofte samlast for lunch. Ein litt skrålande gjeng frå Årdal/Luster vart godt mottekne.


I dag skulle det, i følje yr, bli ein regnversdag. Det vart det ikkje men vinden som holdt skyene vekke laga også så store byljer at det var raudt flagg og bading "forbudt" heile dage.


Men solbading var fullt lovleg.

I dag har me vore i gamlebyen og handla litt av kvart. I kveld skal me samlast elleve stykker til middag.

Takk for i dag.




















lørdag 2. september 2023

Dag 3 starta med datakresj heimanfrå


 


Dagen i dag starta med  eit eller anna som hadde gått galt under eller etter nattsendinga på Radio Luster fredag kveld. Det var stilt på radioen og ingen reprisefil å finne. Det er ikkje mykje å gjere med trur eg så me får prøve å gjere det betre neste fredag. Reportasjane og intervjua fann me att, dei finn de på radioluster.no


Så til kvardagen på Kreta. Eg trur eg var nett inne på det ein dag før, at eg leita etter ein veg "ut i naturen". I dag fann eg ein av mogelegheitane og det var denne.


Vegen opp gjekk gjennom ein olivenhage. Eg var litt usikker på kva det var men etter litt googling var det ikkje tvil:
På Kreta er det ca. 35 millioner oliventrær, det høstes rundt 80.- 120.000 tonn oliven hvert år, og 65 % av øya er dekket av oliventrær! Kreta står for 1/3 av landets produksjon av olivenolje, og 90 % av den er ekstra virgin. Innhøstingen pågår hele vinteren, avhengig av typen oliven og mengden av trær den enkelte eier.


Olivenane var knøttsmå enno men sidan dei har eit par tre månadar att til innhausting vert dei vel modne i år også. 
Men det var utsikta eg var ute etter og her kjem den i den grad den kan attgjevast på tre foto frå amatørhand.






Vel nede i sivilisasjonen att tok eg turen innom ein svær kolonialforretning. Mangt kan seiast om å finne fram på ein slik stad når ein ikkje sjønar verken språk eller bokstavar, men at dei har greie på kvitost her det er sikkert.


Til sist eit lite stikk til turoperatøren min Ving, Me bur greit, søv godt og et godt, men skal ein kalle dette havutsikt må ein ha betre fantasi enn eg klarar å trylle fram.

Takk for i dag.

fredag 1. september 2023

Dag 2. Den fyrste heile dagen.

 

Dette er gjengen eg er på tur med i år.  Etter ein roleg kveld med middag på hotellet var vi i dag alle klar for ein dag på byen . Turen gjekk til same stad som i går. Der er det ordna slik at serveringstadane langs strandpromenaden disponerar også stranda rett over vegen. Der kan vi tinge både drikkevarer og visst nok også smårettar, levert under parasollen nede ved stranda.


Slik såg min stad i sola ut. Eg ser at eg har røpa meg med fotavtrykk av alt anna enn badeskor. Grunnen er at eg ynskte meg ein spasertur gatelangs før badelivet tok til.

Det er ein gjeng indresogningar som samlast her nede til denne tid på året. Herreavdelinga har som fast rituale å samlast rundt dette bordet til halvtolvpils. Her er dei samla der eg også, sjølv om eg er fyrstereis, fekk delta.

Deretter gjekk turen gatelangs. Den fyrste observasjonen eg gjorde var at det var berre "pinglene" blandt mennene og litt fleire damer som nytta hjelm på motoriserte tohjulingar. Mitt subjektive overslag er at ca 50% av førarane av moped eller motorsykkel nyttar hjelm og ca 10% av passasjerane gjer det same.

På min tur gjennom deler av byen  litt utafor allfarveg for turistar kom eg over denne velassorterte frukt og grønt butikken.

Målet mitt for turen var å komme meg ut i naturen, altså kunne trø på anna enn asfalt og betong. Det neraste eg kom var denne hønsegarden.



Så turen gjekk til slutt strake vegen attende til soltilbedarane på stranda. Inne i denne parasollskogen ligg dei. 



Og her er beviset på at også eg har bada i dag.  

Takk for i dag.