mandag 31. mars 2008

Ein test

Dette er ein test om ei får lagt ut bileter. Dette er uteplassen vår

Og dette gjekk fint. No er eg inne frá automatmaskin og redigerar. Biletet og den fyrste skrifta var sendt med mobiltelefon. No skal det bli andre boller.

Mandag

Fyrst ei ársaking for mykje stavefeil. Det gár fort i svingane nár ein set og skriv med tikkande myntautoomat i bakgrunnen sá alle feil er ikkje manglande skrivekunnskap.

I dag tok eg og KA den lange strandture. Me gjekk landevegen gjennom Maspalomas til Faro ein gord times rask spasering. Der vart det eit velfortent holdt med noko attát. Deretter gjekk me stranda attende til Playa. dwet vart ikkje berre ein lysttur. Det bles mykje og fyrste delen fekk me vindden frá sanddynene sá det vart mykje sand báde utanpá og inni. Lyspunktet er som alltid pá denne strekninga turen gjennom nudistomrádet.
Gjennomsnittalderen er nok sikkert ner 20 over vár (altsá 75+) men alikevel. Ein fár i alle fall eit innblikk i kva ein má veja seg til av synsinntrykk om ein nokon gong skulle enda opp som hjelpepleiar pá sjukeheim.
Kanskje ein tur til Playa kunne vore del av utdanninga som ein herdeprosess for dei unge elevane.

I morgon vil i alle fall eg ta det med ro og pleia den vonde ryggen min. Isjasen vil ikkje gje seg, men det er bra sá lenge eg gár. I morgon vil eg kvile og rusle rundt i nabolaget her og lata ryggen styra átferda.

Alice slit ogsá med kinken sin men det gár framover.

Det er heilt ok om me fár eit livsteikn frá nokon av dykk, enten ved á logga dykk pá med kommentar eller nokon ord til finn.skare@gmail.com

Takk for i dag.

søndag 30. mars 2008

Soendag paaPlaya del Ingles

I dag har me gjort nett det same som i gàr.. Det som er nytt er at Alice fekk seg eit hekseskudd eller liknande i gàr kveld. Me er begge betre i dag, men alderen kjem ikkje aleine. Planane for dei neste dagane er ein tur til Agurugin? for à gà ein tur pà turstiane der ute. Om ikkje damene vil vere med til fjells kan dei sikkert bruke tida til handling. Me har ogsà pà programmet ein tur til Vecendario for à kjoepa sko pà ein skofabrikk/utsal i nerheiten av kjoepesenteret der.. Mest om framtida i dag, men det skal vel heller ikkje skje sà mykje pà ein soendag.

lørdag 29. mars 2008

Laurdagsbloggen

Her tek me ikkje hensyn til om det er kvardag eller helg. Me gjer det same kvar dag, nemleg ingenting. I dag har eg og Knut A vore ein tur paa stranda. Der tok me oss ein pils eller to for deretter aa ta ein omveg heimatt. Damene har nytta heile dagen horisontalt ved bassenget. Saa fasiten for denne dagen faar bli at me har gjort det me kan best alle i dag.
PS Plagast lt med ryggen (isjas) for fyrste gong i mitt liv pà ordentleg, men det gàr seg vel til .
Det var allt for i dag.

fredag 28. mars 2008

Dag 3 paa Gran Canary

I dag har me vore paa utflukt til Puerto de Mogan. Fin tur med fint vaer, men akk saa mykje folk. Det var tydeleg at mange tenkte som oss i dag. Det var nemleg daarlege vaermeldingar for Playa i dag . Det gaar to bussar i timen alikevel maatte det 3 fulle bussar til for aa ta unna den ruta me tok. No er me komne i hus att og gjer oss klare til ein tur med pizza og beer i poolbaren her heime. Fekk melding heimanfraa at de har hatt snoefall i natt. Det er for aa sei som sant er godt aa hoeyra naar me har reist saa langt for aa sleppa unna.
Takk for i dag..

torsdag 27. mars 2008

Dag 2

Ny dag med straalande vaer. I gaar bles det noko, men i dag vakna me til knallblaa himmel, blekkstille og +25 fraa morgonen av.
No skal damene til bassenget for aa sola seg og me karadn skal paa byen for aa faa oss ein iskals pils.
Eg arbeidar med aa faa bileter fraa dette slaraffenlivet paa bloggen ogsaa, men har ikkje heilt faat det til enno.

onsdag 26. mars 2008

Endeleg

Me er framme og allt er vel, baade med oss og temperaturen (+28)

Har vore paa coopen og handla 1 l cognac til kr 63.-
og litt mat.

Kjem meir naar me kjem i orden.

tirsdag 25. mars 2008

No dreg me















I kveld dreg me frå kulde og snø.
Klokka 7 i morgon tidleg lettar flyet vårt med kurs for Aeropurto Las Palmas