tirsdag 31. januar 2023

Dag 13. Takk for oss.


 Medan dagens siste solstrålar varmar oss på feriens siste heile dag, går eg inn og set meg til datamaskina att.

Slik ser skrivestova ut. I morgon, onsdag 01. februar 2023 klokka 13.10 kjem bussen og hentar oss og bringar oss til flyplassen. Klokka 16.05 kanarisk tid, skal flyet lette med kurs for Flesland, der me skal lande klokka 22.35 norsk tid.

Dette er fyrste gongen me har reist til varmare land på denne tida av året, altså på det aller kaldaste. Forskjellen på norsk og kanarisk ver har nok vore vel så stor i år som dei åra me har reist i mars. Dette var eit forsøk bevisst gjort for å teste ut sommar i januar. Det har ikkje vore heilt vellukka må me tilstå. Me har hatt det fint, like fint som på fine sommardagar heime i Luster, men me kjem neppe til å gjere det omatt. Det har vore timar og dagar med steikande sol, men ikkje mange nok.

Med eit bilete lagt ut 31. mars 2008, det aller fyrste biletet eg fekk til å legge ut på blogg herifrå, avsluttar eg for i år. 

Det går rykter om at det vert planlagt reise til varmare strøk til hausten også. Kanskje det vert reisebrev derifrå også Time vil sjov. 

Kona og eg takkar for oppmøte kvar kveld me har lagt ut rapportane våre. Det har vore mellom 100 og 200 i talet kvar dag.

Så snakkast me kanskje allt torsdag kveld i Luster. Fredag vert det nattradio med Kristen, Asbjørg og Erling og laurdag klokka 19.00 opnar Lustrabui dørane for QUIZ klokka 20.00.

Takk for oss.




søndag 29. januar 2023

Dag 11. Me lengtar litt heim.


Eg veit ikkje om det er heilt lov å sei det, men no er me litt leie og lengtar heim. 
Men eg får ta meg i saman og skrive nokre ord om korleis me har det likevel. Fredag var me på denne restauranten og åt middag. El Rancho heiter den og ligg i kjellaretasjen på hotellet Maritim Playa, rett over gata for Kasbah for dei som i blandt er på desse trakter og treng eit tips.


God mat og hyggjeleg stad å vere.


I går, laurdag, drog me til Puerto Rico. Me tok bussen og der er det enno munnbindpåbod. Men kva gjer vel det når ein kler det så godt. Eg ser ut som ein røynd hjernekirurg og har sjefssjukepleiaren ved mi side.


Som regel er bussane stappande fulle, gjerne med ståplassar på store deler av turen, men på akkurat denne ruta var det god plass.
 

Som regel er det for å treffe kjendtfolk heimanfrå me dreg ut hit, men i år veit me ikkje om nokon kjenningar som er her samstundes med oss. Det kan vere det same også, for det er mykje finare her seinare på året. Når mars månad er kommen kjem me ikkje langt på senteret her i 20 tida om kvelden før ein eller annan kjenning er å sjå (og høyre 😂).


Me desse blomane i Puerto Rico seier me takk for i dag, så kjem det nok ein blogg til men neppe før på vår siste heile dag her nede, som er tysdag.


 

fredag 27. januar 2023

Dag 9. Kanskje den finaste dagen så langt.




Me får starte med maten denne dagen også. I går kveld gjekk turen rett bort i gata til El Rodeo. Mest av allt fordi dei har ordentleg hus å sitja i. Det meste skjer meir eller mindre  utandørs her, men i går kveld var det så kaldt at me ynskte å sitte inne i eit rom med dørar og ordentlege vegger.


Før me hadde bestillt anna enn drikkevarer kom denne vesle skorpa på bordet til oss. Greit å ha noko å gjere på medan ein ventar på kelnaren.

Det vert mykje mat på desse turane. Mykje drikke også for resten. Øl til mest alle måltida er ikkje daglegkost heime og det skal me vere glade for. I dag ville me satse på snitsel og pommes frites. Eit enkelt og ikkje for stort måltid tenkte me så me kosta på oss kvart sitt kvitløksbrød mens me venta på hovudretten.


Så kom hovudretten på bordet. Det var ikkje ein middagstallerken dei kom med, men eit heilt serveringsbrett i storleik. Til og med ein topp med ris hadde dei funne plass til. tankelesar tenkte eg, eg likar ris.


Så til turen min i dag. I dag gjekk eg til San Fernando, den bydelen der lokalbefolkningen bur i. Fyrst måtte eg sjølvsagt oppsøke bilgata der dei fleste bilforhandlarane og bilverkstadane held til.


He får de ei rekke med bileter frå der dei fleste  bur.








Slik vart dagens rapport frå sydenlivet vårt. I morgon utpå dagen tek me oss ein busstur til Puerto Rico om det vert ver til det. Eg har planar om å bada i bassenget her også. Om veret og viljen spelar på lag vert det kanskje i morgon. Skjer det så lovar eg det skal dokumenterast i morgondagens blogg.

Takk for i dag.

PS Vil med dette gratulere minstemann med dagen i dag.


torsdag 26. januar 2023

Dag 8. Om ei veke er me heimkomne.

 


I går kveld vart det kortreist mat. Rett rundt hjørna og på kinarestauranten.

Fire rettars kallars det vel. Kvar vår vårrull som ventemat og så kjem alle dei tre hovudrettane på bordet samstundes.

Her er me midt i måltidet. Eg har visst ikkje teke meg tid til eit lite opphald under fotograferina ein gong. Til venstre ser de restane etter kyllingretten, i midten er det nautakjøt som det står i den islandske oversettinga og til høgre er anda, dandert så fint før me tok fyrste innhogget.

Etter måltidet og betalinga var gjennomførd kom vertinna med den spanske brandyen Veterano for å by på ein dram som takk for besøket.

Etter maten gjekk turen til Kasbah som er vorte ein vane no. Med kvart vårt glas på bordet, godt i ly for vinden, vart me sittande der og beundra både dei flinke og dei mest modige dansarane til det var tid for å finne loppekassa.

Frua likar seg godt langs bassengkanten og dit gjekk vegen også i dag etter kvart. Det har vore ein fin men svært vindfull dag i dag. I natt rydda vinden alle lause blad frå palmene her.  Eg er no inne i den 37. veka til saman her frå me drog hit for fyrste gong  i 2003. I dag har eg gjort noko for aller fyrste gong. Eg har gått tur i gatene her, på blanke formiddagen, iført langbukser og langarma gensar. 

Vinden og ein litt trøblete fordøying gjorde at eg heldt meg mykje heime i dag så difor vert dette allt for i dag. 

Takk for meg.










onsdag 25. januar 2023

Dag 7. Bingo-dagen heime


I går kveld gjekk turen til Yumbo-senteret for middag på kafe. Retten du ser i bakgrunnen der er lasagne som husets frue valde medan eg valde meg noko me heime ville kalle ravioli. Pastalommar med ymse innhald. Det vart altså ein relativ lett pastarett på oss begge.

Slik såg det ut då eg entra gata i dag føremiddag. Ikkje verst å spankulere i kortbukse gatelangs den 25. januar. Vanlegvis har me reist hit i mars og me merkar godt at dette ikkje er det same. Det bles litt og sola er ikkje så høgt på himmelen no.

Se alquila som betyr til leige og se vende som betyr til salgs er to overskrifter som går att over allt her no. Det er vel  lett å tru at korona-pandemien har mykje av skulda. På desse øyane uti havet lever dei omtrent 100%  av turisme og når alle gjestene vert vekke over natta og ikkje kjem att på eit år og meir, vert det vanskeleg for mange. Dei som har råd til det, fyrst og fremst dei store hotellkjedene, har nytta tida til store opprustingar, men dei mange som lever frå dag til dag var det verre for. Kjøpesenteret Kasbah som var svært så populert for 10 -15 år sidan, slit no med å få handlande innom portane. Det er ikkje stort meir enn to stadar ein kan kjøpe seg ordentleg middag.

Det me i daglegtale kallar Kasbah var eigentleg tre sjølvstendige senter som låg på rekke og rad.  Dette som heiter Metro var det brann i for mange år sidan. Mykje av det brann opp eller fekk store brannskadar, Det er det aldri gjort noko med. Det finns enno nokre få utsalstadar som held ut her, blandt anna Hurtigruta som har vore ein kjær plass for mange normenn.

Dette runde senteret som er bygd i djupna i staden for i høgda  heiter Plaza. Her har det også skranta i mange år. No er det avstengt og ingen aktivitet der.

Til slutt, restauranten Litle Brasil som me har vitja mange gonger er også stengt. Ein kan kanskje håpe det er sesongstengt, men eg trur det ikkje.
Eg har lenger oppe nemt korona som ei årsak til tilbakegang, men ein annan utfordring for restaurantar og kafeteriar er at svært mange har "all inklusiv" som einaste alternativ for dei som leiger seg opphald hos dei. All inklusiv vil sei at leigeprisen omfattar alle måltid. Det vil sei du kan forsyne deg med all mat og drikke du vil eller treng heile døgeret.

Denne litt triste oppdateringa var allt for i dag.
Takk for at du stakk innom.







tirsdag 24. januar 2023

Dag 6. Snart halvveges.

 

I går kveld var me på kjende trakter. Restauranten  Rimini ligg i fyrste etasje til hotellet Corona Blanca som me budde på i 2020.

Og der vart det kvar sin pizza.  Meir er det ikkje å sei om det. Derifrå drog me rett heim og tok tidleg kveld.

I dag drog eg på busstur. Målet var  Arguineguin som ligg ca 10 km herifrå i luftline men bussen snirklar seg fram via den eine omvegen etter den andre så turen tok sikkert 45 minuttar minst. Men turen var fin og eg fekk sett meg omkring.

Målet for turen vart til litt etter kvart, men til slutt enda eg hos Sjømannskyrkja. Det besøket må nok "prestevikaren" Trond, som no er sjømannsprest i Alanya, ha litt ansvar for. Eg følte vel at eg kan ha nytte av å sjå kva ei sjømannskyrkje er når eg møter han neste gong.
Eg bomma litt med biletet, her vart det meir Ristorante enn kyrkje, men ho er der de ser det norske flagget.

Masse folk var samla der og menyen var enkel, vafler og kaffi. Denne dagen hadde dei utvida med sveleproduksjon på fortauet utanfor. Ho som stod for det var til dagleg tilsett på ferja Vestnes - Molde så ho visste kva ho holdt på med.

Det var tre vigsler her denne dagen. Her har eine paret sett seg til bords og ventar berre på gjestene.
Eg fekk også ein god prat med presten her og ei av dei frivillige hjelparane hennar, Dette har eg lydfesta til telefonen min så du skal berre sjå at plutseleg kjem det eit innslag på Radio Luster frå denne delen av jordkloden ein vakker dag.


På veg heim, frå kyrkja til busshaldeplassen, kom eg over dette "badebassenget" Slik kan det også gjerast om ein vil ha badestranda, men ikkje havet.

Det var allt for i dag. Takk for meg.

mandag 23. januar 2023

Dag 5 holdt me oss i ro.

Eg får sei det som det er, dei to føregåande dagane vart det litt meir gåing enn kroppen min likte så i dag har eg for det meste kvilt. I går tok me også kortreist middag. Restauranten Guarapo Jardin del Sol ligg i same huset som me bur i. Den har eit godt rykte på seg og det er fullt der kvar kveld. 

 Sjøtunge og potetmos vart valet mitt.

Ellers kan eg melde attende til LMI at med sjef Jarle på ferie i same del av verda som meg vart det litt heimekontor i dag. Innhenting av tilbod på noko som heiter Garnet og som det er mangel på i desse etter-korona-tider.

Men hovudrapporten i dag vert ein liten presentasjon av der me er. Dette er utsikta vår frå soverommet vårt i andre etasje.

Bygningen er i tre etasjar frå utsida der den anonyme inngangen og resepsjonen ligg. Der er det også både ein relativt stor matbutikk og ei rekke med serveringstadar .

Når me går gjennom bygget, opp ein etasje og ut på andre sida, kjem me inn i solhagen som navnet betyr. Her ligg "leiligheitane" på rekke og rad i ein firkant.

Dette er uteplassen vår. Innanfor er det eit opphaldsrom med kjøkenkrok. I andre etasje er det bad og soverom.

Og her er sjølve sentrumet, badelandet, soleplassen og poolbaren der dei sel både vått og turt, kaldt og varmt.

Til slutt, eg vil påstå at det er svært reint og ryddig i det offentlege rom her. Her er det gatefeiarar som går sine faste rundar og pussar opp etter oss om det er nokon som skulle komme til å miste noko. Kanskje dette biletet er bevis på reinslegheita. Slikt som dette er det skjeldan å sjå. Kan det vere at ein i farten ikkje ser fyrste ordet og ser resten som ei oppmoding?
Takk for i dag.