torsdag 23. juli 2009

Byturblogg


Her kjem nokre ord frå årets avveksling frå bygdelivet i Luster. Som så ofte før har me teke oss 3 -4 dagar i Bergen som ein slags ferietur. Det fyrste me valde å gjera var ein spasertur til Fløyen i beste lustratradisjon. Roleg gange frå mi side og mest like sakte gange frå mi mykje sprekare kone si side. Det vart mykje start og stopp frå hennar side, då det verkar for at ho ikkje har låge nok gir til min fart. Men opp kom me oss, utan ein regndrope i hovudet og nedatturen vart gjort med fløybana.



Me har også kosta på oss litt urbant moro som til dømes raudvin på uterestaurant midt på lyse dagen, peppes pizza og middag på kinarestaurant.
Dagen i dag har gått med til shopping og det blir det også litt av i morgon, då me har tenkt å legga heimturen til Luster innom IKEA i Åsane.

Så er me plutseleg heime att til det kjende og trygge. Laurdag vert det nok te og rosinbolle på Lustrabui og ein prat med tilfeldige kjentfolk.

mandag 22. juni 2009

Norsk Husmannssenter


Eit nasjonalt senter for kunnskapen om husmannsvesenet i Norge kan bli lagt til Luster.
Det er Luster Sogelag som har teke initiativ til dette. Ideen kom etter at dei var komne godt i gang med å bevara Hestaskårane.
No har ei gruppe vore samla for å finna alternative stadar dette senteret kan leggast. Etter forslag frå eigaren, Thomas Dalsøren Jr, er det no bestemt at det soleklare fyrstevalet er Øyrafjøsen. Det skal no takast kontakt med arkitekt for å få ein vurdering om det er mogeleg å nytta denne bygningen til dette bruket.

søndag 14. juni 2009

Sokkaseg på Fylkestinget

Dei siste dagars "snakkis" på mange av fylkets debattkanalar er vel Tor Bremer sin datamaskinbruk under fylkestingmøte.
Eg skal ikkje her sei at alle representantane skal sitta å "chatte" på nettet om alle uvesentlege ting. Men det Tor Bremer og andre i salen gjorde på Facebook skal me ta mot med opne armar. Tor Bremer sende ut tre meldingar på nettet den dagen, fyrst "sokkasegmeldinga", eit innleg som var meint å vere morosamt men som ikkje var morosamt nok til at sjølvhøgtidelege politikarar likte det. Deretter kom det to små meldingar om saker hans parti hadde lukkast med kl 10 og kl 15.
Ut frå dette faktumet vil eg sei Tor Bremer ikkje på nokon måte missbrukte tida si på møtet med arbeide som kunne gjera at han ikkje fekk med seg det som føregjekk i møtet.
Lat oss få meire av dette. Dette er ein framifrå måte for våre folkevalde å oppdatere sine veljarar om kva dei driv med.
At det no føregår på Facebook og Twitter er ikkje sikkert vil vara. Snart kjem det kanskje eit nytt tilbod på nettet som eignar seg betre og då vil det flytta seg over dit. Desse to tilboda er ikkje dei fyrste. Det har vore mange generasjonar før desse og det kjem sikkert tilbod som kjem til å utkonkurere facebook også.

Ei utfordring til politikarane i Luster til slutt. De sit alle med oppslegne datamaskiner oppkobla til nett heile møta. Lat oss sjå at de også føljer så godt med på møtet at de har noko å informera om på facebookkontoen dykkar.

mandag 8. juni 2009

Regionrådet.

Ser i avisa at Årdal ikkje lenger vil vera med i supperådet, altså det vi i daglegtale kallar regionrådet. Eg skjønnar dei så vel. Kva er det me får ut av regionrådet slik det vert drive i dag? Ingen verdens ting. Eg forstår at ordførarane våre, dei som Georg Arnestad i SA kallar ein slags assisterande rådmenn. tykkjer det er triveleg å møte kollegaer over ein kopp kaffi. Men dei er valde av oss til å ta politiske grep, gjerne i samarbeide med nabokommunar. Det får dei prioritere fyrst og ta kaffien etterpå.
For rådmenn og byråkratar er sikkert regionrådet eit godt organ for utvikling av samordna og felles kommunal tenesteproduksjon, men me treng ikkje eit regionråd til det. For å finne slike løysingar trengst berre telefonnummerutveksling mellom rådmennene og eit telefonmøte i ny og ne.
Det me treng er eit politisk organ som kan ta samla politiske grep og opptre som ei samla gruppe overfor resten av samfunnet. Å gjera regionen til ein politisk kraftsentrum utad.
Eg trur det er dette ordføraren i Årdal også etterspør, og dersom eg har rett forstår eg han i sin fustrasjon.
Eg håpar alikevel årdølene vert med på ein ekstraomgang. Hugs det var uavgjort etter ordinær tid. Kampen er heilt open.

søndag 24. mai 2009

Politisk analyse

I dag vil eg prøva meg på politisk analyse. Eg har nett no sete og høyrt på Siv Jensen sin avsluttningstale på FrP sitt landsmøte. Denne talen viser tydeleg at ho ikkje lenger har tru på noko samarbeidsregjering med Høgre etter valet. Siste spikaren i kista sette ho i det ho konstaterte at det ikkje vart noko slik regjering utan at statsministaren heiter Siv Jensen.
Det er ikkje tvil om at FrP vert det største partiet på borgarleg side etter valet, om noko anna skulle skje må det reknast som eit under eller katastrofe allt etter kva synsstad ein veljer. Utfrå det kan ein kanskje sei at ho er i sin fulle rett til å sei det allereie no Men politikk er ikkje matematikk. Å tenkja seg eit Høgre som gjev frå seg mogelegheiten til å kjempa for statministarstolen allt før valet er heilt utenkjeleg etter mitt syn. Også det at ein politisk koalisjon bind seg til at den mest "ekstreme" skal ha statsministaren er usannsyneleg. Med "ekstrem" meinar eg ikkje fyrst og fremst ekstreme meiningar, men det partiet som i dei fleste høve har definert seg sjølv som "onnorleispartiet".

Ei annan sak eg trur dei kan få slita med er vedtaket sitt om å gå inn for aktiv dødshjelp. No prøvde rett nok leiaren å "ufarleggjera" vedtaket deira i samme avsluttningstalen ved å dra inn situasjonen der døyande folk som vert haldne kunstig i live også må døy ein dag og det skjer sjølvsagt ved at ei maskin vert slått av. Dette seier ho er aktiv dødshjelp ho vil ha inn i andre former. Det samme kan sikkert skje ved at enkelte får meir smertestilland medisin enn kva som er bra om målet berre skulle vere å forlenga livet med timar eller dagar.
Men ingen av desse døma er aktiv dødshjelp utfrå den definisjonen eg trur forslagstillar og veljarar har. Dei har allerede fått så hatten passar frå leiande i dei kristne organisasjonane.
Men det går vel bra denne gongen også. Det er eit paradoks for meg, dette at Frp og dei mest konservative kristne i vårt land er vorte så gode venner. Eit parti som vil ha fri flyt av alle dei mest "ukristelege" varene som er lovleg å nyta i vårt land. Då går det sikkert bra om dei bind seg til å slå i hel også. Berre den skuldige er einig og gammal nok. For me skal vel ikkje binda oss til å gjeva aktiv dødshjelp til dei 3 -4 hundre menneskja som i dag tek livet sitt ved eiga hjelp.
FrP er i alle fall komme opp med ein programpost som ikkje gjer noko innhogg i oljeformuen vår, snarare tvert i mot. Her kan det vera mykje pengar å spara.

onsdag 6. mai 2009

Kapring med bismak.

Somaliske pirater kapret i dag et tysk frakteskip i Adenbukta, 120 kilometer sør for Jemen, melder nyhetsbyrået AP.

Om bord på MV Victoria befinner det seg et mannskap på 10 rumenere.

Slik står det å lese i Dagbladet i dag. I ein lengre periode har moderne piratar frå Somalia fått gjere som dei vil i Adenbukta. For tida har dei 250 personar i fangenskap.

Kunne dette skje dersom besetningsmedlemmane hadde hatt same statsborgarskap som skipa.
Svaret er sjølvsagt nei. Tenk dykk kva oppslag det hadde vore i pressa i dag dersom det hadde vore 10, i dette høvet tyskarar, som hadde vore kidnappa i Somalia i dag.

Dette er fyrst og fremst eit økonomisk spørsmål for reiarar og nasjonane skipa er registrerte i. I følje same dagbladoppslag kostar kvar kapring ca 1 mill. dollar, ein forholdsvis rimeleg pris for den seinkinga eit mindretal av skipa opplever.
Besetningen er vår tids slavar som me fyller på med etter kvart som dei blir borte.



fredag 1. mai 2009

1.mai feiringa 09

Så er 1 mai-feiringa over for i år. Arangementet bestod for meg av frokost med likesinna på Fjordstova frå kl 09.00 og utover. Der var Ingrid Heggø, 1. kandidaten på stortingslista, hovudgjest.
Der fekk eg ein prat med mannen til Ingrid. Ein triveleg kar som trivdest godt i skuggen av si profilerte kone. Det viste seg at han var ein av dei som vart råka av konkursen i Fundo, så no gjekk han heime og venta på noko spennande å bruka resten av livet sitt på. Aller helst ville han laga høgteknologifelgar i Høyanger og hadde ikkje gjeve heilt opp håpet enno.

Neste etappe var Gaupne Hotell og hovudarrangement. Der starta det med musikk av Gaupne Skule og Ungdomskorps (trur eg). Fire seniorar med trekkspel, bl.a. tidlegare leiar i Luster AP Malvin Moen, spela også nokre låtar.
Også her var det Ingrid Heggø som var hovudtalar men også ungdommen ved Daniel Fossheim og veteranen Kåre Høyheim hadde ordet.
Eit koseleg arrangement, men på ingen måte noko demonstrasjonsdag. Det hadde eg heller ikkje venta meg, men det finns mange nok grupper som treng allierte for å kjempe gjennom rettvise krav, både her på berget og sjølvsagt i det store utland. Gruppper som aldrig blir nemde i nokon 1. maitale på annan måte enn " dei me skal arbeida for".

lørdag 25. april 2009

Den raudgrøne regjeringa er kørka dum.

Ofte høyrer me politikarar som klagar si naud for denne så utbreidde politikarforakta. Det er sikker noko i det, men eg meinar dei har mykje av ansvaret sjølve. Det er ingen andre som brukar strekara negative karakterestikkar om politikarar enn dei sjølve.

Her ein dage høyrde eg ein slik utblåsing som fekk meg til å teinkje. Det var Lars Sponheim som frå talarstolen til Venstre-landsmøte påstod at den raudgrøne regjeringa er "kørka dum" til ellevill applaus frå salen.

Ein må vel gå ut frå at intelligens generellt er likeleg fordelt i alle parti på Stortinget. Ei regjering består som regel av eit utval av dei beste blandt dei tilgjengelege politikarane og derfor bør dei vera eit hakk mindre "kørka dum" enn dei som sit att i stortingsalen. Ein veit at dei aller fleste i ein slik landsmøtesal er personar med politiske ambisjonar, men som er funne for lett både til storting og regjering.

Kva er det då det blir applaudert for?

torsdag 23. april 2009

Kommunestyremøte

I dag har det vore kommunestyremøte i Luster. Eg har vore der og overført møtet på direkten i Radio Luster. Deretter har eg laga til reprisesendinga, som inneheld heile møtet meir eller mindre barbert for pausar og anna som ikkje bør vere med. Dette programmet går fortløpand fram til fredag kveld ca kl 21.
I kveld kl 21 og i morgon kl 10 og 20 går det eit program vi kallar Siste nytt frå kommunestyret. Programmet er på ca ein halv time og skal gjeva eit innblikk i kva som føregjekk i kommunestyremøtet.
Debatten i alle sakene er også lagt ut på nett.

Dagens debatt starta allerede før møtet var i gang. Det var svært stort fråver til dette møtet. Så mange at administrasjonen ikkje hadde funne nok varamedlemmar til å vera fulltallig. Det var i dag 26 stemmeberettiga medan det skal vere 29.
Dette likte Ernst Veum dårleg, og han tok ordet allereie under opninga av møtet og refsa medlemmane for slapp haldning til tillitsvervet dei har fått.

Det var to saker som tok mesteparten av tida i dag, planar om kraftutbygging i fortunområdet og tilleggsbemanning til grunnskulen. Sjølv om debatten var lang og mange var kritisk til mangt var det rådmann og formannskap sitt syn som vart vedteke i alle saker i dag som så ofte ellers.

Litt spenning var det kanskje i salen då Johan Solheim, som leiar for eldrerådet, fekk ordet framfor ein noko mutt APbenk for å presantere årsmeldinga for rådet.
Ikkje eit ord vart sagt om badeland eller underskriftslister i møtet i dag.

No går straumen ut så eg får gjeva meg.

onsdag 22. april 2009

Å skyte seg i foten

Det blir ofte sagt at no har dei skote seg sjølv i foten når ein i iveren etter å framheva si sak gjer ting som blir i disfavør for saka til slutt.

Ei slik sak har Luster Arbeidarparti stelt i stand no. Gjennom denne tullete styrehandsaminga av nokre lause rykter om at Johan Solheim hadde starta underskriftskampanje mot symje og badeanlegg, har dei no løyst ein debatt blandt folk flest om nettopp det. I staden for at folk skulle vore opptekne av om Solheimen er ein judas i eige parti eller ikkje, går debatten friskt om det er lurt å nytta så mykje pengar til badeland eller ikkje.

Og det er tydeleg at det er ei stor gruppe som "har brent inne med " standpunkta sine. Aldrig har eg høyrt så mange skeptikarar til badeland stå fram som no.

Til slutt, nokre spørsmål eg har brunne inne med om handsaminga til AP:


Korleis kan ei gruppe leiande tillitsvalde sitta å handsama ei slik sak, tufta på berre rykter, og deretter gjere vedtak i saka utan å kontakte den berørte for å "kvalitetsikra" ryktene litt.

Korleis kan dei tru at det går an å starta hemmeleg underskriftskampanje. Korleis skal ein få underskrifter på ei liste ingen veit om.

I forrige blog konkluderte eg med at "dei sosiale media" kunne få noko å sei i denne saka. No ser det ut for at det blir klønete politikarar som avgjer saka.


søndag 19. april 2009

Realiser symje og badeanlegg i Gaupne!!

Det heitaste temaet i lustrapolitikken for tida er utan tvil symje og badeanlegg i Gaupne. Dette utan at det er sak i nokon kommunale organ for tida.
Grunnen er sjølvsagt at det blir ei sak snart.

Det er stor oppslutnad om eit ja til badeanlegg i kommunestyret, men dei fleste representantane fryktar at dei ikkje har fleirtalet av veljarane med seg. Dei mest ihuga tilhengarane av badelandet ser nok dette som eit faremoment, då det er mange tja representantar. Difor er det ei relativt høg aktivitet i einkelte parti for å sikra at kommunestyret si fleirtalsmeining skal gjennomførast utan hensyn til ei eventuell folkemeining.

Og politikarane har all grunn til å frykte folkeleg engasjemang som styrande for den indre politiske debatten i partia og kommunestyret.

Siste tida har me sett godt gjennomarbeida avisinnlegg frå begge partar. 

På facebook er det ei gruppe som kallar seg "Me som vil ha badeland pao Heggmyrane". Dei har no 567 medlemmar. Rett nok er dette ein broket forsamling og på langt nær alle er heimehøyrande i Luster, men alikevel viser dette eit engasjemang som peikar mot at saka ikkje er avgjort i folk sine auger.

Gruppa "Realiser symje og badeanlegg i Gaupne!!" har 341 medlemmar som verkar for å vera ein noko meir "seriøs" forsamling. I denne gruppa føregår det ein viss seriøs debatt der til dels skeptikarar også viser seg .

Då ein må rekne med at det er få som er medlemmar i begge gruppene er det altså totalt 900 personar som på eit vis har ei aktiv meining om temaet. Ein må rekne med at størstedelen av desse er relativt unge så engasjemanget må ein tru er adskilligt større enn dette totalt i kommunen.

Det skal bli spanande å sjå korleis det politiske miljøet i Luster taklar denne situasjonen.  Truleg den fyrste saka der dei såkalla sosiale media har påverknadskraft i vår kommune.

onsdag 15. april 2009

Du må ikke sove.

Eg har lenge og ofte lete meg irritere og delvis provosere over bruken av dette sitatet etter Arnulf Øverland:

Du skal ikke tåle så inderlig vel
Den urett som ikke rammer deg selv.

Desse to linjene blir så allt for ofte brukt i fillesaker. Fillesaker i forhold til problemstillingar Arnulf Øverland tok tak i.
For sannheita er at me, no som på den tida dette diktet vart skrive, tåler så inderleg vel den mest groteske urett som rammar dei me ikkje definerar som ein av oss.
Det var mange sitt avslappa forhold til nazismens og facismens frammarsj i Europa før krigen Øverland ville åtvara mot .
Diktet var skrive i 1937 og det verset sitatet er teke frå er slik:

Du må ikke gå til ditt kjøpmannskap
og tenke på hva der gir vinning og tap!
Du må ikke skylde på åker og fe
og at du har mer enn nok med det!
Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer deg selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme
Du har ikke lov å gå der og glemme!

Tenk deg om neste gang du ynskjer å nytte dette sitatet for å argumentere for meir goder berre fordi du veit andre som har meir enn dei du argumenterar for.

onsdag 8. april 2009

Bryllaup

Nokre ord om den store dagen laurdag 04.04.09.
Som far til den eine brudgommen hadde eg den æra å få sei nokre ord frå vår familie.
Det eg sa mynta på begge brudepara, siste delen av talen min tek eg meg den friheit å legga ut her:

Til dykk alle 4 vil eg sei føljande:
De har no eit heilt liv føre dykk. Nytta dagane godt. Det kjem både gode og mindre gode dagar. Det har presten sagt til dykk i dag, så då må det vera sant.
De har frå den dagen de innsåg at de var eit par på eit vis, byrja å utvikla banda mellom dykk. I dag har de fått offentlegheitas stempel på det. Det betyr ikkje at banda er ferdig utvikla. Dersom de utviklar dei rett vil dei fortsetta og bli sterkare etter som tida går.
Det er ikkje farleg om de rykker litt i banda. Det er fyrst når me har rykka og drege litt i banda at me veit kor sterke dei er og stolar på dei.
Og, som me veit, om me strammar litt i ein knute i blandt blir han berre verre å få opp.
Det er når me slepp etter i staden for å lita på fortøyninga eller løyser på knutane det går galt.

Til slutt eit lite visdomsord som ingen ungdom skjønnar men som eg aldrig har høyrt at nokon har klart å motbevisa eller unngått at skjer.

Sitatet er omlag slik:

Det er en katastrofe
at man må bli gammel for helt å fatte
at livet er kort.


tirsdag 7. april 2009

Kjøkkenblogg


I dag er det tid for å oppdatere framdrifta med nytt kjøkken. I dag har me hatt elektrikarar. Dei har innstallert spottar i taket og stikkontaktar. Deretter har me fått på plass oppvaskmaskin, komfyr av typen induksjon og køleskåp/fryseskåp.
Det som står att no er to dørar som mangla på leveringa og eit underskåp som me har bestemt oss for i ettertid.
Då me skulle sjekka pannene våre for om dei er brukande for induksjonskomfyr, viste det seg at det berre er ei lita panne som kan nyttast. Difor vart det kokt egg til kvelds.
I morgon må me på pannehandel sidan er me så og sei i mål.
I morgon er det påske-quiz på Lustrabui. Det gler eg meg til. Der er det alltid mange å få ein svadl med og i morgon reknar eg med at det blir ekstra moro. Ein må ha lov til å håpa på ein del påsketuristar ein skjeldan snakkar med.

mandag 6. april 2009

Den fyrste vårblome.

Av alle dei 365 dagane i året trur eg dette er den finaste. Den dagen eg for fyrste gang ser dei gule bekjedne blomane stikk fram gjennom blaudt lauv i ei veggrøft.
Det er mogeleg eg er noko "romantisk" eller lett å påvirke, men det er lett å leve med. For meg er desse bevisa på at "atter som eit under, nytt liv av daude gror" noko av det vakraste eg kan oppleva.

søndag 5. april 2009

Bryllaup

Så er søndagen kommen og det er på tide å oppsummera litt frå gårsdagen. Me fekk oppleva eit stilfullt og koseleg bryllaup i går. Som biletet viser var også Marianne og Petter vel forlikte etter vigsla.
Me fekk i går testa om ein bygning som vart bygd til messe og overnattingsbygg for kraftutbygging, deretter har vore både psykiatrisk institusjon og kommunal sjukeheim, også kan tryllast om til stilfullt festlokale.
Svaret er eit rungande JA. Bygget er rikeleg godt nok. Det er sjølvsagt ikkje like stilfullt å skrida inn i vestibylen på Gaupne Hotell som det er på Plaza, men det er stilfullt nok. Det som er avgjerande om me skal trivast og om eit festarrangement er vellukka er betjening. Her vil eg påstå at ho Jorunn Solstad og staben hennar skåra høgt. Hennar innstilling om at alle spørsmål kan besvarast med JA, gjer at me alle blir inspirert til å gjera vårt beste.
Maria Næss sine velsmakande kunstverk gjennom ein 5 retters middag var sjølvsagt det som gav råma til heile festen. Ein strålande service frå betjening gjennom heile bordseta var også med og gjorde festen til ei oppleving.
Allt i allt eit prima arrangement og ein verdig start på resten av dei to brudepara sit liv.

fredag 3. april 2009

Nærradio kvelden før kvelden



I dag har det vore full aktivitet på Gaupne Hotell. Aktiviteten er sjølvsagt resultat av at det skal arrangerast bryllaupsfest. Den de ser her i full gang med festens 5. rett, dessert, er ho Maria Næss som også har ansvaret for dei 4 andre rettane.


I kveld, kvelden før han Petter sin store dag er eg teknikkar på sendinga hennar Oddlaug og Linda.


Det er dei de ser på dagens bilete. Linda Watten har arbeida tre dagar i radioen no i høve at ho har ein slags praksisdag frå ungdomskulen.


Lurer de meir på kva ho står for så sjekk her: lindaspears.blogg.no




Det er sent, det er sant, men hva så.

Her har eg teke bilete av arbeidsplassen min ein sein torsdagskveld.

Som nemd i den forrige bloggen har me ein stor dag på Laurdagen. Minstemannen vår, han Petter skal gifte seg med ho Marianne.

Som far, og med hang til å ta ordet i dei fleste foramlingar,sikkert for mange og for ofte, var det opplagt for meg frå fyrste stund at då skulle eg halda tale.

Talen vart til på ein halv times tid nede på Playa del Ingles, etter det er det berre gjort finpussingar.

Det eg har site med i kveld er å førebu meg til den "visevertrollen" eg skal ha laurdag.

Dette skal bli ein svært stilfull fest, samstundes som det skal vere ein feiring der alle trivest. Stilfull fest er ikkje mitt fag eigentleg så dette må eg læra meg og det er det eg gjer i natt.

Korleis skal eg gjera mitt for at stil og formalitetar skal haldast, samstundes som me enkle lustringar som gjester føler oss avslappa. At gjestene ikkje fryktar så mykje å gjera noko galt, nytta feil glas, ta feil bestikk, at me ikkje klarar heilt å slappa av og kosa oss.

Kva skal eg sei i dei ymse situasjonane der eg på førehand veit eg skal sei noko. Korleis og kor mykje skal eg ta ordet undervegs.

Dette vart visst mest indremedisin for meg sjølv, men sidan du er kommen hit du også så har du sikkert lese resten også så eg får berre sei årsak og god natt.



torsdag 2. april 2009

Neste steget

I dag har vi atter hatt snekkar på besøk. Dagen vart sikkert sabotert litt av meg i går kveld.

Eg hadde avtalt med snekkaren at eg skulle grunne listene til golv og tak i går kveld. Då eg måtte okkupere heile gangen for å legga dei utover til maling, venta eg til seinast mogeleg. Det at det vart nytta oljmaling gjorde også til at gangen var full av listverk som ikkje var turre då eg stod opp for å rydde veg for snekkarane i dag tideleg.

Eg måtte forlata åstaden og dra på arbeide, men har ikkje fått klage så dei har vel klart seg på ein måte.

Det som fyrst og fremst er gjort er i dag er at det meste av golvet er lagt og inndekking og listing i taket er innførd.

I morgon er sansynlegvis snekkaren ferdig med sitt arbeide.


Ellers er det kommande laurdag som står i sentrum for tida. Petter sitt bryllaup er ikkje meir enn eit og eit halvt døgn unna. Det er bestemt at eg skal ta på meg eit ansvar for å leia festelegheita, men føler ikkje at eg er godt nok førebudd. Noko er klargjort i dag, noko kjem på plass i morgon føremiddag og det blir ei samling der alle 6 foreldra samlast i morgon kveld til sosialt samvere og ein liten siste innspurt der siste brikkane skal på plass.


mandag 30. mars 2009

Kolonne

Ein liten rapport frå vegen. Det vart ikkje all verdens start på vikarjobben min som sjåfør. I skrivande stund har eg venta mest 2 timar i Borlaug. Det seiest at me slepp over om 20 min. Som de ser er det rikeleg med bilar, men andre vegen er ventetida 4 t. i følje radioen

Eit steg vidare

I dag har røyrleggar Gangdal vore her og lagt opp vatn og avlaup.

I tillegg har eg sett inn alle skuffene .

Det som manglar no er to ettersende dørar ein del indekking oppe og nede og nytt golv.


Så til slutt skal kvitevarer på plass. I holet rett fram skal det komma oppvaskmaskin, på den kvite enden vert det komfyr og ved sida av den kjem kjøleskåp.



søndag 29. mars 2009

Nytt kjøken

Under sydenferien vår i år vart ein grunnleggande oppussing av kjøkenet vårt oppstarta. Syster Astrid har blogga om temaet gjennom bileter og ord heile tida, men no tykkjer både eg og ho at vi får ta ansar sjølve.
Desse bileta er ei lita oppsummering av kva som har skjedd. Fyrste biletet er slik det er i dag.

Slik såg det ut då me kom heim den 21.03.

Her ser de kor grundig arbeide det vat gjort. Heile rommet vart heilt strippa ned til muren på alle vegger. Som de ser vart det ein bra haug med allt frå huntonitt årgang 1952 til skuffer og skap anno tideleg 70 tal.

lørdag 21. mars 2009

avreise

Me har sessa oss rundt eit bord på flyplassen. Klokka er vel 6 og me er ferdig med innsjekking. Om ca 1 time er det ombordstiging og eit endeleg farvel til Gran Canary.

fredag 20. mars 2009

Exit Playa del Ingles

Sà er oppbruddstida komen til oss pà Jardin del Sol, "solhagen", her nede i syden. Kofferten er snart pakka ferdig og me gjer klar til tideleg legging og grytideleg vakning. Me bestiller drosje til 5,20.

Dagen i dag holdt pà à enda i katastrofe. Det var overmàte viktig for soltilbedaren vàr at det blei fint ver pà vàr siste dag, sà dà me stod opp til ausregn i dag var ikkje humöret pà topp. Men til allt hell lysna det opp og me har hatt ein rett sà fin dag. Eg har nytta dagn til ein rusletur rundt i byen med innkjöp av tollfrivarer som avslutning.

I gàr kveld var me pà Kasba kjöpesenter for litt handling og kveldsmat. Me er litt matleie alle saman sà det blei tomatsuppe og kvitlauksbröd pà tre av oss medan eg prövde med pà fiskepizza. Som de sjönar vart eg nedstemd eller skal me sei ignorert i mitt forsiktige önskje om kinamat.

I kveld er det vel ingen som vil noko som helst sà dà fàr eg vel viljen min om eg mà eta âleine.

Dette blir den siste bloggen med rare bokstavar (der vàre bokstavar skal vere er det `´ñ).

Kanskje eg sler i hel nokon minuttar med ein mobilblogg frà flyplassen, men eg vil alikevel takka for meg her pà Playa del Ingles og takka dykk som har kasta bort verdigfull (arbeids)tid med à lesa desse epistelane mine.

torsdag 19. mars 2009

Fugleopplevingar

I dag har eg og Alice vore i Palmitos park, ein opplevingspark med mange slags dyr og planter, men fyrst og fremst ein fuglepark. Difor desse to fine eksemplara.
Veret har vore fint pà Playa i dag ogsà, med der me var, inne i fjellheimen var det overskya og pà grensa til for kaldt i kortarma og kortfött.
Denne kvelden vert nok den siste ute for denne gongen. I morgon kveld vert det nok pakking og tideleg legging, dà me mà dra ut til flyplassen i 6 tida laurdag morgon.
I kveld hàpar eg det vert Kinamat pà oss. Me har to kinarestaurantar i kjellaren sà om latskapen tek overhand er det ikkje vanskeleg med maten.
Me fekk melding frà gamlelandet om at bonusen holdt i gàr ogsà. Det utlöyste stor glede her sör.
Takk for i dag.

onsdag 18. mars 2009

Playa del Sol

I gàr kveld var me pà ein av "favoritstadane" mine, nemleg svensk danserestaurant. Som de sikkert skjönnar var det ikkje alvorleg meint, men det er opp til fleire pà dette bildet som likar det meir enn almindeleg.
Me var samla der alle her nede; 4 frà nedre bringebakkane ei frà heltnabakkane og 4 frà Lustrabui & co.
I dag har me faktisk hatt eit par smà regnbyer sà det er fin akklimatisering til me skal heim om 3 dagar.
Ho mor i huset har vore pà byen og handla til dei smà i dag.

Det ser ikkje ut til at det vert nokon store aktivitetar dei siste dagane heller. Det vert avslapping i varmen.

Det var allt for i dag.

tirsdag 17. mars 2009

Besök

I gàr vart det ikkje noko blogging pà meg. Grunnen var besök av Jonny og co. Som de sikkert ser pà kvaliteten har eg no fàtt tilgang pà kortlesar sà no har eg mogelegheitar. Biletet er av veslejenta til Jonny og Tone pà stranda med spade og spann.
Dagen vart rett sà fin. Gjestene kom i 13 tida. Dà bar det mest rett pà stranda. Der vart det bàde leik og bading med utgangspunkt i stranderstauranten vàr. Det mà ogsà nemnast at eg og Jonny var dei einaste som bada pà ordentleg.
Dagen enda heime pà terrassen med "ein skarp ein" för besöket var over.


Dagen i dag har vorte roleg. Me karadn har teke ein tur langs gatene medan damene har sola seg heime. Det har ikkje vore sà varmt i dag, nett passeleg.

Biletet under er teke i den vesle bygda Fataga der me inntok lunch for nokre dagar sidan.
Sidan eg no har tilgang til kortlesar kan det bli meire bileter her frà dagane me har vore her.

Takk for i dag

søndag 15. mars 2009

Nok ein dag i tropevarme

Biletet i dag er av KA der han kjempar seg fram gjennom gatene i 35 graders varme. Som eg lovde i gàr kjem det eit lite resyme av kva me brukte kvelden til i gàr. Me tok bussen til Puerto Rico i 5 tida og besökte fyrst Jonny pà hotellet der han bur. Etter ein liten apertiff der drog me alle 7, Tone, Jonny, veslejenta og oss fire, pà restaurant og ein god biffmiddag.

Lenger ut pà kvelden havna me alle, unnateke Tone og den vesle, pà danserestaurant. Dit kom etter kvart Ketil Höyheim med frue og Kjell Neset med frue i tillegg til eit par frà Modalen sà dà var vi til sist 11 stöyande syngjande og skàlande nordmenn rundt same bordet.

I dag har me rusla gatelangs eller lege ved bassenget og slikka gàrdagens sàr. Forresten trur eg ikkje at spanjolane har funne opp "dagen derpà" enno. I alle fall, same korleis me oppförer oss ut etter natta sà er me alltid i storform neste dag.

I morgon kjem familien Jonny Gj. til oss pà föremiddagen og dà skal me pà stranda heile hurven.

Takk for i dag.

lørdag 14. mars 2009

Laurdag under palmene

Nok ein dag utan dei store hendingane her pà Playa. Eg og Alice gjekk oss ein tur rundt sentrum i tropevarmen. Halvvegs, dà me skulle ta ein rast trefte me pà Oeydis og Tordis. Der vart det ein öl og 3 klokker.
KA har vore heime for à sjà Man. U pà fotballpub like rundt hjörna.

No dreg me snart til Jonny & co for ein heilaften i Puerto Rico

Om helsa held er eg ute med referat (overflatisk sjölvsagt) derfrâ i morgon ein gong.

BILET E VART DET IKKJE I DAG GRUNNA TEKNISKE VANSKAR

PS TIL MEDARBEIDARAR I RL: Er at det er pà helane med Radio Luster Nettradio og sending pà Veitastrond er ute.
Det mà ein restart av datamaskin til. Eg veit heller ikkje om det gàr ut reprise. Eg har sett i gang programmet men veit ikkje om spaken pà miksebordet er oppe.

fredag 13. mars 2009

Fredag med sol og varme

Som de ser er veret ei à klaga pà. Dette biletet tok eg pà strandpromenaden i formiddag. No, klokka 15 var temperaturen pà ein slik gradestokk 35 rett ute i gata her eg sit. Eg og KA har gàtt strandpromenaden til San Augustin i dag.

I gàr kveld var me pà eit kjòpesenter kalla Yumbo der opningen av det àrlege karnevalet vart arrangert. Flotte opptog etterføld av ein konkurranse i karnevalinnslag frà senen.

I morgon blir det kanskje ikkje blogg. Dà skal me til Puerto Rico og mota Jonny Gj. og dei andre der ute.

Me fàr sjà. Om dei har ei datamaskin der sà kanskje det blir nokre ord og bileter rett frà folkelivet i "Vesle Luster"

Takk for i dag

torsdag 12. mars 2009

Dag 6 pà det jevne.

I dag har det vore standarddag her pà Playa. Damene har sola seg i litt disigt, men 32 grader varme. Eg og KA har vore vàr faste tur rundt om i byen med innlagt pause (den vart litt lang i dag) pà stamkroa vàr. Der fekk me kelnaren vàr til à fotografere oss midt i arbeidet vàrt. Dette berre sà det ikkje skal vera tvil om at me gjer det me vert sette til her ogsà.

Me har forresten vore i kontakt med Jonny G og avtala à motast laurdag om ikkje noko kjem pà. Me gledar oss til det.

Kirsten N og lustrabugi-gjengen har me ikkje sett snurten til etter den lange strevsamme sondagen me hadde i lag.

Til slutt vil eg vise den fine store klokka me. Dei fleste veit at eg trong ny klokke. Den siste av fjoràrets innkjop var moden for pensjon.

Takk for i dag

PS Damene vart glade dà dei fekk veta at bonusen ikkje gjekk :-)

onsdag 11. mars 2009

Tur til Fataga

I dag hadde eg tenkt à legge ut eit bilete frà Fataga. Det er der me har vore i dag. Grunna ukjend telefon har eg sendt eit heilt anna bilete, med det er aktuellt dette ogsà.

Turen i dag gjekk altsà til Fataga, ei lita jordbriksbygd oppe i Fatagadalen ca 20 km frà Playa. Me tok drosje opp og buss heimatt.

Turen var ein fin avveksling frà det vante her nede i "byen"

Fataga er ei lita klynje med hus frà den tid dà det ikkje var turisme her. Enno er det mange hagar i drift der Det dei dyrkar mest er appelsiner, sitroner, bananer og oliven. Det er truleg ogsà noko vindruerankar der sidan det er eit utsl for lokalprodusert vin der.

Ellers ser eg frà ein heimeleg blogg, bringebakkane.bligspot.com, at oppussing av kjokkenet heime gàr strykande. Det er fint à sleppa à vu midt oppi rotet nàr kjokenet skal ribbast heilt til murveggen og byggast opp att.

No skal eg heim pà hybelen og kvile litt for det blir heimekveldsmat i kveld. Dà blir menyen spekeflesk og flatbrod med ol, vin og konjakk til.

Allt dette innteke pà terrassen i lag med naboen, kun ifort shorts og t-sjorte sà lenge utover natta me onskjer.

tirsdag 10. mars 2009

Dag 4 med sol og varme.

I dag har me hatt den beste dagen sà langt nàr det gjeld sol og varme. Sol frà skyfri himmel heile dagen og stabilt 27 -28 grader i skuggen. Eg og KA har vore vàr faste runde ned pà stranda. Heimvegen gjekk pà gangvegen langs sanddynene, deretter gatelangs til Sosialkontoret som er ein ikkje offentleg hjelpeinstitusjon for tyrste nordmenn. Etter ein kvil der gjekk turen heim. Biletet er av naboen der han sit sà kry og viser fram dei fine blomane han har kjopt til sin frue.

Ellers har Johnny Gj ringt oss og bede oss om à legga inn ein dag til vitjing av dei ute i Puerto Rico.

Det skal me nok fà til og me gledar oss til det. Sà blir det vel til at dei vitjar oss ogsà

Resten av lustringane, dei me var ute med heile sundagen, har me ikkje verken hoyrt eller sett meire til.

Heimanfrà har me fàtt spøsmàl frà kjøkensnikkaren vàr om kva kjøkeninnreiing me skal ha. Det rekna me som eit godt teikn dà slike sporsmàl mà vera irrelevante utan god framdrift i riving og oppattbygging.

Det var allt for i dag om ikkje lysta til eit tillegg kjem pà heimvegen frà byen i kveld.

mandag 9. mars 2009

Den tredje dagen, kviledagen

Den tredje dagen her nede under ekvator vart ein kviledag. Eg og KA har rusla ein liten tur ned til strandrestauranten vàr og ein liten omveg heimat. Biletet er eit bevis pà kor fint ver me har.

Gàrdagen vart ein hard dag som starta med litt for tidleg vàkning etterfylgd av eit heidundrande gilde frà 14 til 17.30 deretter ein ikkje mindre festeleg forestilling heile kvelde frà tidleg kveld til langt pà natt. I gàr var det berre fryd òg gammen, men ein gammal skrott kjenner dagen etterpà at ein har toygd nokre grenser.

Damene har nytta dagen til soling ved bassengkanten og har allt fàtt bra med farge.

Det blir vel ein liten tur ut i kveld ogsà. Eit màltid for dagen pà restaurant mà ein kosta pà seg. Er me turistar sâ er me turistar.

Eg har forresten kjopt meg kladdeblokk i dag sà no har eg fâtt rydda opp i tankar frà flyturen. Eg har vel ikkje nemt det for. Pà flyturen noterte eg nokre tankar som kanskje kan bli eit kàseri eller liknande. Det blei skrive ned i eit kryssordblad over kryssord som sàg for vanskeleg ut, i tillegg til dei fleste margane i bladet.

Takk for i dag

søndag 8. mars 2009

dag 2

Det blei ikkje allverda til start pà ferien i àr. Eg hadde ikkje meir enn sett foetene pà golvet i dag tideleg foer telefonen ringde det Petter kunne fortelja at malingpumpa pà jobben hadde slutta à virke.

Han var pà jobb for à gjere ferdig ting som me har lovt ferdi til mandag morgon. De fàr ha meg unnskyldt, men dette er ikkje noko eg kan gjere noko med herfrà sà meldinga heim blei "de fàr gjere det beste ut av det"

I dag tok me turen til vár vanlege strandrestaurant. Vel framme pà promenaden traff me 5 lustringar. Dermed vart dagen i dag nytta rundt langebord med 9 deltakarar. Me hadde sessa oss til klokka var 14 og litt over klokka 17 var det tid for oppbrudd. Dà me fekk rekninga pà bordet vart den etterfoeld av to muggar sangria "pà huset". Det er inntakinga av denne drykken "pà huset" eg her har teke bilete av. Det blei vel tre timar bordsete fyllt av god mat og drikke og mange gode historiar. Ein aning allsong vart det ogsà til slutt.

No er det pà tide med ein strekk pà senga foer det blir ein tur pà Trollstuga i kveld.

Veret starta ikkje sà allverda med lett yr og ¡kkje allverda temperatur til frokost, men foer me rakk ned pà stranda ifoert vinterjakke lysna det opp og etter kvart vart det ordentleg godver.

Eg tykkjer ikkje biletet i dag er allverda teknisk sà om mine lesarar meidnar det samme er det kanskje pà tide med ein ny telefon.

Dei aller beste helsingar frà oss i syden

PS

No er klokka 24 og vel sà det. Me er pà veg heim etter ein fuktig og matrik tur pà byen. Stjerneklar himmel og 17 - 18 grader tegnar til ein fin dag i morgon. Damene gledar seg uhemma:-)

lørdag 7. mars 2009

endeleg framme

Biletet frå feriens fyrste dag er frå Flesland. Når dette er skrive er me nyss komne til huset vårt kl 22.30 norsk tid. I morgon startar alvort, då er det ferie.

lørdag 28. februar 2009

Det er no ei veke til me er framme der de ser på biletet. Denne bloggen er ein test på at mobilen virkar

torsdag 19. februar 2009

Den evige bensinprisdebatten

Bensinprisane, eller skal me sei drivstoffprisane no når så mange av oss har dieselbil, er som alltid eit ynda debattema alle plassar der folk samlast.
Men er vi eigentleg interresert i drivstoffkostnadane våre.
Den aller største innverknaden på desse kostnadane har me sjølvsagt sjølve. Blandt anna gjennom valg av biltype og drivstofftype.
Det dreiar seg då sjølvsagt om drivstofforbruk og type.

Me i vår familie har to bilar, begge med omlag same antal hestekrefter og av same storleik. Den eine er bensin og den andre diesel. Den eine gammal og den andre ny.

Kva kostar det så å bruka desse bilane. Om ein set opp eit reknestykke som gjev eit forholdstal på forbruk og pris på drivstoff, der ein kallar dette drivstoffpris, får ein desse tala:

Dieselbilen sin drivstoffpris set eg til 12,50 noko som vel er vanleg no til dags.
Bensinbilen får då drivstoffpris på 18.10.

Altså hadde drivstiffprisen vore 18,10 pr liter ville desse bilane vore like dyre å køyra.

I følje mange politiske debattar på ymse nivå ein pris så astronomisk høg at ingen får råd til å køyra ein meter.

Så trur du kanskje at dette var to bilar som gjev ekstra høg differanse, men nei då heller omvendt.

Me kan ta eit nytt rekneeksempel som verkeleg gjev stort utslag.

Den eine bilen ein Toyota Jaris Verso. Ein såkalla liten utanpå men stor inni bil, lågstatusbil kanskje men superpraktisk og økonomisk.
Den andre Audi A6 V6. Litt statusbil for den som har god greie på bil.

Om me reknar drivstoffprisen til Yarisen til 12,50 her blir Audi-drivstoffprisen 27,25 eller ein auke i drivstoffprisen på 118 % utan at me eigentleg tenkjer vidarer over det.

Altså må drivstoffprisen opp i kr 27,25 før det blir like dyrt for Yariseigaren å køyra bilen sin som det er for Audieigaren i dag.

Så kan me fortsetta å kvi oss til at bensinen stig med 30 øre eller 2,5 %

onsdag 11. februar 2009

Quiz på Lustrabui att

Det er ikkje ofte det kjem noko nytt på denne bloggen. Det er heilt sikkert ikkje ofte det er folk på besøk her heller.
Men no skal det snart endra seg. Den 7.3. dreg eg , min frue og naboane på ferietur til Gran Canaria. Då vert denne blogginga teken opp att.
Som de ser i grunngjevinga til denne bloggstaden er det nettopp det den er laga til, å halda kontakten og informera familie og bekjente om korleis me har det frå dag til dag på turen.



Medan eg er inne her, 3 døgn før me opnar dørane på Lustrabui for den "store quizkvelden laurdag den 14. Kl 20.00 set me i gang med konkurransen og ca kl 22.15 reknar me at me har kåra eit vinnarlag.