onsdag 18. mars 2020

Oppsummering Playa del Ingles 2020

No er det mørkt i mest alle vindauger på Playa del Ingles. Ein situasjon sikkert ingen har sett sidan denne byen vart bygd på 1960 og 70 talet.

I morgon kl 12.10 lettar me frå Aeropuerto de Gran Canaria i eit av Widerøes nye Embraer E190


Det blir godt å komme heim. Å bu på to små rom som på ingen måte er bygd for å opphalde seg heile døgeret på og lage å ete alle måltid på er ikkje ordentleg ferie. I tillegg dette med at me ikkje har visst noko om heimreise. Me hadde planlagt heimreise laurdag, men når me ikkje høyrer anna enn meldingar frå myndigheiter om nedstenging av flyplassar veit ein ikkje sikkert korleis det kan gå.

Dette er vår 18. tur til Gran Canaria, 17 av dei til Playa del Ingles. Det vil sei at me har opphalde oss i til saman 35 veker veker her. Det er då også med tungt hjarta at me forlet folka her nede som går til mykje vanskelege tider enn me som no dreg heim til rike Noreg.

Takk for oss - Gracias por nosotros

Me kjem snart att.

mandag 16. mars 2020

Siste nytt frå koronafengselet.

Då er me i korona-fangenskap på hotellrommet vårt.  For dei som lurer, me har det berre bra. Apollo sender fleire sms-ar dagleg med opplysning om at dei gjer så godt dei kan for å få oss heim. Det skulle berre mangle om dei ikkje tykkjer det sjølve, men lite forpliktande. Avreise er enno laurdag men me håpar å få reise før.

Noko reiseblogg vert det ikkje lengre, men ein oppdatering her kvar dag for dei som vil høyre korleis det går med oss.

søndag 15. mars 2020

Siste dag i friheit.

 Det går mot slutten på utelivet vårt her på øya. I går inntok me middagen på den populere restauranten El Rancho. Deretter var me ein liten tur innom Naboen. Der fekk me eit gledeleg møte med dukseljaren Antonio. Det vart ikkje noko kjøp denne gongen, men me har vore med på å frakta attende til Luster eit betydeleg antal dukar frå hans berbare utsal.

 Klokka halv elleve stakk me innom Kasbah på veg heim. Her er det til vanleg eit yrande liv på denne tida, men i dag var det stille på dansegulvet.

 Det same var det med serveringsstadane. Ikkje eit einaste menneskje att.

 Rett før dette "gjekk i trykken" tok eg dette biletet austover byen. Omtrent ikkje ein einaste bil som rørde seg. Omtrent ingen folk å sjå i gatene.

Det er mange som er reiste heim no så hotella tømmest også. Eg var ein handletur oppe i San Fernando og på veg dit såg eg at dei fleste serveringstadane ikkje hadde ope i dag.

Frå i kveld ved middnatt vert det innførd karantene her. Alle andre butikkar enn matvare og medisinutsal skal stenge og alle serveringsstadar skal stenge. Me må holde oss på rommet vårt, men me har anledning til å gå ut til nødvendig innkjøp av matvarer og medisin.

Reiseselskapet vårt, Apollo, har informert oss om at heimreisedato enno er laurdag 21. men dei arbeidar for å framskunda avreisa.



lørdag 14. mars 2020

Laurdagsbloggen

I dag gjekk turen fyrst til stranda. Som de ser er det stadig lite å sjå til koronafrykta her. Litt ferre folk er det vel, det reiser nok fleire enn det kjem att, men me såg også i dag folk kom frå bussen dragande på koffertane sine.

Det var sandstorm der nede då eg var der så dei fleste hadde nok søkt ly bak vegger men det var også eit yrande liv på den opne plassen ved nedgangen til stranda.

 Og sjølvsagt var det nokon tøffingar som tok turen langs stranda mot Maspalomas-fyret.

 Inne i handlegata langs stranda gjekk livet som om korona berre var et ølmerke.

 Eg tok heimvegen via handlesenteret Jumbo. Denne bilen har heilt sikkert alle som har vore på denne øya sett, men har de sett på skiltet. Eg ville ikkje ha skrytt av kartlesaren min om det hadde gått slik med køyreturen.

Eg meinar at det er ikkje ordentleg fint ver før det er fint å sitte i skuggen å sjå ut i sola. Dette er eit piratfoto teke rett før fotoobjektet drog på takterrassen der sola skin heile dagen.

Me ferierar litt på vent no. Me har enno heile veka att før planlagt avgang til Flesland neste laurdag, men me høyrer norske myndigheiter anbefalar reiseselskapa å skysse oss heim fortast råd.

Inn til me får annan beskjed har me det fint her med sol og 20 - 25 grader varme.

Takk for i dag.

fredag 13. mars 2020

Fredag og halvveges.

I dag har det vorte mykje koronaprat både her i privaten og på fjernsyn frå Norge. Me ser eller høyrer ikkje om  restriksjonar her. Dagleglivet går som før med rikeleg med folk både i gatene og rundt bassenga. Også på butikkane og serveringsstadane er det heilt normal trafikk. Men me ser på reklamen me får tilsendt  at sydenturane vert no selde til dumpingprisar. Me reknar med at denne siste veka me er her vil me merke at det minkar med folk rundt om kring. 
Det går mot at me må dra kortaste vegen heim nattestid når me kjem til Flesland neste laurdag og rett i karantene sjølv om både hotell og bussar held det gåande som dei skal inn til vidare.

Så til ferielivet vårt. På veg heim frå Kasbah i går kveld gjekk me forbi restauranten Rimini som ligg i kjellaren på hotellet vårt. Ein av kveldane, kanskje i kveld, tek me middagen her. 

 I dag har eg vore til fjells. Med bru over den fyrste motorvegen og tunell under den andre var eg framme i "villmarka. Det er ei mengde med traktorvegar og stiar i alle retningar i fjellskråningane og dalane som skjer seg nordover frå kysten. Her var eg ein tur i dag og som vestlendingar flest finns det ein topp eller ein haug vert det dit turen går til.


 I steikande sol og med solbriller på fotograferte eg med freidig mot heile turen. I sollyset såg eg ikkje rart av det eg prøvde å sikte inn på og det gjekk som det måtte gå. Det vart berre bomskot. Dette eine biletet som eg tok på heimveg får stå som prov på at eg verkeleg har vore utanfor asfalten i dag

Me får sjå om aktiviteten tek seg opp att i dagane som kjem. Me har det i alle fall fint her. Strålande fint ver og me er frisk som ein fisk og lid ingen naud.

Takk for i dag.




torsdag 12. mars 2020

Torsdag er dagen derpå.

Sjølv om overskrifta antydar noko anna vakna me frisk og opplagde etter ein tur på byen med desse to sambygdingane i går kveld. Restauranten heiter NUBE FUSION og ligg i fyrste etasje på Portonovo i "utkanten" av Puerto Rico.

Det vart indrefilet av okse på meg og den var av aller beste kvalitet så både bonden og kokken hadde her gjort ein exelent jobb.

Etter middagen frakta ein drosje oss til sentrum der me etter kvart kom i kontakt med denne karen. Med sin gode norsk er det sikkert fleire lustringar som hugsar han, men han fortalde om eit spesiellt vennskap  for mange år sidan  med Jonny Gjerde, som han ba meg helse heim til.
Me vil også sende ei helsing ut til vertskapet vårt i går kveld, Mia og Audhild, og takka for i går kveld.

Slik ser hotellet me bur på ut. Dette bilete er teke frå inne på Kasbah, så veit dei lokalkjende omlag kvar på Playa del Ingles det ligg.

 
Me bur i ein fløy som vender meir mot aust så me har sol frå morgon til ca klokka 13. Deretter må me på takterrassen for å sole oss heime.  Om me vil sole oss i lag med andre folk får bassengområdet gode karakterar av soltilbedaren vår.
Om de ser godt etter ser de Alice på verandaen  vår. Den er i øverste etasje til venstre.

 
I ein tidlegare blogg i år har eg antyda at det ikkje er mykje nytt å sjå sidan sist me var her. No visar det seg at gartnaravdelinga har gjort sitt. Desse formskårne trea må sjølvsagt alltid få sitt stell. Det har eg sett fleire eksempel på i mi ferd gatelangs, men i denne alleen har dei gått ekstra grundig til verks. Dette biletet tok Alice for eit år sidan og var litt imponert over kor fine dei klarde å halda dei.
I år har dei gått grundig til verks her og vil visst starta på nytt på eit vis. Biletet under er teke omlag på same staden i år.


I dag fekk eg den skriftelege beskjeden frå arbeidstakaren min LMI at eg må halde meg borte frå dei i 2 veker etter heimkomst. Samstundes melder myndigheitene at det også vert heimekarantene på oss like lenge.

Me har tilgang på norske media av alle slag og ser at NRK fløymer over om korona-informasjon heile dagane, men her nede ser eller høyrer me ikkje noko til nokon slags restriksjonar. Det einaste er at noko av det store karnevalet som føregår her i desse dagar vert avlyst.

Takk for i dag.




onsdag 11. mars 2020

Onsdag, og i kveld er me bedt bort.

 Det er eit ork å måtte innta redaksjonskontoret kvar ettermiddag og ikkje få delta i sydenlivet den stunda. Her ser de korleis eg har det der.
I dag vakna me til overskya men fin temperatur. Etter kvart kom også sola fram att.

I dag har eg lagt spaserturen til stranda. For den lokalkjende gjekk eg ut til odden og attende. Den sollause føremiddagen gjorde at også husets frue vart med ned til stranda, men der tok handlelysta overhand så ho shoppa medan eg spaserte i sanden.
Det er ordentleg fin tur å gå slik langs sjøkanten utover, men ein må gå på den nederste delen der sanden er våt. Der sanden er turr er det skrekkeleg tungt å gå.

Litt bading og surfing var det også å sjå og er det for kaldt så badar me i boblejakke. For badast skal det uansett.

Der er mange måtar å tene til livets opphald på. Ein av måtane er å utruste deg til levande statue og sitje så stille som mogeleg. Denne var så naturtru at til og med duene tok feil og levde sitt dueliv vaglande både her og der.

Som dagens overskrift antydar skal me  vitje kjenningar i nabobygda i kveld. Kl. 18.12 går bussen og tek 43 minutttar etter kva busselskapet Global har berekna på ovanforståande Google-kart.

Kva som kjem ut av denne kvelden får de sikkert ein liten reportasje om i morgon.
No dreg eg på byen for å kjøpe ladeledning så er eg klar til avreise.

tirsdag 10. mars 2020

På kinarestaurant i koronatider.

Om me skal kalla nokon serveringstad for stamplassen vår så må det vere denne restauranten her. I går kveld var det tid for årets fyrste tur dit.

Me valde litt av kvart, det vil seie deira versjon av trerettars der me får servert tre ulike rettar samstundes. Så kan me dela det mellom oss der me kan prioritere mellom oss etter smak og behag. I går kveld trur eg me prioriterte alle rettane på topp begge to.

Slik såg det i alle fall ut då me hadde renska alle fata og tømt alle glasa.

Då bordet var rydda og vinglasa var etterfyllt fekk me besøk av kelnaren vår som også er sjefen her.

Etterpå gjekk turen til Kasbah shoppingcenter. Der fann me oss godt til rette rundt eit bord med fin utsikt, noko godt i glasa og litt digital sosial utveksling med gamlelandet.

Det har så langt vore noko vindfullt her nede. Fram til no har det vore berre godt fordi temperaturen har vore godt over det normale. Søndag og måndag har det lege rundt 30 grader men i dag har det falle litt ned mot det meir ideelle 23-25. Som de ser på bilete er det bra med bølgjer.

Eg tok ein tur på strandpromenaden i retning San Augustin i dag. Meir er det ikkje å sei om det enn at på heivegen bomma eg grovt på kor langt eg var kommen. I det eg såg ein dugande Spar-butikk kom eg på at eg hadde lova å ta med vatn når eg kom att. Det i lag med noko anna småting vart innkjøpt og heimturen starta med handlepose i eine handa og 8 liter vatn i ein dunk med kvasse kantar i handtaket. Turen tok ein halv time med byte av hand kvar 5 minuttar. Den var ikkje rett borti gata denne fine Spar-butikken.

Takk for i dag.

mandag 9. mars 2020

Dag 3. På handling

 Carnevalet i Maspalomas føregår her i desse dager. Frå 5. til 15. mars er det til stadig arrangement på den årleg oppbygde arenaen på Yumbo-senteret. I går gjekk me forbi då beste kostyme vart kåra.


 I dag har me vore på handling. Fyrst gjekk turen til denne enorme klesforretningen. Oppdraget i dag var innkjøp av klede som skal brukast her nede i år. Deretter gjekk turen til Lidl for innkjøp av matvarer.


I desse bakgatene i området San Fernando er nyttetrafikk viktigare enn fotgjengarar og når den 19 meter lange bilen skal lastast  er fortauet ein del av vegen.

 Her kjem eit spørsmål til dei betongkyndige. Som de sikkert ser gjer dei her klar til å støype ei plate mellom to etasjar. Så set dei ned ei mengde kona glasfiberkassar på forskalinga før dei fyller i betong. Nysgjerrige Finn lurer på kvifor.

 Eit bilete av ein staseleg limusin tilhøyrande ein bar i kjellaren til Jardin del sol, der me har hatt "hytta vår" i 16 tovekers-periodar.


Denne bloggen er fyllt opp av uvesentlegheiter. Ein av dei er at i dag, den 9.mars 2020, inntok me lunchen vår på denne serveringstaden som ligg 50 meter frå utgangsdøra vår.

 Menyen var tortilla española eller spansk omelett. Den er fyllt med potetskiver og er noko eg ofte vel.

 Til slutt i dag eit utval av det me fekk med oss frå Lidl i dag. Dette vert del av frukostmenyen vår i dagane som kjem.

Det var allt for i dag.


søndag 8. mars 2020

Dag 2. Då er me i gang med sydenlivet.

I dag startar eg med ein quiz, kanskje for å minne om at det er påskequiz på Lustrabui palmelaurdag den 4. april. Serveringa startar klokka 19.00 og quizen ca kl 20. 
Dagens quiz er meint for den røynde kanariøy-farar: Kva er spesiellt eller uvanleg med denne bubilen. Den fyrste med rett svar på facebook vert nemd i positive ordelag på Lustrabui-quizen.

Restauranten Padaban på kjøpesenteret Kasbah, som me ofte har vitja, er nedlagt. I staden er denne El Toro Bueno oppstarta i same lokala. Då vart det til at me godtok endringa og inntok gårdagens middag der. Eg åt grillsteikt entrecôte og den smaka utmerka så dei lever opp til namnet sitt inn til vidare. El toro bueno betyr den gode oksen.

 Rausheita med vinen var det i alle fall ikkje noko å klaga på.

Me har strålande fint ver her så husets frue har via heile dagen til bading, helst solbading men også litt i vatn. No når klokka er 18 her nede er det stadig 28 grader på den skuggefulle verandaen vår.
 Eg har vandra gatelangs for det meste og sjekka ut kva endringar dei har gjort i byen vår sidan me var her sist. Ingen vesentlege endringar er funne men det er alikevel fint å gå slik og sjå på folka og lure på kva dei lurer på.

I blandt lurer eg litt når eg ruslar rundt her på kva eg skal skrive på bloggen når det lid til kveld. I kveld sender eit tips til Uthusen. Her finns det Spar-øl, rimeleg og godt. Kanskje ein ide som ein kuriositet i ølhylla hans?

Takk for i dag