fredag 5. april 2024

Fredag 5. april. Oppsummering

 


Eg, kjeringi og dyret på tunet vil med dette takka for oss på Corona Blanca. Avreisa vert i morgon ca 10.30, men det vert ikkje noko skriving i morgon.

I går gjekk eg for fyrste gong rundt huset og der fann eg uthuset deira godt gøymt i parken som ingen visste om. Buskapen er ein mengde skillpadder.

Eg har vor inne på det før men det kan ikkje seiast for ofte, Eg har litt vondt i ryggen. Eg er for resten mykje betre no så du skal berre sjå eg er frisk att før eg når heim søndag kveld.

Men det er noko som kan brukast mot meg i denne sjukehistoria. Dei aller fleste som dreg hit har eit mål som er viktigare enn noko anna å oppnå. Sol frå skyfri himmel og ei solseng som kan nyttast heile dagen. Denne aktiviteten kan eg også utføra allt eg vil. Når eg legg meg ned kjenner eg ikkje noko til illtet mitt. Om eg likar betre å rusle gatelangs enn å sole meg og bade, så kan eg altså gjere det alle andre likar, så mykje eg vil.

Litt matbileter i dag også. Ein dag bestillte fruen grilla sverdfisk, noko som var ein planlagt suksess.

Ein dag bestillte eg banansplitt. To bananer med masse krem og iskrem vart for mykje sjølv for to.

Ein bestilling som gjentok seg mange kveldar etter middag var to koppar med irsk kaffi

Eit utklypp frå menyen på islandsk viser mangt som er lett forståeleg for lustringar.

Siste innspurt i dag var på butikken å kjøpe noko av kvoten som skal vere med heim.

No ber det heim til sommar (snart). Neste reise vert med avreise siste dag i august med reisemål som vist på biletet over.

Takk for oss til alle dykk som har vore innom reisebloggen vår i år.




tirsdag 2. april 2024

Tirsdag vart turdag


Ryggen  er betre og betre dag for dag og i dag tok eg meg ein busstur. Det er særs enkelt og nokså billig her. Buss går det mellom turistplassane her fleire gonger i timen så det er berre å finne ein stoppeplass og vente på ein buss som skal dit eg vil.


I dag var målet Arguineguin, uttalt arginegin. Det er vel 6 -7 km dit raskaste vegen, men me bur heilt i starten av ruta gjennom Playa del Ingles så det venta meg ei rekke gater på kryss og tvers og eit utal stoppeplassar før me var på motorvegen og dei 10 siste minuttane til dagens mål.



Eg er lite kjend her så turen gjekk berre nedoverbakke frå busshaldeplassen og plutseleg var eg kommen til ei fiskehamn der det låg ei rekke fiskebåtar og venta på å få losse. Denne kom dei etter kvart i gang med. Det var nok eit slags sardiner eller liknande. Dei pumpa fangsten i land gjennom den gule slangen.


Dei var godt utrusta med kranmateriell til landsetting og sjøsetting av store og små båtar. Den store er finansiert av EU sitt fiskefond. Kanskje me skal melde Gaupne inn i EU så får me ein slik krane me også. Eg trur denne letta eit par hundre tonn så det er no mon i mindre for oss.



Båthamn var det her også og den måtte sjølvsagt inspiserast


På badestranda låg det ein stranda seglbåt. Den hadde visst reke på land i ein storm for ikke lenge sidan.
 

Men det er ein ende for allt. Eg hadde sett nok og sette meg i bussen heimatt. Oppe under taket ser de ein slags lampe med skrifta PARADA SOLICITADA. Den lyser når nokon har trykt på ein knapp i taket og på sogning betyr det visst inkånvilau.

 No har me berre tre heile dagar att før me skal heim. Me får stadig bileter av finveret heime så det blir fint det også.

Det var allt for i dag.







mandag 1. april 2024

Måndag i ro heime.

Det vert ikkje vanleg reisebrev i dag heller og då krev det kanskje ei forklaring. På bussturen heim frå gåtur til Norskeplassen laurdag, fekk eg meg ein strekk i ryggen så eg klarde knapt å gå. No er det monaleg betre, men det har vorte to dagar sitjande nokolunde i ro på hotellet.

Då må ein finne på noko å gjere på. Heimesida til Radio Luster har fått ei rute der linkar til alle Kristen sine doktarpratar med Bård er samla. 

Eg har også teke føre meg den skandinaviske papiravisa her. Dei gjev ut register over antal turistar frå kvart land. I januar i år var situasjonen fyljande: På Gran Canaria som me er på er det berre frå Storbritania og Tyskland det kjem fleire tilreisande enn Noreg med sine 40 430. Sverige med dobbelt så mange innbyggarar kjem rett etter på 4. plass med 38 465.

På Tenerife er me heilt nede på 12. plass med vel 10 000 og for alle Kanariøyane til saman er Noreg på  7. plass med 53 341. 

Det er Tenerife som totalt tek i mot flest ferierande. Dei hadde 5,6 millionar gjester i januar, Gran Canaria 3,6 mill. Lanzarote 2,6 mill. Fuerete ventura 2 mill. og La Palma 81 tusen.

Russland som det til vanleg er manger gjester frå er registrert med 0 på alle øyane.



Om eg ikkje lit meg å gå langt var eg ein tur nede ved bassenget i dag. Langt nok heimanfrå til at eg fekk plass til mest heile hotellet på biletet. Me bur midt i biletet i 6. etasje. Om du ser kjentsfolk i biletet ser du ikkje feil.


Utom inngangsdøra vår ser eg rett opp til 8. etasje der pila visar. Der budde me då koronapandemien braut ut og me sat ei lita veke  i koronaisolasjon på Corona Blanca.

Det var det. I morgon vil eg på tur. Det skal den som vil få høyre om i morgon ettermiddag eller kveld.

Takk for i dag