tirsdag 4. april 2017

Takk for føljet på vår siste dag.


Sjølv om ikkje allt vart som ein kunne ynskje så vart eit overordna mål oppnådd tidleg i opphaldet vårt i Puerto Rico i år. Me har vore på Norskeplassen.
Men altså, det har vorte litt for mykje snåring og hosting denne gongen. Mest har deg gått ut over meg men Alice har heller ikkje heilt sluppe unna. Likevel har me vel opplevd det me var ute etter. Me har lege på solsenger i timevis og kjendt sola steike, me har gått turar rundt i nærområdet og opplevd den samme varmande sola og me har hatt trivelege samver med meir eller mindre tilfeldige kjendtfolk me har treft her nede.

 Me har opplevd Puerto Mogan i det sola går ned og tussmørket kjem.


Me har opplevd to versjonar av Elvis. For ordens skuld, begge var falske fordi originalen døydde den 16. august 1977, på min 25 årsdag.

Me har ete godt og drukke godt. Ein dag måtte me klaga litt på oppvartninga. Det som ikkje vart med i den reportasjen var bordpynten. På denne planta var allt som heiter røter forlengst rotna og tørka bort og desse tre blada stod og lena seg mot pottekanten.

Då  står det berre att å takke for oss. I morgon kl 13 kjem bussen og hentar oss. Me vil takka alle som har vore innom denne bloggen desse to vekene me har vore i syden. Det er utruleg stas å sjå at folk finn det interessant å lese det me skriv.

TAKK FOR I ÅR.




mandag 3. april 2017

Nest siste dagen.

 I går kveld tok hostinga mi seg kraftig opp att. Den vart forsøkt kurert med hostesaft av typen Veterano, men hjelpte lite. Som de forstår vart det altså ein tur på byen trass skrantande helse.

 Her er det gjort forsøk på ta bilete av oss alle. Me har fått Ernst og Astrid som naboar rett over oss og i går kveld åt me eit godt måltid i lag for deretter å finne oss ein krok i ein danserestaurant.

Alle som kjenner Ernst veit han er ei ekte danseløve. Han gjorde begge damene fornøgde på dansegolvet. Her er det Astrid som sår vind i serken. Som de sikkert ser var det sjølvaste Elvis som var oppattstått for anledninga.

I dag har Alice vore i lag med Ernst og Astrid på Amadores heile dagen. Det freistar til gjenntaking seier ho,

Ei natt med mykje hoste og og lite søvn og ein dag sovande på sofaen er ikkje mykje å skrive heim att om. Som overskrifta fortel går det mot slutten på denne turen no. Me har berre i morgon att. Onsdag føremiddag kjem bussen og hentar oss. Så ber det til Bergen med fly og overnatting der før me tek siste etappe med eigen bil og er heime torsdag ettermiddag ein gong


Takk for i dag.

søndag 2. april 2017

Søndagsbloggen


I går kveld gjekk turen til Playa del Ingles. Der hamna eg på den svenske restauranten Skansen i lag med 3 damer. Me har gode erfaringar med denne staden frå våre mange år her før, men i går skuffa dei litt.Eg bestillte biff av storfe, medium steikt, men den var langt frå møyr og heilt gjennomsteikt. Damene bestillte "well done" og eg såg deira var meir farga i midten enn min. 

 Musikken derimot var det ikkje noko å sei på. Denne trivelege karen song og spelte dei finaste melodiar i ein veksling mellom taffelmusikk og dansemelodiar.

 Heilt til det store trekkplasteret entra scena. Då strøymde også publikum til, medan me forflytta oss vidare til eit anna kjendt etablesement: Naboen.

 Her er det som alltid eit yrande liv av normenn som vil ha seg ein å sove på før loppekassa skal oppsøkast, om det er kl 23 eller 03. Naboen har pussa opp sidan sist eg var her. Det er komme nye møblar og lokalet er vorte meir heilheitleg innreia. det er også plass til fleire folk enn før. Men betjeninga er den samme.

 I dag har det vore bondens marknad i Puerto Rico. Det er det annankvar søndag. Dei held til i parken nedanfor senteret og det var godt besøkt.

 Handelen gjekk strykande for dei fleste og tilbodet var stort. Eg såg vel fleire sortar av jordas grøde i dag enn eg nokon gong har sett på ein gong.


Jordbæra var ein av dei meir kjende sortane men dei har me mykje betre og finare heime i Luster om et par månadars tid.

Verfenomenet calima held seg i dag også så det er i mesta laget heitt. Gradestokken viser 27.5 grader her eg sit inne og skriv. Ute er det betydeleg heitare.

No har me berre to heile dagar att av årets sydenferie. Onsdag midt på dagen kjem bussen og hentar oss og bringar oss til flyplassen. Og plutseleg er me i Luster att. Det gledar eg meg til.


Takk for i dag.

lørdag 1. april 2017

Laurdag, calima og 40 ℃ i skuggen

 Det er ein steikande varme her for tida, men det hefta oss ikkje i går kveld.  Aldri så heitt at det ikkje er fint å sitje ute til langt på kveld og ete kjuklingmiddag levert på hengande spyd.

 PÅ veg til rommet vårt vart det freistande å ta med eit bilete av det halvt mørklagde bassengområdet vårt. Det var sikkert over 20 grader då me kom heim i 22 -23 tida i går så med ungdommeleg mot inntakt hadde det sikkert vorte ein dukkert. Men det motet uteblei og turen gjekk til vår lune hule i staden for.
Me har klimaanlegg på romma våre og i går kveld var det godt å sette det på før leggetid. Ellers hadde det ikkje vorte mykje søvn er eg redd  for.

Enno heitare er det i dag. Gradestokken vår viste 39.5 i skuggen på balkongen vår det siste eg såg før den konka ut. På biletet ser de 37.0 som var det høgste eg fekk på foto.
Denne vertypen kallast for calima og er varme vindar som tek med seg støv frå det afrikanske fastlandet.

Eg har halde meg heime og for det meste inne i dag medan Alice har halde ut ei heil stund på solseng i dag også. Det har vore ein del vind så der den tek har det ikkje vore så galt uansett.

No går turen til Playa del Ingles der me har avtala å møte to lustringar for ein triveleg kveld på byen.
Om det slepp gjennom sensuren skal  de få vete meir om det i morgon.

Takk for i dag.

fredag 31. mars 2017

Fredagsbloggen

I går kveld gjekk turen til Puerto Mogan. Me var fire i lag, tre damer og eg, så det gjekk ikkje lenge før fleirtalet hadde funne fyrste stoppestad.  Om det vart nokon handel er eg usikker på då eg for det meste holdt meg ute.

 Ein liten tur inn i døra våga eg meg forresten og der såg eg at damene hadde samla seg rundt ei skohylle. Dette var vel for så vidt ikkje så underleg, men skomerket var nytt for meg.  BIRKENSTOCK er visst det nye,hotte innan sandalar for tida. Eller er eg heilt på viddene?

 Etter handlerunden var det endeleg klart for matøkt. Denne hyggelege mannen ynskte oss vel møtt og fann passande bord til oss. Kvitvin og øl vart bestillt før menyane vart tekne fram for finlesning.

Det vart biff på meg. Entrecôte skrivest det visst på fransk og eg har i ettertid lese meg til at det skal vera det møyraste kjøtet på storfeet nest etter indre og ytrefilet. Dette fann eg på wikipedia men har altså ikkje peiling sjølv. Godt og møyrt og heilt passeleg steikt var det i alle fall. Damene valde frå sjøens delikattesser.

Sidan vart det barrunde der damene valde ein slags jordbærdrink medan eg valde det vanlege, ein veterano.

No var mørket komme over bygda og hamna. Det er stadig fasinerande med den liggande månen. Det var på tide å finne busshaldeplassen og komme seg på heimtur. Etter ein heseblesande spurt rakk me heldigvis siste bussen heim med god margin.

 Meir heseblesande skulle det bli. Det viste seg at me hadde fått bussjåføren frå helvete til å køyre oss heim. I fyrste svingen miste ei jente på setet bak oss taket og rauk over midtgangen og opp i fanget til reiseføljet vårt. Heldigvis var det ei retteleg lettvektar så det skjedde ingen skade. Alle lo hjarteleg unnateke jenta som forsøkte å gøyme seg så best ho kunne bak kompisen sin.


Etter dette lærte alle at her var det om å gjere å halde oss fast. For det gjekk frå galt til verre. Ei slik køyring har eg aldri vore med på. Med lyset på blend, så dårleg at det var knapt eg såg lyset på asfalten gjekk det så det kvein i alle svingar. Ei giring og gassing så det var mest eit under han ikkje kvelva heile bussen. Ei dame i setet framfor oss sag samankrøkt med andletet i fanget heile turen. Ho våga ikkje å sjå opp før bussen hadde stoppa.

Eg trøsta meg med at dette vart berre denne eine turen for oss. Sjåføren hadde heilt sikkert overlevd ei rekke slike turar.


I dag har eg halde meg ved "teltene". Veret er strålande. I ein lun men skuggefull krok på terrassen var det for litt sidan 28 grader.


Takk for i dag.

torsdag 30. mars 2017

Torsdag i andre veka.

 På denne bloggen der kun dei viktige nyhendene slepp gjennom kan eg fortelje at i dag har eg gått til innkjøp av ny hue. Etter grundig overveging er eg kommen til at det kan vere greit å vere eigar av to. Så heretter skal de berre ta det med ro om hua mi heng att på ein stolrygg på Lustrabui og det regnar ute. Eg har ei til.

Bileta i dag er frå ei, for meg,  altenativ side av Puerto Rico. I dag har eg rusla ut på austre moloen som kransar badestranda. Frå der er det fyrste biletet teke.

 Andre biletet er av der eg stod og tok det  fyrste. Turen i dag gjekk etter kvart til den andre hamna her. Eg trur det vert kalla Nye Puerto Rico der og dette biletet er altså teke på veg dit.

Slik ser det ut i småbåthamna der. I tillegg er det også ei bra mykje romslegare hamn for nyttefartøy. I den er det eit yrande liv av båtar i alle storleikar. Her kan du stige på rutebåt til Mogan eller Arguineguin, her kan du bli med på kvalsafari med både store og små båtar, eller du kan leige det båt med kaptein for å dra på havfiske.

Om eit par timar går ture til Puerto Mogan. Det gledar me oss til. Så vil tiden vise om det vert noko å rapportere drefrå. Det kjem i tilfelle i morgon.

Takk for i dag.



onsdag 29. mars 2017

Onsdag, halvveges.


Gårkvelden var prega av krimsjuke som ho bestemor i Skare kalla det og matte augo. Me heldt oss i sofaen og forlysta oss med det svenskane serverte til ei kvar tid på ein kanal dei kallar 4.

I dag har Alice etter kvart funne sin plass i sola. Det var det sers kledelege hovudplagget som fekk meg til å gje plass til dette meir private motivet her på bloggen.

I dag tok eg ut på langtur. Eg sette i veg opp bakkane bak hotellet me bur på. Eg hadde ein grov plan om å forsera høgste ryggane bak her og gå ned att dalen som endar opp på Amadores-stranda. Her er eit bilete nedatt mot stranda i Puerto Rico rett før eg misser utsikta heimatt.

Det var ikkje lenge gjort før også neste åskam var nådd og her ser me strendene utover til Arguineguin. Puerto Rico er for lengst borte bak åsen i forgrunnen.

Det veks ikkje mykje villt her. Stort sett kaktus og ein slags vier. Gjev du det vatn og litt jord derimot, så vil det seg. Dette omfangsrike "tuntreet", planta på ei øy midt i gata og som femner over heile gatebreidda var eit imponerande syn på min veg i dag.


Desse to bileta av Amadores frå ein noko uvanleg vinkel tok eg i det eg såg stranda for fyrste gang ned dei bratte bakkane frå toppen.

 På ein strandrestaurant vart det spansk omelett og eit lite glas øl. Dette er ein lunchrett eg et ofte her nede. Den består seg av omelett med potetskiver i og med salat til. Absolutt noko å anbefale om du er svolten.

Så la eg badestranda bak meg og tok den flate vegen heimatt. Kva kvelden vil bringe er enno ikkje sikkert, men det kan no bli ein tur på senteret kanskje. Ein av oss har i sine gener, arva fossrennande auger ved forkjølelse (krimsjuke)   og om det ikkje gjev seg er det ikkje moro å vere ute blandt folk.

I morgon skal me til Puerto Mogan, men eg trur det vert tid til nokre ord her før me dreg. Om ikkje så veit de altså årsaka.

Takk for i dag.




tirsdag 28. mars 2017

Det 4. reisebrevet.

Me må fyrst av allt i dag få seie takk for mange gode tips om hyggjelege serveringsstadar med god mat. I går var me på ein av dei. Pinocchio serverar ordentleg pasta carbonara, laga etter den rette oppskrifta og med dei rette ingrediensane og det er ikkje sjølvsagt. Også Pizza pepperoni var som den skal vere. Rikeleg med ekte pepperonipølse gjorde det til ei sterk oppleving for madammen å innta den.
Etter maten var det godt med eit glas kaffi. I kveld som ofte ellers etter irsk oppskrift.

Helsa er det ikkje noko nytt å skrive om. Me snårar litt begge to. Me hostar litt også men deler på vidundermedisinen frå i går. Det viktigaste er at me no kan gjere det me kom hit for begge to, den eine solar seg medan den andre labbar gatelangs etter fotomotiv det kan skrivast nokre linjer om.

Eg har telefonen full av foto som skal fortelje om den fuglefjellaktige byggemåten som er nytta i mange av dei bratte hamrane rundt om her. Men som de alle veit som har prøvd på noko slikt, ein ører ikkje i hovudet av å sjå på bileter for å sei der slik. Alikevel kan me kanskje tenka oss utsikta og friheiten ein kan føla der oppe, 2-300 meter over dalbotnen.

Om det ikkje er ein flyplass i nerleiken (og der er det skjeldan)  er det gjerne båthamna eg oppsøker fyrst. Slik var det også i dag. Ein yrande aktivitet av passasjerbåtar som går i rute mellom Arguineguin og Puerto Mogan påminner meg om at ein dag skal me ta den turen. Denne staden, Arguineguin, med namnet eg må slå opp på kvar gang eg skal skrive det og som nordmenn flest uttalar på dei mest festelege måtar tyder forresten stille vatn eller noko slikt. Eg har sett det oversett til engelsk som quiet water. Det er sikker grunna den gode naturlege hamna.

Til slutt i dag vil eg skrive litt om dykk lesarane. Eg har tilgang til fyldige statistikkar til denne bloggen. Eg veit ikkje kven som les, men eg veit blandt anna kor mange de er og kva utstyr de nyttar når de les.
Den datateknologiske utviklinga går fort og mange seier at folk på min alder klarar ikkje å følje med  og dermed vert taparar i medieverda. Dette er stort sett tullprat. Det store fleirtalet tek i bruk nyvinningane. Telefonen for eksempel. Me kallar han for telefon av gammal vane, men det er snart det me brukar han minst til. Eg går ikkje ut frå at denne bloggen går som ei farsott i ungdomsmiljøa for å sei det slik.  Av alle de som les denne bloggen no er det ca 75% som les på telefonen, 20%  brukar nettbrett og 4% av dykk sit som meg no med ei datamaskin framfor dykk.

Takk for i dag.


mandag 27. mars 2017

Mandag med finver.

Eit gatebilete av heimvegen frå senteret opnar dagens blogg. Ingen annan grunn for det enn at det er slik gatene ser ut her og sola skin frå skyfri himmel.

I går ettermiddag fekk me uventa vitjing. Ein slektning og kjenning som me veit bur lengre ut langs stranda her hadde etter kvart utvida ettermiddagstrimmen til dei plutseleg sto nede i havna her. Etter telefonkontakt var me nede og losa dei den siste stubben opp til vårt lune reir for ein koseleg prat før dei måtte gjere vendereis medan dei hadde dagsljos.


Eg har vore på apoteket i dag. Ærendet var å få tak i hostesaft men dama bak disken snakka meg trill rundt. Eg skulle ikkje ha hostesaft. Ho visste dei hadde noko slikt i Norge, men sjå her kva du skal ha. Ho vart borte ein agneblunk og kom att med to øskjer som ho viste meg. Eg var til og antyda at ho fekk velje ho som hadde greie på slikt, men vart fort avfeia att. Eg skulle ha begge. "Sjå her, av denne skal du ta ei skei morgon middag og kveld og denne tek du 20 dropar utblanda i litt vatn, også denne 3 gonger for dagen i lag med den andre. Ja du treng ikkje ta dei i vatn om du klarar å få i deg 20 dropar på anna vis, men høyr på meg det er enklast med litt vatn. Og så drikk du mykje vatn heile dagen så er du snart frisk. God betring, 20 euro takk." Oversett etter hugset av meg.

På heimveg passerte eg 3-4 svenske damer som hadde stillt seg opp langs gangvegen. Eg sakka på litt, nyfiken som eg er, og såg overskrifta. Gode nyheiter frå Bibelen stod det. Bibelen er heilag for mange og evige sanningar er det også svært mange som menar den inneheld så eg skal vere forsiktig med kjeften, eller tastaturet no. Alikevel, nokon nyhende står det vel knapt der. Den dramatiske reportasjen frå Getsemane og Golgata vart vel publisert for snart 2000 år sidan.

 I mangel av hund eller katt har eg hyra inn ei due til å rydde golvet for smular. Ho kjem eit par gonger for dagen og gjer ein grundig jobb før ho ruslar ut i sola att.

Som de ser av bilet og temaval er det ikkje så mykje som skjer her. Eg er stadig ikkje i form til dei store utfluktene, men me kosar oss i sola og nyt dei late, gjeralause dagane.

Med to flasker vidundermedisin og ein stor pose marshmallows på bordet skal du sjå eg snart er heile kar att. Takk for i dag og:
Stay Tuned






.

søndag 26. mars 2017

Dag 4 og stadig uggen.


Som ein hoggorm om våren forsøkte eg i dag å lata sola steike meg frisk. Om de reagerar på den svarte t-skjorta skal de vete at eg prøvde meg utan også men har valt å spare dykk for det.
Det vert til tider sagt at av allt som ikkje gjer oss friske att er cognac det beste. Eg trur at ein colaboks innteken med den varmande sola midt i fleisen er betre.

I går kveld stabba eg meg ned på senteret for eit  varmt måltid. Der sit det ein kar og teiknar. Eg tek sjansen å legge ut eit slikt bilete. Lat meg fyrst sei at kunden veit omtrent kva dei får før dei sit seg til rette, men det er vel ikkje akkurat dette den gamle oldemora ynskjer på veggen for å minnast barnebarnet sitt.

Det er ein uendelegheit med "restaurantar" her og sidan me er lite kjende enno er det tilfeldig kor me hamnar. I går følte me at det var kun flaks som berga oss. Maten var god nok, men betjeningen var lite røynde. Eg bestillte lasagne og fekk pomfritt til. Poteter til lasagne er i alle fall ikkje eg van med.
Då me hadde ete opp og dei hadde henta tallerkenane våre kom det ein kar og spurde kva me hadde ete. Dei hadde gløymt å skrive det på computeren som han sa. Då me gjekk derifrå var ikkje eit einaste bord rydda. 

Alice er ikkje den som skryt på seg evna å finne vegen frå a til b. Ho er nok betre enn ho sjølv trur, men i dag er ein barriere broten. Ho har nyss vore ute for, på aller mest forsiktig vis, å sjå om ho heilt åleine og med berre nokon små tips kunne finne stien til Amadores. For litt sidan kom meldinga på telefonen: AMADORES!!! Ho sa ikkje mykje då ho kom att, men eg trur ho er bra kry over bragda så ho tek mot gratulasjonar.

Aktiviteten har ikkje vore stor så langt her nede i varmen, men eg kjenner at sykja er på retrett så i morgon kan det kanskje bli fullverdig sydenliv på oss også.

For 4. gang denne våren; takk for i dag og  Stay Tuned