tirsdag 12. april 2011

Kva skal det bli til med utleigehyttene ved Solstrand

Omregulering av området til utleigehyttene ved Solstrand i Luster skal handsamast i kommunestyret torsdag 14 april. Fuhr Bygg ber om å få omregulere området til privat hyttebygging slik at dei kan selje dei enkeltvis som privathytter. Dette har dei så langt fått nei til.
Dette er eg grunnleggande uenig i, noko eg håpar eit fleirtal av dei folkevalde også blir på torsdag.
Visst har Solstrand-området i mange tiår vore nytta til reiselivsaktivitetar gjennom Solstrand Pensjonat. Området var godt egna til formålet og kunne gjerne vore slik. Eit "overnattingsprodukt" som disponerte heile tomten inklusiv dei eksisterande hyttene, pensjonattomten og heile området rundt Kjempeneset hadde ein suveren tomt som utgangspunkt. Men slik er det ikkje. Det er forlengst bestemt at mest heile området skal byggast ut med private bustadar og private hytter. Slik er det også utbygt. Det ligg berre att ei lita rute nedi stranda til utleige. Der står det inneklemt eit hus med 6 utleigeeiningar. Her er ingen mogelegheit for utviding og slik marknaden har reagert på salgsannonsar er det forståeleg nok ingen som ser på dette som eit eigna utleigeprosjekt.


Kva er så argumenta for å ha det som i dag.


Ein må verne om reiselivsnæringa og anna lokal omsetning som kjem som føljer av det.
Med den utleigeaktiviteten det så langt har vore mogleg å få til vil det generere adskillig meir lokal omsetnad dersom det er sjølveigarar som eig hyttene. Det som til no har vist seg er at dei eksisterande hyttene i området er svært mykje nytta. Høgst sannsynleg vil det bli mange fleire overnattingsdøger som privathytte enn utleigehytte.


Ein må verne om allemannsretten. Sikre bygdafolk sin tilgjenge til fjorden.
Eg har vore ivrig nyttar av sjø og strand gjennom heile livet. Stort sett heile stranda i Luster har vorte innebygd av bustadhus eller reiselivverksemder. Det som har vore praksis er at eigarane av desse husa ikkje har rekna stranda som "sin private eigedom". Eg har i alle fall aldrig vorte avvist nokon stad i stranda  under privathus og det har vore tradisjon å rekne stranda som ein del av allemannsretten. Unntaket er der det er reiselivsverksemder. På dei strendene (Dalsøren Camping og Solstrand Pensjonat) har me rekna at turistane har fyrsteretten og til dels eineretten.


Det kan skapa presedens. Det blir fritt fram for alle med utleigehytter å krevja å få selja.
Denne saka er heilt spesiell. Gjennom tidlegare reguleringsplanar er området allerede avsett til andre formål, dvs bustadbygging og privat hyttebygging. Det er ikkje mogeleg å utvide utleigeverksemda og det er ikkje interresse blandt andre reiselivsbedrifter i kommunen å kjøpe desse hyttene som tilskot til eksisterande utleigeaktivitet. Jfr. manglande respons på salsframstøyt.


Det er då, etter mitt vet, berre eit argument att og det er  at det er bestemt å vera slik og ein vil ikkje snu. Dersom ein snur får Fuhr Bygg det slik dei vil og kanskje har villa heile tida. Dei folkevalde kan derfor føla seg noko lurde, eller føla at dei har vore med på eit spel der dei tapar desom dei no seier ja. Men, den store taparen er bygda der dette fine anlegget skal stå tomt og forfalla dersom alternativet er kjøparar som vil nytte desse hyttene og denne bygda til sin faste rekreasjonsstad.


Eg håpar at kommunestyret torsdag gjer om vedtaket i plan og forvaltningstyret og let Fuhr Bygg få omregulere hyttetomten slik at dei kan få selje hyttene enkeltvis.
Hyttebygginga rundt Kjempeneset har vore ein suksesshistorie frå fyrste stund. Det blir sagt mykje om verdiskapinge rundt hyttebygging og hyttefelt rundt om i kommunen. Her er det gjennomført med hell. Alle tomtane er teke i bruk av godt nøgde hytteeigarar. Ja det er til og med ein familie som har teke steget heilt ut og flytta permanent til hytta si.

onsdag 6. april 2011

Heimreise.


Tida er inne for pakking og heimreise. Eg vil med dette takka alle lesarar av denne reisebloggen. Det har vore over all forventing oppslutning om han i år. Dei er i skrivande stund lest eittusentohundreogførtiåtte - 1248 ganger. Det vil sei at kvar melding heim er lest i gjennomsnitt ca 90 ganger.
Den bloggen som er lest flest ganger er "Trist laurdag". Den er det 171 personar som har lese.

Takk for i år. No dreg me.

tirsdag 5. april 2011

Den siste dagen under palmene.

I dag er det innspurt på allt. Min form for innspurt vart ein spasertur gjennom området der lokalbefolkningen bur. Storparten bur i blokker medan dei "rike" bur i fint fråseggjorde einebustadar i lokale "holmenkollåsar". Eg veit ikkje kvar på rangstigen dei befinn seg dei som bur i slike hus som de ser nedanfor her.
Det er ein del som bur slik. Men som de ser er det ikkje noko å sei på bilpark og parabolsamling på taket. Det verkar for at folk flest tradisjonellt ikkje er særleg opptekne av korleis dei har det rundt seg heime. Dei nyttar ikkje mykje tid heime heller. På fritida er dei mykje ute, gjerne på ei lokal kneipe.

Heimturen frå forstadens bakgård la eg innom den lokale Dacia-forhandlaren. Det visar seg at det går ein heil del slike bilar her nede. For den som ikkje allt veit det er Dacia ein billigversjon av Renault produsert i austeuropa ein stad. Dei hadde ingen Dacia på lager men mange Renaultar. Dersom du lurer kva ein Dacia er kan du sjå bakenden på ein Dacia Duster DcI på den fyrste bloggen min i år.
Men Renault hadde dei i utstillinga. Her er ein av dei, ein Renault Megane 1.4 Tce 130 cv .
Tipo carburante: Gasolina.  Prisen på denne bilen er like under 200 000 kroner.
Ein ny småbil kostar ca 80 -100 000.
 
Drivstoffprisane er også å leva med for oss med norske lønningar i lommeboka. Diesel til vel 7 kroner literen med dagens kursar og bensin i underkant av 8 kroner.
Som før nemt, dette er siste feriedagen vår. Den skulle nyttast til allt anna enn soling, men då dagen kom med skyfri himmel vart det soling i dag også. Fyrst på bassengkanten rett etter frukost medan, som de ser, no er vi komne til innspurten heime på terrassen. Ein blir aldrig så brun at ein ikkje kan bli enno litt brunare. Og så er det kanskje lenge til ein kan sitte slik heime.

mandag 4. april 2011

Kvardag på Fjordglas

Det er no vel 2 døger sidan me fekk dødsbodskapet heimanfrå og det er kvardag att. Eg har hatt mange år som arbeidskamerat til Peder på trevarefabrikken uti Sanatorievegen under skiftande firmanamn. På ein dag som denne går tankane fyrst og fremst til dei som møtte opp på Fjordglas før 7 i dag tideleg. Det var nok stille rundt borda på spisesalen då.  Peder sine mangfaldige kommentarar mangla, og dei skal aldrig forlysta ein morgongretten forsamling lenger. Han var ein beskjeden mann for så vidt. Alikevel vart han synleg og eit sentrum i alle forsamlingar. Aldrig meir skal kommentarane frå karmpressa romla gjennom lokala. Desse utsegnene ein må ha kjendt karen ei tid for verkeleg å forstå og setta pris på.
Det er ei tid for oss alle, no har ein av oss brukt opp si. Det er noko ekstra tankevekkande  det at ein jamnaldring døyr. Det kjem så tett innpå oss, det at livet ikkje varer evig.
Eg har sett eit dikt eller visdomsord ein plass ein gong. Eg veit heller ikkje kven som har skrive det. Det lyder slik:

Det er en katastrofe
at en må bli gammel
for helt å fatte
at livet er kort.

Dette var ei lita helsing frå oss fire på den nest siste heile dagen vi har her under ekvator for denne gangen. Onsdag ved middagstid dreg me herifrå og tek til på den lange heimreisa. Me er meir eller mindre leie alle saman no og lengtar heim til kvardagen.

søndag 3. april 2011

Båttur til Mogan

I dag har me teke båtturen frå Arguineguin til Mogan. Her ser de havna i Arguineguin forsvinn bak oss. Også i dag med strålande vær. Morgonen heime i bustaden var så passeleg, noko overskya, men fin temperatur, men me var ikkje meir enn kommen i taxien før det lysna opp.
Her ser de innlaupet til havna i Puerto Rico. Det er i det lustringane her nede kallar "nye Puerto Rico" at båten legg til no. Som de ser er dei stupbratte fjellhellingane godt utnytta. Her nede kler dei både fjell og flate med bustadhus og hotell.
Men som de ser her, det finns idyllar frå fjord til fjell att. Dette biletet er teke frå havna I Puerto Rico.
Eit blikk inn i hovuddalen, det eigentlege Puerto Rico må me også koste på oss. Biletet er teke i det me passerar innlaupet på vår veg mot Mogan. Dette er mange lustringar sin favorittferiestad. Det er ikkje mange dagar i sesongen at det ikkje er ein familie eller fem frå Luster innlosjert her.
Eit blikk inn på Amadoresstranda må også til. Det er ikkje rart at mange tek spaserturen ut til denne stranda for soling og bading. Dette er også kjende trakter for sydenfararar frå Luster
Så ser me endepunktet for turen vår, Mogan, eller Puerto de Mogan som det vel heiter. Det er ein dal opp frå denne havnestaden. Oppover der eit stykke ligg landsbyen Mogan.
Alle stadar her må sjølvsagt ha si eiga badestrand, og dette er altså stranda i Mogan
Mogan er nok den staden med høgast status her nede. Det er den til no vestligaste turistdestinasjonen på øya. Det er også den finaste på den måten at det er tenkt arkitektur og heilheit under utbygginga. Dette i tillegg til at det ligg ein fiskelandsby her som turistbyen er vorte ein del av. Det er også finare tilstellt her med blomsterprakt i mest alle gater. Her ser de Alice i ei av dei mange "smuga" mellom husa nede på havna. Under ser de eit anna eksempel på kor mykje arbeide det er lagt ned for å gjera det fint og triveleg her.

Då var omvisninga slutt. Her har eg fanga inn lunchen min. Spansk omelett med salat og eit glas øl til.
På biletet under ser de reiseføljet minus fotografen sit og ventar på båtavgang attende til Arguineguin

lørdag 2. april 2011

Trist laurdag

 I går kjøpte eg meg nytt kompaktkamera. Derfor dette klassiske biletet. Dette motivet er vel standard på dei fleste minnekort som forlet Playa del Ingles men altså, dette er teke i dag. Det viser stranda frå hovudnedgangen og vestover mot Maspalomas. Utanfor odden de ser er det ei omlag like lang badestrand ut til el Faro.
 Noko relativt nytt ser ein når ein snur seg den andre vegen, mot San Augustin. Der er stranda utvida monaleg. Der er det bygd fleire moloar slik at sanden vert liggande. Bak kvar slik molo slepp ein også fri havdønningane så dette er vorte populære badeplassar, ikkje minst for barnefamiliar.
Dette var litt oppdatering for dykk som er kjende på desse traktene, men ikkje har vore her på ei tid.
 Det er mange måtar å tjene til livets opphald på her. Dette er ein av dei. Å kle seg ut, og agere som ein statue. Det er som regel meistarleg gjort. Dei står dørgande stille i timevis, berre avbrote av ein liten høfleg gest kvar gong det kling av myntar i kassa framfor dei. Eg tok meg den friheit å gå verkeleg nær innpå for å konstatere at det verkeleg er liv i sjørøvaren.

Eit bilete frå min og KA sin rasteplass i San Augustin i dag, der me set og speida utover det uendelege havet får vere avsluttninga i dag. Me har nyss fått den triste meldinga om at ein god ven og jamnaldring har forlete tida vår dette siste døgeret. Det seiest ofte at "havet, døden og kjerleiken" skal romme allt i livet. Kanskje er det også slik om ein let det uendelege havet representere jorda vår. Det er trass allt slik at over 70%  av jordkloden er nettopp hav.

fredag 1. april 2011

Festleg kveld i Puerto Rico

 
Han svinger sin dame så yndig og lett, nesten kokett, blir aldrig trett.
I går kveld var me til Puerto Rico (porten inn til dei rikes verden?). Der hadde me avtale om å besøka to grupper lustringar på sydenreise. Her ser de den mest røynde av oss svingar sin dame på dansegolvet. Men fyrst var det middag.
Heile 12 var me til bords då me hadde samlast alle saman. No vart det ikkje gjort noko stort tema utav det, men den observange blogglesar kan kanskje sjå ein nyfeira 50 åring ved navn Ottar i bakgrunnen.
Etter bordseta gjekk turen til dansing og allsang. Stadig var det trongt rundt bordet vårt. Som de ser under var stemninga god og me mora oss kongeleg alle saman

 I dag har eg og Alice vore på handletur eller kikketur kan me kanskje kalle det for det blir mange timar studering for kvar handel som blir gjort. Men det er vel det som er stasen etter som eg forstår. Her eit bilete teke med det nyinnkjøpte kameraet mitt. Det er teke i det me tok oss ein liten pust i bakken på veg heimatt.
Været er stadig like strålande og værmeldinga er prima fram til onsdag. Då vender me nasen heimover  og blir plutseleg meir opptekne av vårteikn på indre Vestlandet.