lørdag 24. mai 2008

Finale

Så er endeleg taket ferdig. No manglar det berre ei god regnbye for å vaske det reint for sagspon og anna smårusk. Og, for ikkje å gløyma, for å testa takrennene. Det har det ikje vore rart med på mange år.
Det seiest at det innvendige i huset er ditt eige så der kan du gjere som du vil, men utsida er naboane si. Den er det dei som er forvist til å sjå. Her er bilete frå nabostovevindauga. (Puh)
Det er vel naboane som merkar mest endring. Eg seier til alle naboar som les dette. Gratulerer med nytt nabotak.

Så til den store utfordringa. Kva skal no denne bloggen innehalda, no når eg ikkje er på ferie og ikkje skifter tak lenger.
Eg har ei lita niese nede på sørvestlandet som også har våga seg ut i offentlegheita; bhmartinsen.blogspot.com, eg håpar det kjem noko inspirasjon derifrå.

torsdag 22. mai 2008

Semifinale

Det er ikkje lett å finna nye måtar å skriva at no er snart jobben gjort. Også i dag blir det arbeide med dei siste detaljane. Mykje krokar i kombinasjon med eit gammalt hus frå før laservateren si tid gjer at det blir ein del tilpasningar til slutt. I dag blir det redusert dag på taket, men i morgon blir det full dag att. Då menar Kjell, som er aleine her no, at han skal bli ferdig.

Her ser de allt bosset som blei. No er det å avtala levering i Festingedalen.

tirsdag 20. mai 2008

TTT


Dei tre tear Ting Tar Tid er naturleg å nytta som overskrift i dag. For to dagar sidan vart det sagt i ein optimistisk rus at no var det kanskje ein dag att. Det vart ikkje slik. Ikkje var det to dagar att heller. No er dag to av innspurten over og me ser at det verkeleg nermar seg slutten. Når morgondagen er ende er det nok ikkje mykje att.



Om nokon som ventar på snekkar les dette skal de veta at Ting Tar Tid når alle dei små detaljane til slutt skal ferdiggjerast.
Så får de vera snille når desse snekkarane kjem til dykk, nokre dagar seinare enn ein optimistisk kunne ønskja.

mandag 19. mai 2008

Nest siste dag?



Bileta i dag er frå i dag tideleg og i kveld etter arbeidstid. Som det går fram av bileta nermar det seg slutten. I dag tideleg sa byggmeistaren at dei kunne bli ferdige i dag, men han var ofte litt for optimistisk i slike vurderingar sa han. Dei vart ikkje ferdig og det forundra ikkje meg. Trass allt hadde dei att både isolering, takbygging og montering av takrenner då eg forlet dei. Det ser vel ut for at dei blir ferdig i morgon og det er me godt nøgde med.
Det endelege svaret kjem på denne bloggen i morgon kveld.

Som det går fram av tidlegare innlegg i denne bloggen hadde eg det ærefulle oppdraget å stå for 17 mai-talen i år. Enkelte familiemedlemmar har ytra ynskje om å få manuset utlagt her.
Det er eg usikker på om er lurt. Ein slik tale er ikkje eit manus,men ein framføring. Ikkje sa eg nøyaktig det same som det stod i manuset, og det er sikkert ting i slike manus som er meint for det talte ord, som ikkje kjem fram i teksten.

Me får sjå. De får by inn til ei familiesamkomma og gje meg ordet uavbrote i 12 minuttar, så kanskje det blir ein reprise. he he.

lørdag 17. mai 2008

17 mai kveld.

Så er den offisielle feiringa over. Allt gjekk etter programmet og talen min gjekk greit. Litt usikkert vær gjorde at talen vart halden inne i samfunnsalen men med høgtalarar ute for dei som foretrakk frisk og kjølig luft.
Eg fekk inntrykk av at det var mykje folk oppmøtte og arangørane var godt fornøgde med dagen.

17 mai


Så er dagen kommen. Dagens bilete viser arbeidsplassen min i dag. Talen er utskriven for siste gong. Det vart litt handskrive i tillegg på denne utskrifta også. Denne 17 mai talen er nok det som tumlar rundt i hovudet mitt i dag også. Dette oppdraget vart nok meir høgtidleg "inne i mitt hovud" enn eg trudde då eg sa ja.
Men eg gler meg.

fredag 16. mai 2008

Dagen før dagen

Også i dag er det framgang på taket. Ikkje så mykje synleg etter at dei har lagt over presenning for langhelg, men skråtaket på baksida som skal lagast nytt er mest ferdig. Ikkje noko bilete i dag.

Denne kvelden vil nok bera litt preg av at eg skal halda 17 mai talen i heimbygda mi. Eg har skrive på den lenge no, så eg føler vel eg har bra kontroll , men det blir litt sommarfuglar i magen alikevel.
Det blir litt spesiellt å møte opp til folketoget frå kyrkja til skuleplassen i morgon.

torsdag 15. mai 2008

Dag 8



Så er tre sider ferdig. Til glede for alle, ikkje minst dei som set mest pris på ein tilgjengeleg veranda att. Det er utruleg kor mykje det gjer utsjåandemessig også, det å få på nytt tak.

tirsdag 13. mai 2008

Dag 6



Det går rasnde rasande fort på taket. Når no den 6. dagen er omme, den 5. på taket, nermar dei seg ferdig på 3 sider. Takrenna er opplagd mest heilt rundt og det er berre siste rasta med "stein" ned mot renna som er att. Været er like strålande så timinga med takskifte kune ikkje vore betre.
I morgoon reknar eg med at dei gjer ferdig tre sider og fjernar stilaset. Det blir fint å få tilgang til altanen att.

lørdag 10. mai 2008

Nytt tak dag 5


Takprosjektet går stadig framover. No er dei ferdig med isoleringa, trur eg, og som de ser er dei starta med sjølve taklegginga. Pinsefri med besøk frå Brummunddal og strålande vær, full sommar, yrande liv rundt svabui og Lustrabui. "Livet ær hærlig dere"

Nytt tak dag 4



Det går stadig framover.
Som de ser er snart raustloftet ferdig reingjort for isolering. Ein skulle tru et ar ei gamal uteløe dei held på og restaurerar, når ein ser kor mykje turrhøy dei har fjerna. Det var vel den beste isolasjonen som var tilgjengeleg på 50 talet.
Litt spanande om dei får tett tak til helga.

Nytt tak dag 3




Den tredje dagen gjek med til å rive fjerde sida av taket. I tllegg tok dei vekk deler av sutaket og rydda på raustloftet. Som de ser på biletet var det litt av kvart der. Her blir donaldbøker, Illustrert ukeblad frå tidleg 60 tal meir eller mindre heile leiker komplette kladdebøker til to generasjonar og barneklede sorterte. Det meste gjekk i søpla. Eg har teke vare på klassebilete frå Askelund 69, vognkort og bilete av fyrste bilen min og merkebrev for fyrste båten min.
I morgon blir det isolering av heile lemen før dei tettar taket.

Nytt tak dag 2



Endeleg er me i gang med takskifte. Sutaket har ikkje vore synleg sidan i 1951 -52.
Byggmeistar Holen tykte alikevel ikkje det var dårlegare enn venta. Lite eller ikkje rote men materialvalet ber preg av byggevaremangel etter krigen.
I går sette dei opp stillasar og henta materialar. Som de ser på bileta har dei rive takplatene og lagt på ny takpapp på tre av fire sider fyrste dagen på taket.