onsdag 28. mars 2018

Reiseblogg 14 Heimreisedagen.

Så er årets sydentur over og me skal heim. Flyet går ikkje før kl 18.40 så me må finne på noko å gjere i dag også. Me må ut av rommet kl 12 så då vert me huslause i 3 -4 timar til det er tid for å sette kursen for flyplassen.

Den 31. mars 2008 la eg ut dette biletet som ein test. Det var det fyrste bilete eg la ut herifrå. Då var eg på internettkafe og skreiv. Der var det ikkje mogeleg å få overført bilete frå kamera til datamaskin så eg tok bilete med mobiltelefon og sende til bloggen på ei spesiell epostadresse. 

Deretter var eg på kafe og skreiv teksten rundt bileta. Tida har forandra seg.

Det var ikkje den aller beste biletkvaliteten på mobilkamera for 10 år sidan. 

Om eg skal dra fram eit par bileter frå i år er det naturleg for meg å vise dette. Mykje god mat er noko som går att på desse turane. Her er eit svært måltid på vår lokale kinarestaurant innteke.

Tre måltid i samla flokk er også noko me ser attende på med glede. Den andre gongen var me 4 i lag, medan den tredje var me samla heile 8 lustringar rundt bordet.

Men ellers har me gått to aleine alle desse 14 dagane me har hatt tilhold på Playa del Ingles. Me har ikkje sett eit einaste kjendt andlet utanom dei tre avtalte samlingane. Me saknar nok begge reiseføljet vårt frå dei fyrste 13 turane hit ned. Det å gå turar rundt i nærområdet her slik eg likar er i alle fall noko heilt anna enn om ein er to i lag med samme mål for dagen.

No ser det slik ut hjå oss. det er pakketid. Om ein liten time må me vere ute av huset vårt og vert "uteliggarar" fram til i 2 tida i natt då me reknar med å vere komne på hotellrommet vårt på Flesland.

I dag er verfenomenet calima på veg til oss. Det er sandstøv frå saharaørkenen som vert ført med vinden ut hit. Lufta vert full av sandpartiklar, sola bryt ikkje heilt gjennom men det vert oftast trykkande varmt.

Dett er det heilt ok å reise frå. Det er på ingen måte noko å trakte etter så no lukkar me koffertane og dreg ut på gata og ventar på tida for endeleg avreise. Me bestiller drosje til ca halv fire, så har me eit par timar til å sjå på flya på flyplassen før det er vår tur til å gå ombord..

Det var det.

Takk for føljet for i år.

PS Hugs quizen på Lustrabui laurdag kl 20.00






tirsdag 27. mars 2018

Reiseblogg dag 13 Den siste heile dagen.

Når ein les islandsk meny ser ein verkeleg kvar islendingane stammar frå og kor rotekte dialekten vår er. 
Ofnsteiktur halfur kjuklingur. 
Kjuklingabringa. 
Nautasteik med lauk.
For ein lustring som har vore lite uti verdi er dette lettare å forstå enn bokmål.

Nok om det. I dag har eg vore på stranda:

 Noko bøljer, men eit yrande liv og tusenvis på tur til og frå el Faro. Det er den lange strandturen her, totalt ca 6,5 km seier google map eg tok ut på i dag.
Her er turen:
Det var langt nok for meg. Det blei drosje heimatt. Alderen kjem ikkje åleine og formen har visst forsvunne med åra.

 Men ein fin tur er det og det var eg ikkje aleine om å komme på i dag. Eg gjekk i eit folkehav heile vegen. Sol og varmt, men ikkje for varmt. Ein svalande trekk frå havet haldt meg nokolunde turr på ryggen heile turen.

 Som det ofte blir etter uver, såg deler av stranda slik ut. Då må me opp i den turre sanden eller gå i steinura. Då er sanden å føretrekka sjølv om det er tungt og det går sakte.

 Det var godt å sjå enden på turen. Det som svirra rundt i tankane mine på dette tidspunktet var om eg skulle tora å setta meg i drosje med ein gong. Kva om eg ikkje fekk dei trøytte føtene med meg inn. Kva om eg fekk krampe undevegs.

 Her har eg berre 10 meter att før eg har fast land under føtene. Det var godt å kommen på hellelagd grunn att. Det var også godt å komme heim til lunch-kafeen vår, sliten, svolten og tørst.

No er det påskequiz på Lustrabui som står for tur. 


Som de ser er dei sju fyrste spørsmålslinjene på omgang 3 tomme enno. Det er det mange andre også som er, men eg er i gang. Det håpar eg dei to andre  quiz-masterane Svein Tore og Arve er også. Me har alltid tre spørsmål henta frå reportasjar i Sogn Avis. Denne gongen er dei henta frå onsdag 28. mars då det ikkje kjem ut avis på påskeafta.

Sluttar dagen i dag med å ynskje alle vel møtt til Påskequiz på Lustrabui laurdag 31. mars kl 20.00.

Takk for i dag. I morgon vert det pakking, men det blir vel tid til ei lita helsing her for det.



mandag 26. mars 2018

Reiseblogg 12. Innspurt.

 Det vart tur til Nye Trollstua i går kveld, men det vart ein nedtur. Det er mange år sidan det har vore noko å skryte av maten dei serverar der, men i går var det rett ille for å sei det som det er. Me kjøpte oss schnitzel men den var både liten, turr og oversteikt. Kalde kokte grønsaker er heller ikkje etter min smak.
Pluss for ok lokaler som til stadigheit får oppdateringar og greie personaler. 

 Ein skikk her nede er at me får ein liten skvett av eit eller anna, oftast ein søt likør, når me betalar for oss. Heller ikkje dette var dei heldig med denne kvelden. Ei miniutgåve av noko som skulle etterlikna irish coffe som rett og slett smaka vondt.

 Me holdt oss til det norske denne kvelden. Etter Trollstua gjekk turen til Naboen. Dette vart ein ordentleg opptur. Ein innleigd trubadur gjorde det til ei fryd å sitte og nippe til eit glas og nynne med. Det vart visst litt bombardering med telefonsnappar av ymse slag heim att til ein av våre lokale trubadurar også. Til vårt forsvar må det seiast at det var godt meint og hensikta var å lata andre også ta litt del i den gode stemninga me opplevde.

 Rundt midnatts tider strena me heim att og det var godt å sjå att kjennemerka utanfor der me bur. Eg har vel tidlegare fortalt om dei kanskje lugubre aktivitetane som føregår i kjellaren vår.

 Her må det presiserast at fruen står og granskar menyen til denne kveldens utvalde serveringsstad og er på ingen måte på veg ned i syndens hule. Me gjekk inn døra til venstre begge to.

Der kunne me konstatere at temperaturen var nøyaktig 20 grader ved midnatt. Det er å leve med.

I dag har me ikkje gjort stort anna enn ingen ting. Dei fyrste skyene på denne turen såg me på føremiddagen i dag så shopparen blandt oss tok turen ut i det ukjend og kom heim med nye skor. Det var tydeleg at ho var kry både for å ha utfordra komfortsona si og for skokjøpet.

No har me att ein dag i fri dressur i sola deretter vert det pakking og heimreise onsdag.

Takk for i dag.

søndag 25. mars 2018

Reiseblogg dag 11. To heil dagar att

 Etter gode anbefalingar vart det denne staden me oppsøkte for inntak av gårdagens middagsmåltid. Dette er ein restaurant som marknadsfører seg som mexikansk og husets frue tok konsekvensen av det. Det vart noko tacolignande greier, ei lefse med noko inni. 
Etterpå fann ho ein venn i ein statue av ein staut mexikanar.

 Etter matøkta strena me rett over rundkøyringa og inn på Kasbah der det var laurdagsdans. Eg har synt bileter herfrå før, men eg trur ikkje eg har sett så mange gjester her som denne kvelden. 

 For dei mange lustringar som har vore innom Playa del Ingles på kveldstid er dette ein kjend mann. Han vandrar frå bord til bord og tilbyr gjestene å kjøpa brende mandlar. Han har vore fast inventar her så lenge me har farta hit og sikkert mykje lengre.

 Det har vore mykje om og men om flyturen i år. Me veit enno ikkje nøyaktig tidspunkt, men i dag sende Tui bilete av flyet me skal reise med. Litt frynsete i kantane kanskje, men som de ser, motorane er nye og det er no dei som er viktigaste for at me kjem heile heim.

De er ikkje lette å lure.  Dette er det same flyet etter oppussing det  står utstillt ved Bahia Feliz. Det er flyklubben her som eig flyet og er eit av dei fyrste flya som landa på Gran Canaria med pakketuristar. Det var i bruk til det frå 1965 til 1976. Det var då eigd av Spantax. Det har også vore eigd av SAS ein kort periode. Dei tok det ikkje i bruk før dei selde det vidare.
Flyet er ein 1958 modell Douglas DC 7 og er mala i fargane til flyselskapet Bitner Canarias som var med flyklubben å stelle det til slik det ser ut idag.

I dag har eg ikkje flytta meg lengre enn ut på fortauet for å kjøpe meg ein tortilla española til lunch eller spansk omelett som me kallar det.

I kveld går visst turen til Nye Trollstova som den heiter, Den har fått tilført ordet Nye for den fyrste gjekk konkurs for nokre år sidan. Dette er ein erkenorsk serveringsstad og det er kanskje forsiktig heimlengsle som gjer at me vel slik når me no berre har to heile dagar att før me skal heim til vinter med litt vår i.

Takk for i dag.

lørdag 24. mars 2018

Reiseblogg dag 10. Ut i naturen.

I dag har eg vore ute og spasert att. Turen gjekk mot fjella i nord, men planen var aldri å bestige nokon av dei. Det starta med at eg rusla gjennom ein fredeleg "kvadratur" i San Fernando og slik bur dei der. Eit rutemønster mellom husa nett så breidt at ein bil kan lure seg inn. Det er ingen parkeringsplassar så det er berre dei mest naudsynte ærenda ein kan gjere med bil og så er det rett ut att.


 Det er ikkje nett uteplass for ein storfamilie. Litt blomar og ein stol er allt det er plass til på det området kvar leiligheit disponerar under open himmel.


 Men det var altså "villmarka" eg skulle oppsøke i dag og den startar vel omtrent her. Det er mange fine turar ein kan gå i området her, men det er tilnerma ørken over allt og me ser aldri rennande vatn nokon stad unnateke når det regnar. 


 Motorvegen som no er utbygd langs hele sørsida av Gran Canaria er av ordentleg høg klasse, men det trengst også. Over 380 000 turistar landa her i januar i år. Det betyr at over 24 000 menneskjer skal fraktast til eller frå flyplassen kvar dag. Når ein legg til all lokaltrafikken som må til for at varer og folk skal komme seg fram for å betjene denne folkemassen trengst det gode vegar.



 Sjølv om det er mange turistar her er det alikevel god plass her. Dei fleste vil bu relativt nær havet så bak den stripa kan dei flotte seg med god plass til f.eks. rundkøyringar. Fint pynta er dei som regel også. Her har dei gjeve plass til  ei kunstnarisk utforma ku.


Etter ti dagar på ferie der heile poenget er å kvile og gjere minst mogeleg er det ikkje så greit å finne noko å skrive om kvar dag. Her sluttar dagens forteljing med eit bilete frå audemarka og heim att til byen vår. Det er mest utruleg at ein lustring som er  oppvaksen og har levd alle sine dagar inn under jotunheimen kan bli  urbanisert på ti dagar. Når eg kjem heim skal eg bli meg sjølv att utan unødvendige opphald.

PS. Som de ser er er veret strålande. Blå himmel og rundt 25 grader i skuggen kvar dag så langt.

Takk for i dag.


fredag 23. mars 2018

Reiseblogg dag 9, etter ein rangel.

 Gårdagens innkjøpte brunost fekk eg også etter kvart smake på. Som regel når eg er på reise, sender eg heim til venner og kjende eit bilete av eit glas med te og ein etterlikning av Lustrabui sine kanelsnurrar. Kanelsnurr har eg ikkje sett her nede så krisprolls med brunost og min nye hatt pent dandert i bakgrunnen får gjere nytten. Teen servert i min eigen nyinnkjøpte kopp.


 Fyrste delen av kvelden oppheldt me oss i ein buss som var eit kvarter etter  ruta. Det gjekk fort og effektivt utover mot Puerto Rico, men eg er ikkje så redd som det ser ut for på biletet. Det er vanskeleg å strekke seg så langt at ein får med allt ein vil på biletet samstundes som ein ser komfortabel og avslappa ut.


 Den sers hyggjelege bordseta med 8 lustringar rundt bordet får de ikkje sjå noko frå. Det tilhøyrer privarlivets fred kva me åt og drakk og praten hadde uansett ikkje vist på bilete.
Men ein selfi av to svirebrør i det me fordelte taxiar mellom oss og gav oss på heimveg vert med dette servert dykk.

PS Det vart ingen rangel. Me var heime til midnatt.


 Vårt late liv her nede har i dag innehaldt ein tur på stranda for å kjøpe tiltrengde tekstilar. Me la vegen ned slik at me fekk siste resten av turen på strandpromenaden.


 For resten, på denne delen heiter det vel berre promenade då  den går på oversida av både bebyggelse og varig verna sanddyner.

 Det har vore ein del fotografering og skriving om palmer i denne bloggserien. Denne fekk vere med i dag rett og slett fordi den såg pjusken ut. Kan det vere at palmefrisøren har teke vel mykje for ein gong skuld. For øvrig menar eg at ein lustring på farting til der "palmer og seder susar, i staden for bjørk og gran"  må få melda heim att om kva han ser.


 Dagens helsing heim vert avslutta med to bileter frå der dei fleste finn vegen når dei oppsøker sandstranda.

Takk for i dag

torsdag 22. mars 2018

Reiseblogg dag 8, På rusletur.

 Dei serverar varm mat på vår lokale kinarestaurant, det skal dei ha. Gårkvelden starta der med kylling på menyen. I kveld er me invitert til "tur på byen" så gårkvelden vart det ikkje gjort mykje  av. 

 Etter middagen tok me den tradisjonelle turen på Kasbah. Sur vind og "berre" 17 grader i lufta gjorde besøket kort for oss.

 Som de ser, påklednad ein vinterkveld verdig skulle til for å få meg til å sitja i ro ei stund. Alikevel vart ikkje klokka meir enn 22 før me var heimattkomne.

 I dag starta det betre. 24 grader viste vår lokale verstasjon då eg tok meg i veg på rusletur.Turen gjekk til området der lokalbefolkningen bur. San Fernando heiter det og er nermaste naboen vår i nord.

 Eg trur eg har presentert denne karen med sin kamel eit år før, men han stod der så trufast og aleine i dag også, så ein tur til Noreg pr. digitale linjer reknar eg ikkje at han har noko i mot.


Ein tur innom den lokale Eurospar-butikken måtte det også bli i dag. Flyktningar som  me er her nede, rett nok klimaflyktningar, har me med oss våre sære matvanar. Denne sparbutikken hadde heldigvis det som trengst for slike som oss; ein fyldig reol med varer som utlendarar med merkelege matvanar etterspør.


Det eg var ute etter var saup og fløyte innkokt gjennom fleire timar til ei brun guffe som ein let avkjøla i ei form til det stivnar. Resultatet kallar me ost og er serdeles godt, for eksempel på knekkebrød frå Sverige

 Eg var ein særs populer mann i heimen då eg entra hytta medbringande denne mursteinen av ein ost made in rett over fjellet heime. Om det skulle vere nokon tvil, på biletet se de  hyttekomplekset me er ein del av. Biletet er teke frå gangbrua over vegen som skil Playa del Ingles frå San Fernando.

No er det ikke meir enn ei god veke til det vert Quiz på Lustrabui. Om ikkje andre og betre idear dett ned i hovudet på quizmakarane vert det  spørsmål om kva bilmerke me viser bilete av. Ein liten test i dag også: Kva bilmerke er dette. De kan for eksempel svare på facebook.

No dreg me snart på fest så faciten får de kanskje ikkje før i morgon

Takk for i dag.



onsdag 21. mars 2018

Reiseblogg dag 7: Halvveges

.
I går hadde me vitjing frå nabobygda og etter ei hyggjestund heime på terrassen bar turen til Kasbah, ei av butikk/serverings-klynjene her som kallar seg for shoppingcenter. Der vart det fyrst middag og deretter ein tur på vår versjon av Molly Malone's.

 Det var ikkje denne me valde. Brune sjapper med namnet Molly Malone's fins det sikkert tusenvis av rundt om i verda. Denne er ekte vare og me finn han i Molly Malone sin heimby. Navnet kjem av The Dubliners kjende song med same namn. Jenta som selde sjømat frå ei kjerre som ho drog  rundt i Dublins gater og som fekk så tragisk eit endelikt. Nok om det. Det viste seg at i staden for fin, fenjande Dubliners-musikk vart det her stort sett "skråla viser i laddevins rus" som Jakob Sande kalla det. I dag heiter det karaoke.


Me er to aldrande menneskjer på ferie så me tykkjer ikkje at kvar einaste dag må vere fyllt med fart og spenning. I dag har me lege fullstendig på latsida. Min innsats i dag har vore ein tur rundt hjørna og handla det mest trengande kolonialvarer og ein tur i poolbaren for å kjøpe meg ein is. På veg dit gjekk eg forbi "villmarka" vår. Fossefallet med ein liten dam med  skilpadder.

Til liks med guten var eg også nysgjerrig på desse, med då eg forsøkte meg innanfor komfortsona med fotograferinga drog ho hovudet til seg. 

Kviledag i dag, men i morgon ettermiddag dreg me på tur att. Reportasje derfrå kjem vel i fredagsutgåva.

Det var dagens suppe på ein spikar.

Takk for i dag.