Det siste måltidet ute vart der me har vore tre gonger allerede.
lørdag 21. mars 2026
Siste dagen
Det siste måltidet ute vart der me har vore tre gonger allerede.
torsdag 19. mars 2026
Ein dag att før heimtur.
Nedtelling: To dagar att.
tirsdag 17. mars 2026
Tre dagar att
I kveld gjekk turen til vår faste kinarestaurant. Meir har ikkje hendt i våre liv i dag. I alle fall ikkje noko som andre kan ha interresse av. Det har vore ein del vind men ikkje meir enn at det har vore solingsver mest heile dagen, for dei som prioriterar det høgt.
Tre dagar att ja. laurdag er reisedag så utpå formiddagen kjem bussen og hentar oss.
I morgon skal det regna i følje vermeldinga.
Takk for i dag
Tur til Puerto Rico
mandag 16. mars 2026
Nok ein dag på Playa
Men det var ikkje dit eg ville. Ein lustring vil sjølvsagt ut i naturen. Det vil seie vidare oppover, under motorvegen, dit det ikkje er hus.
Men det vart ikkje lengre enn at eg såg heimatt.
Her nermar eg meg sivilisasjonen att.
Og her er eg på trygg grunn att. Det var kanskje ikkje så mykje å skrive heimatt om, men det var berre dette eg opplevde på utflukta mi. Eg kan ikkje lyge heller.
Meir er det ikkje å sei om denne dagen, om du ikkje vil vete noko om at me åt middag og gjekk til Kasbah og tok oss eit glas etterpå.
lørdag 14. mars 2026
Laurdag på Playa.
Etter middagen gjekk turen innom den norske sjappa Naboen. Dette er som ein slags fristad for nordmenn. Det verkar som at dei fleste kjenner dei fleste, betjeninga kjenner alle og alle kjenner betjeninga. Rett og slett ein fristad for nordmenn.
fredag 13. mars 2026
Dag sju, halvveges.
Desse telefonane våre er så mangt meir enn ein telefon. I dag vart me minna om alle dei fine turane våre i lag med naboane. Her sit me 4 fire (tre + fotografen) på den 8. turen hit i lag. Det vart 13 turar til saman.
Kveldens tur for middag/kveldsmat vart ein kort ein. Me har restaurant i kjellaren så me slepp ut under open himmel for å nå dit. Litt dyr til kvardags men sidan det er fredag så kosta me på oss det.
Eg skal spare dykk for matbilete, i kveld vart det pasta bolognese. I staden kan de få sjå ølet mitt. Levert i glasflaske av finaste og sikkert dyraste slag.Så må det også nemnast at i dag har me hatt ordentleg sydenver. Blå himmel heile dage med ei steikande sol over. Litt vind har det vore, men det har vore berre svalande. Slik vert det viss nok i morgon også.
Soling er som de veit ein hendingslaus aktivitet så meir er det ikkje å skrive om denne dagen i syden.
Takk for i dag.
torsdag 12. mars 2026
Den sjette dagen
Dagens middag kjøpte me også på Yumbo-senteret. Me valde begge sverdfiskfilet og den var god. Ein må prøve seg på slikt dei ikkje har på Jokeren heime når ein er på langtur som no.
onsdag 11. mars 2026
Dag 5, snart halvvegs
Etter å ha tråva halve byen rundt etter nokon som hadde dette på menyen, valde me til slutt det kjende Restaurant Jardin del Sol. Det var naboen vår i 17 år så der var me sikre på at dei hadde det. Spansk omelett har potetskiver i sjølve omeletten så det er ikkje heilt vanleg å få pomfritt til, men det var heilt ok.
Ein liten historie frå laurdag då me kom hit. Det fyrste me måtte gjere var å gå på butikken og kjøpe inn det me trong i kjøleskåpet. Eg fann varene og gjekk i kassen. Fram med kortet og betalte. Eg såg ikkje så nøye på prisen men i det eg gjekk ut hadde eg ein følelse av at noko var galt. Heimkommen såg eg på kontoen at det var trekt vel 2000 kroner.
Den fjerde dagen på sydenreise














































