torsdag 28. februar 2019

Sydenferien 2019, dag1.

 Det var frå ein skoddetung  Flesland flyplass me flaug til himmels i går. Men, som me alle veit, over skyene er himmelen alltid blå og turen gjekk etter planen. Med unntak for noko "vaskebrett" over Frankrike var den også sers komfortabel.

 Me hadde ikkje lagt inn noko ynskje om bustadplassering i år og me fekk vel ein av dei dårlegaste på heile etablessementet der sola aldri skin verken sommar eller vinter.  Men det var ikkje noko utfordring for familiens forhandlingsleiar. Etter ein liten tur i resepsjonen kom ho attende med tilbod om valg på øverste hylle frå i dag av. Deretter gjekk turen rundt hjørna for China-middag. 

 Det blir mykje mat og drikke i denne fyrste reportasjen frå årets sydentur. Ein tur til Kasbah for ein Irish coffee etter middag var også ein aktivitet som nermast må reknast som ein tradisjon.

 Denne dagen har for min del gått med til ein spasertur ned til stranda. Som biletet er meint å visa er det ein vindfull dag på Playa del Ingles i dag. Temperaturen er grei nok, eit par tre og tjue kanskje. Passeleg spasertemp, men om ein vil ligge ned å sole seg bør ein finne ly for vinden.

 Flytting til buplass no. 80 med ettermiddagssol til ho går ned i vest er no gjennomført og me har som biletet viser innteke lunch på kafe'. Meir har ikkje skjedd her så langt så her sluttar dagens vesle rapport. 

Takk for i dag.