lørdag 6. september 2025

Dag 7, den siste dagen på Kreta for i år.



Denne siste dagen i Rethymnon tok eg meg ein spasertur i høgda. Mest heile øya er dekka av oliventre og ein smal veg gjennom ein olivenlund førde meg opp i bakkane over byen. Det er tusenvis med olivenar på desse trea.



Det er ikkje rare greiene no når det nermar seg innhausting heime. Men desse vert ikkje hausta før nerare jul. Desse skal bli til olivenolje, men også dei som me får servert til maten er som regel mykje mindre enn dei me får heime.



Eit par utsynsbileter må me vise i år også. Eg trur eg har fotografert frå same fyllinga på tidlrgare reiser hit også. Dette er mot aust.



Og dette er mot vest


På min veg gjekk eg også forbi denne luksusvillaen. 


Eg trur eg har vore her og fotografert tidlegare år også. Men eg er stadig like forundra over at mest ingen har funne denne flotte plasseringa av ein serveringstad. Det var like tomt her som sist.


Lunchen tok me også i dag på stamkafeen. I dag vart det gresk salat på meg. Same kva du vel av drikke til maten så vert det eit glas med oyzo "på huset" når me betalar for oss. For dei to damene rundt bordet vart det Cola Light til maten og ein dram attepå.



Etter lunch tok eg turen  vestover mot gamlebyen. Det er fleire kilometer lange strender her, men eg trur nok det er her i denne lange bukta det er aller finast å bade. Som alltid når det er trygge forhold til det, var det rikeleg med folk som valde det våte element i dag.

Motorsykkel er det valde framkomstmiddel for svært mange her og då må det også finnast ein motorsykkelparkeringsplass. (For dei som ikkje vel fortauet)

Havneområdet framfor gamlebyen er ein populer plass for matservering.

Det er ikkje breie stripa frå husa til bryggjekanten men dei får plass til eit bord eller to. Så kan folk smyge seg forbi heilt ut på kanten. Det er utruleg at ikkje fleire hamnar i vatnet.


Eit siste solnedgangsbilete måtte festast til elektronikken før det var klart for det siste måltid. Denne stamkafeen vår er så populær etter kvart, at utan å tinge bord er det umogeleg å få plass. Me hadde tinga til oss fire, men etter kvart hadde me fått utvida til to til som nyss var komne frå Årdal. Då mate var innteken fekk me trykt oss saman så me fekk plass til alle som ville. Eg trur me var ti  samla rundt bordet vårt til slutt.


I det sola stig opp over hustaka laurdagsmorgonen seier eg takk for fyljet til dykk alle som har valt å lese desse daglege orda frå oss i syden. 

No er veska pakka og me dreg via frukostbuffeen til bussen som hentar oss klokka fem over ni.

Seint i kveld er me i Luster att.





fredag 5. september 2025

Dag 6, berre ein heil dag att etter dette.


I dag var dagen for ut  på biltur og dette var bilen me tinga oss. I solsteik og 29 grader på termometert, var dette rette valet, følte me.


Previeli Beach var fyrste valet for turen. Det er ei lita strand med tilgang via bratte trapper ned herfrå, der dette biletet er teke.


Her er me på veg ned. Stranda ligg i elvosen til ei elv som er kjend for si dramatiske ferd gjennom eit smalt juv. Det kjem me attende til seinare i denne forteljinga.


Og her er me nede. Det er mogeleg å komme hit på andre måtar også. Blandt anna med båt frå den staden me kjem til her:
 

Plankas heiter staden båten kjem frå og dit køyrde me etter at me hadde klatra opp att same trappetrinna me gjekk ned. Slik ser det ut der. (På lang avstand)

Der fann me ein koseleg uterestaurant, inne i ein liten skog, mellom vegen og stranda. Etter at me haddde funne oss eit ledig bord til fire, var det ikkje lenge før me fekk presentert dagens meny.  Mange freistande tilbod gjorde oss alle ivrige på å få bestille.


Men kvar det blir av kelnaren som skal ta mot våre ynskjemål. Han måtte me sjå langt og lenge etter.


Nei, pokker heller, me går.


Rett over gate og eit par steg til. Velkommen inn. Tyrste og dehydrerte var det fort me fekk meny, to flasker vatn, litt vin, litt jus og 10 glas på bordet. Alle åt deretter den greske retten moussaka og var vel fornøgde.



Heimturen gjekk på gode vegar gjennom tronge juv. Nett dei juva som enda på den før nemde badeplassen. 
Sjå her, ordførar, her er dei ikkje redde for høge skjeringar for å få midtstripe på vegen.



Hus langs vegen fekk dei også plass til. Og om du trur dette skremmer vekk turistar så tek du feil her i alle fall.

Dette var allt for i dag. Kvelden har me tilbrakt på stamkafeen vår. Der vart det både middag og noko godt i glasa, før me tok kvelden til eit folkeleg tidspunkt. Ja litt for tidleg for meg og J. Men allt gjer me for husafreden.

Takk for i dag. I morgon kjem siste rapport frå syden hausten 25.





torsdag 4. september 2025

Dag 5, berre to dagar att,


Det nermar seg slutten på vår sydentur til byen Rethymno på Kreta. Dagens vesle rapport herifrå er fullt og heilt frå etter mørkets frambrudd. Dagane vert som regel mykje like. Soling, bading og eting.

 Onsdagens kveldstur gjekk til Gamlebyen. Den er som dei fleste andre gamlebyar eg har opplevd. Gamle hus, tronge gater og butikkar som prøver å selje deg noko du ikkje har bruk for.


Her er eit eksempel. Denne kallar seg vel det dei fleste er, tilbehørsbutikkar.


Også denne dama sin butikk er represetativ for noko ein finn ein del av. Handverkarar som sel produkta sine samstundes som dei produserar.

På denne kveldens rusletur kom me også over noko som kanskje kan kallast tivoli.

Ei matøkt mått også til. Her tok me oss ikkje tid til å hyre inn kelnaren som fotograf så ein stol måtte stå tom.


Så var tida inne for å rusle gatelangs heimatt. Rett nok, turen gjekk, som så ofte når me kjem heim før stengetid, innom Yannis på Akrogali. Dette er som før nemt, stamkafeen vår.

Takk for i dag.





onsdag 3. september 2025

Dag 4 på Kreta

 

I dag vil eg skrive litt om ei av kyrkjene her i Rethymnon. Dette biletet vil eg sjølv ha æra for, resten har eg rappa frå Google. Eg finn både namnet St. Georges Kyrkje og Kyrkja til dei fire martyrane. Den er gresk ortodoks som sikkert alle kyrkjer er her.

Same kjelda kan også syne oss innsida av bygget. Ikkje noko å sei på utsmykkinga. Sidan eg ikkje har peiling på gresk-ortodokse vanar og reglar gjer eg ein franskmann sine åtvaringar til mine: 

Vakker moderne kirke vakkert dekorert med fresker mot blå bakgrunn. Ikonostase i lyst tre. Vær forsiktig. Ortrosene før den guddommelige liturgien begynner veldig tidlig søndag morgen, rundt 06:00 og heterodokse mennesker kan ikke motta nattverd.

Om du har noko å sei på omsetjinga er rett klageinstans Google.

Eg må også få dokumentere litt frå trafikken her. I dag er det parkeringsreglar. I byar med underskot på parkeringsplassar er vår lovtekst vanskeleg å følje: "Det er ikke lov å stanse i et veikryss eller nærmere enn 5 meter fra veikrysset fra det punktet hvor fortauskant, kantlinje eller veikant begynner å runde" 


Også "korttidsparkering " kan til tider vere utfordrande. Spesiellt for blinde sidan oppmerkinga til deira hjelp er sers godt utbygd.


Ein kan også gjere allt ein kan for å ikkje stå i vegen for nokon.

Som de sikkert forstår hadde eg ikkje rart med opplevingar å fortelje om i dag. 
Middagen denne dagen inntok me heime på hotellet me bur på. Dit hadde me også invitert dei seks kjenningane som er her samstundes med oss.

Eg ser i statistikken at det er mange som dagleg sleng vekk nokre minuttar med å vitje denne blog-adressa. Det er stas.

Takk for i dag.

tirsdag 2. september 2025

Dag 3 på Kreta


Nok ein dag med (litt for?) strålande ver her i syden. Som eg har gjort til vane, så går eg ein tur eller to kvar dag. Ein runde innom Google Maps på morgonkvisten er nokolunde bestemmande for kvar turen skal gå. Denne måndagens omveg til avtalt lunch-samling gjekk forresten ikkje etter programmet. I eit y-kryss trudde eg at eg var i eit anna enn det eg verkeleg var i. Det gjorde at turen vart dobbelt så lang som den skulle. Eg kom, sjorteblaut av sveitte, 20 minuttar for seint til matøkta.

Me har også handla med oss heim på bestilling. Om du som tinga denne posen, ser dette, no snart skal moussakaen din få den rette greske smaken.


I det sola gjekk ned i aust?, for det ser slik ut for oss som har levt heile livet med sjøen i sør, gjekk turen vår til kveldens middagssamling.

Med ein liten stopp hos ho som påstår ho lagar den beste mojitoen i heile verda, (sjå neste)



enda me på restauranten Pagliaccio. Ein serveringstad med godt rykte, men som i det siste har bleikna litt. 


Husets frue valde laks. Den var svært god, men dette under måtte vere så pass. Resten av dei ti rundt bordet var einig om at dei ikkje lengre levde opp til sitt gode namn og rykte.

Med foto av denne laksebiten seier me takk for i dag. No ligg det nok ein dag framøre oss med strålande sol.

mandag 1. september 2025

Dag 2, på Kreta


Dagens startbilete er frå bassenget vårt, eit basseng eg enno ikkje har gjort meg nytte av. Meir er det ikkje å skrive om dette førebels men me kan melde om svært fint ver. Kanskje litt for fint meinar nokon. Det er over 30 grader i skuggen så når me oppheld oss ute i sola heile dagen må me passe på veskebalansen.
Planen min for dagen var festningen heilt vest i Rethymnon. Storslåtte ruiner av et 1500-talls venetiansk citadell, med panoramautsikt over Rethymno by og havn. kallar Google det.


Men undervegs er det litt av kvart å observere. Her ser de bolverket som skal stå imot vestavinden når den sler til. Litt løge å sjå her når me ikkje har sett høgre bøljer enn dei det er litt ekkelt å symje i.


Ein ny observasjon undervegs. Det er ikkje berre me menn som kan bli noko snaue i toppen når alderen krev sitt. Slik kan det gå med palmer også.


 Dette er inngangen til festningsområdet som er eit stort museum. Det eg var mest nysgjerrig på var den gamle moskeen som på avstand såg noko forfallen ut.


Slik ser den ut på utsida



Men på innsida var det eit praktbygg.


Med eit kuppeltak  over som var mykje meir imponerande enn eg fekk til på bilete.


Kveldens middag inntok me fire på stamkafeen, men då me kom dit oppdaga me ein folkehop som hadde samla seg på på stranda rett over vegen frå der me sat.


Det var årets siste skilpadde-egg som var klekka og no var den vesle tassen på veg til det opne hav. Om du ikkje ser noko skilpadde her så sjå neste bilete.


I følje Google kan ei skilpaddemor på Kreta legge 2 til 300 egg kvar sommar, men det brutale fakta er at berre ein av tusen når vaksen alder.

Attende til middagen. Etter at middagen var innteken, samla etter kvart mange av desse "sydenkjenningane" våre seg rundt bordet vårt. Eg vart sitjande ved sida av ein vestlending som eg har treft både her og på Playa del Ingles før. Han er bonde i Sogn og Fjordane, eller rettare sagt arbeidande kårkall med sonen som eigar. Dei driv med mjølkeprduksjon og ammekyr. Dei har ca. 300 storfe på garden, ca. 75 av dei mjølkar dei. Lengste avstand til slåttemark er ca 1 km.

Det var allt for i dag.