
Så var tida inne for å skrive nokre ord om dagane våre her nede i middelhavet. I går gjekk vegen langs strandpromenaden til serverings-staden der me kjøpte middag. Me var på ein restaurant som var tilrådd av fleire og som eg ikkje hugsar namnet på.
Alle var einig om at maten var god. Eg valde grilla kylling og det var eg godt nøgd med.

Det er ikkje allt eg har styring med. Denne meldinga kom til meg i går. Eg er ikkje sikker på om det er heilt sant det som står der men det er eit bevis på at eg har bada. Temperaturen er god både på land og i havet. Eit par tre og tredve på land og det me kanskje ville kalla "pisselonke" i vatnet.
Me har ei lita kyrkje som nabo. Dei tidlegare turane hit har me ikkje sett nokon aktivitet der, men i år har det vore folk i tunet og i kyrkja kvar dag. I fylje Google var den 23. august, 9 dagar etter Marias dødsdag, "avslutningen (apodosis) på høytiden for Jomfru Marias hensovnelse.I fylje samme Google er dagen i dag, den 24. august, datoen for å gjere stas på Hellig Kosmas fra Etolia.
Når du set på ein liten, gresk kafe, i ein liten by, nede ved middelhavet og rekninga er på gresk, men er merka slik for at rett person skal få den, då er me godt tekne vare på.
Dette er stamkafeen vår, Akrogiali.
Dette var allt for i dag. Late dagar gjev lite å skrive heim om.
PS
I dag var dagen for å skaffe litt kontantar. Minibank oppsøkt, tasta kode, trykt etter beste evne men avslutta med Card invalid eller noko slikt. Grunnande på kva eg kan ha gjort galt gjekk ferda vidare. Kom til ny bank, kanskje det var minibanken si skuld, Forsøker på nytt med same resultat. Så finn eg meldingar på telefonen som minner meg på at kortet mitt er avvist både her og der, hilsen din bankforbindelse. Aha, banken kan fikse det eller veit feilen.
Ring ring ring Luster Sparebank - Aarøy. Eg er utanlands og kortet mitt virkar ikkje. Kan du finne ut kva som er galt. Aarøy: tre siste tala i kortet ditt. Eg les opp det. Aarøy: Du har sperra kortet ditt for utland, skal eg opne det for deg. Ja takk. FLAUT.