onsdag 3. september 2025

Dag 4 på Kreta

 

I dag vil eg skrive litt om ei av kyrkjene her i Rethymnon. Dette biletet vil eg sjølv ha æra for, resten har eg rappa frå Google. Eg finn både namnet St. Georges Kyrkje og Kyrkja til dei fire martyrane. Den er gresk ortodoks som sikkert alle kyrkjer er her.

Same kjelda kan også syne oss innsida av bygget. Ikkje noko å sei på utsmykkinga. Sidan eg ikkje har peiling på gresk-ortodokse vanar og reglar gjer eg ein franskmann sine åtvaringar til mine: 

Vakker moderne kirke vakkert dekorert med fresker mot blå bakgrunn. Ikonostase i lyst tre. Vær forsiktig. Ortrosene før den guddommelige liturgien begynner veldig tidlig søndag morgen, rundt 06:00 og heterodokse mennesker kan ikke motta nattverd.

Om du har noko å sei på omsetjinga er rett klageinstans Google.

Eg må også få dokumentere litt frå trafikken her. I dag er det parkeringsreglar. I byar med underskot på parkeringsplassar er vår lovtekst vanskeleg å følje: "Det er ikke lov å stanse i et veikryss eller nærmere enn 5 meter fra veikrysset fra det punktet hvor fortauskant, kantlinje eller veikant begynner å runde" 


Også "korttidsparkering " kan til tider vere utfordrande. Spesiellt for blinde sidan oppmerkinga til deira hjelp er sers godt utbygd.


Ein kan også gjere allt ein kan for å ikkje stå i vegen for nokon.

Som de sikkert forstår hadde eg ikkje rart med opplevingar å fortelje om i dag. 
Middagen denne dagen inntok me heime på hotellet me bur på. Dit hadde me også invitert dei seks kjenningane som er her samstundes med oss.

Eg ser i statistikken at det er mange som dagleg sleng vekk nokre minuttar med å vitje denne blog-adressa. Det er stas.

Takk for i dag.

3 kommentarer:

  1. Det er faktisk ganske koseleg å følgje deg på turen. Ikkje hesblesande aktivitetsnivå, men spaserturer, mat, daglegdagse hendingar, kyrkjeprat - ikkje eit einaste tema er for lite eller for stort. Kos døkk vidare.

    SvarSlett
  2. Koselig å følge deg.Fortsatt fin ferie

    SvarSlett
  3. Takk for fin orientering. Kos dykk vidare.😎☀️🌹

    SvarSlett