fredag 13. mars 2026

Dag sju, halvveges.

 

Desse telefonane våre er så mangt meir enn ein telefon. I dag vart me minna om alle dei fine turane våre i lag med naboane. Her sit me 4 fire (tre + fotografen) på den 8. turen hit i lag. Det vart 13 turar til saman. 

Kveldens tur for middag/kveldsmat vart ein kort ein. Me har restaurant i kjellaren så me slepp ut under open himmel for å nå dit. Litt dyr til kvardags men sidan det er fredag så kosta me på oss det.

Eg skal spare dykk for matbilete, i kveld vart det pasta bolognese. I staden kan de få sjå ølet mitt. Levert i glasflaske av finaste og sikkert dyraste slag.

Så må det også nemnast at i dag har me hatt ordentleg sydenver. Blå himmel heile dage med ei steikande sol over. Litt vind har det vore, men det har vore berre svalande. Slik vert det viss nok i morgon også.

Soling er som de veit ein hendingslaus aktivitet så meir er det ikkje å skrive om denne dagen i syden.

Takk for i dag.


torsdag 12. mars 2026

Den sjette dagen

 

Nok ein dag utan dei store utfliktene. Mykje av dagen har gått med til kryssordløysing. Eg har kanskje nemt det før, men eg fekk meg eit saftig gnagsår andre dagen og etter det har eg vore forsiktig med å gå langt. Men i morgon reknar eg meg som friskmeld og dreg på tur att.

Det er karnevalstid her no. Det nemde eg visst tidlegare også, men i dag var det underhaldning frå sena i Yumbo-senteret. Finalen vert neste fredag, den dagen me reiser heim.

Dagens middag kjøpte me også på Yumbo-senteret. Me valde begge sverdfiskfilet og den var god.  Ein må prøve seg på slikt dei ikkje har på  Jokeren heime når ein er på langtur som no.

Som mest alle kveldane gjekk turen heim via Kasbah i kveld også.

Og til slutt: Etter nokre dager med ikkje heilt ideellt ver har det vore rett så fint i dag og det trur meteorologane det skal bli i morgon også.

Takk for i dag.




onsdag 11. mars 2026

Dag 5, snart halvvegs

 

Kva er det med dette  biletet? Jo, sola skin men berre dei mest ihuga solar seg. Det har ikkje vore slikt ver me ynskjer oss i dag. Sola kjem og går og det same kan ein sei om vinden.

Likevel tok me turen ned til stranda i dag. Også der la det ustabile veret preg på folkelevet her. Meininga var å ta lunchen her men det slo me fort frå oss. Etter ei lita stund i sandstormen vende me kursen opp i byen att. Det var spansk omelett som var ynskjemålet vårt i dag. 

Etter å ha tråva halve byen rundt etter nokon som hadde dette på menyen, valde me til slutt det kjende Restaurant Jardin del Sol. Det var naboen vår i 17 år så der var me sikre på at dei hadde det. Spansk omelett har potetskiver i sjølve omeletten så det er ikkje heilt vanleg å få pomfritt til, men det var heilt ok.

Ein liten historie frå laurdag då me kom hit. Det fyrste me måtte gjere var å gå på butikken og kjøpe inn det me trong i kjøleskåpet. Eg fann varene og gjekk i kassen. Fram med kortet og betalte. Eg såg ikkje så nøye på prisen men i det eg gjekk ut hadde eg ein følelse av at noko var galt. Heimkommen såg eg på kontoen at det var trekt vel 2000 kroner. 
Så tok eg med meg alle varene attende i håp om å få godkjendt at eg hadde betalt for mykje.
Då eg nerma meg såg eg det var oppstyr i kassen. Ho som hadde ekspedert meg peika på meg og sa: Der er han.  Dei beklaga seg felt, ho i kassen stakkar, ny i jobben beklaga seg aller mest. Eg kjøpte tre tomater, totalt 3,5 hg. Ho stakkar hadde slege inn 35 kilo. 
Dagen etter hadde eg fått att pengane og tomatene fekk eg gratis.

Slik såg det ut då kveldens middag var innteken. Me valde kinarestauranten att i kveld.

Det var allt for i dag


Den fjerde dagen på sydenreise

 


I dag har me holdt oss heime på hotellet så me har ikkje noko å fortelje om. Derfor vil eg sjå litt attende på denne blogginga. Det de ser ovanfor her er ein internettkafe. Det var dit eg måtte gå i 2008 då denne reisebloggen kom til.

Dette er innholdet i den fyrste bloggen som var sendt herifrå. Det var to ting som var avgjerande for korleis den vart som den vart. Den måtte skrivast på tastatur utan æøå og med begrensa med tid. Me betalte for så mange minuttar me såg oss råd til og det var dyrt.

Allt til den sjuande dagen hadde eg løysinga på det med bileter. Eg kunne sende bileter på e-post frå telefonen min og deretter  gå på internettkafe og fylle på med tekst. Dette er eit bilete av utestolane våre som vart brukt til testmotiv.

Så, plutseleg skjer det noko likevel. Det er starten på karnevalet i dag og på veg til middag møtte me på to slike med musikk som høyrdest over heile byen og politi både før mellom og etter. Dette skal halde fram med ymse tradisjonar i ei og ei halv veke.

Erendet vårt var middag på Restaurant Jardin del Sol. Deretter gjekk turen til den norske kafeen Naboen der me møtte på tre kjenningar frå Årdal. Det vart til ein retteleg hyggjeleg kveld.

Det var alt for i dag.




mandag 9. mars 2026

Dag tre på Gran Canaria

 

Det var folksomt på strandpromenaden til San Augustin i dag då me starta på spaser/trimturen vår dit. Meir er ikkje å sei om det. Om de vil vete meir så finn du det på tidlegare års bloggar. Me har no vore her 21 år på denne tida. Alle desse åra har eg gått denne turen og dei fleste av åra har eg dokumentert det på denne blogen.

I dag vil eg heller vise litt frå der me bur. Den blå streken viser det. Innreiinga er standandard: Sovrom med to enkeltsenger, bad med det som trengst, opphaldsrom med spisebord med fire stolar, tv heng på veggen med nrk sine kanalar, Ein sofa som ikkje er vidare å sitje i men som kan gjerast om til seng. Ein lenestol er også del av møbleringa. Så har me balkong med bord og to stolar. 

Her er utsikten frå balkongen.

Men me har meire. Me har takterrasse med to solsenger og det er vorte populert. Den er rett nok ikkje fullt så stor som biletet visar. Biletet måtte takast med vidvinkel av personlege grunnar.

No er me heime att etter ein tur på byen. Middagen vart i kveld grilla svinefilet på ein restaurant på Yumbo, ein serveringstad me har gode erfaringar med frå tidlegare. Deretter gjek turen tradisjonen tru til Terrassen på Kasbah for å sjå på danseoppvisning med eit lite glas Veterano til.

Takk for i dag.