lørdag 7. mars 2026

Fyrste døgeret på årets tur til Playa del Ingles..



Middels sjeggete starta årets utanlandsreise til Syden, plassert på bakarste benk hos SAS. Leggetid klokka 0,30 og ringeklokka stillt på 4.00 gjev ikkje mykje sovetid.


Men trøsta var at me hadde 180 andre like trøytte framfor oss.

Då er det godt å ha noko å følje med på i desse vel 5 timane me set der samankrøkte og lurer på om det er fornuft i å frakte oss i samla flokk ned på denne øya der berre veret er betre enn heime. På denne turen brukte eg ein halv times tid på å observere eit fly under oss som me kappkøyrde med.

Etter kvart får me sjå fjelltoppen Teide på naboøya, stikke opp gjennom skyteppet, 3718 meter over havet. Då er det liksom ikke så dumt med denne ukomfortable flyturen likevel.

Etter at me var tildelt buplass desse 14 dagane, gjekk turen ned til stranda. Som de ser er temperaturen ei å klage på.

Mat må alle ha. Vårt fyrste middagsmåltid inntok me på det me må kalle stamkafeen vår, som ikkje tilfeldigt er ein såkalla kinarestaurant. 

Det var det me hadde å rapportere frå dette fyrste døgeret.
Takk for at du vitjar denne reisebrev-sida vår.


3 kommentarer:

  1. No gler me oss til resten av turen. Kjekt med bloggar! Kos dikka☀️🥂🌹🌺

    SvarSlett
  2. Kjekt å følge dykk. Er litt misunnelig. God natt🛌

    SvarSlett