Nok ein dag utan dei store utfliktene. Mykje av dagen har gått med til kryssordløysing. Eg har kanskje nemt det før, men eg fekk meg eit saftig gnagsår andre dagen og etter det har eg vore forsiktig med å gå langt. Men i morgon reknar eg meg som friskmeld og dreg på tur att.
Det er karnevalstid her no. Det nemde eg visst tidlegare også, men i dag var det underhaldning frå sena i Yumbo-senteret. Finalen vert neste fredag, den dagen me reiser heim.
Dagens middag kjøpte me også på Yumbo-senteret. Me valde begge sverdfiskfilet og den var god. Ein må prøve seg på slikt dei ikkje har på Jokeren heime når ein er på langtur som no.
Som mest alle kveldane gjekk turen heim via Kasbah i kveld også.
Og til slutt: Etter nokre dager med ikkje heilt ideellt ver har det vore rett så fint i dag og det trur meteorologane det skal bli i morgon også.
Takk for i dag.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar