søndag 28. februar 2016

Feriebloggen 2016 del 1

 Er det ferie så er det ferie. I det flyet hadde letta, klokka var vel omkring 12.30, starta det søte liv. Flyturen gjekk fint, med unntak for noko vaskebrett halvveges.

I morgon skipar Luster Flyklubb til årsmøte. Eg skulle gjerne vore der, men eg har allt hatt mi flyoppleving som overgår det. Me landa ei god stund føre ruta i går. Av den grunn var ikkje flytrapp eller flyplassbuss klar då me kom. Frå min faste plass 1a, vart eg ståande fyrst i køen der me stod og venta. Då skjedde det eit lite under. Rett framfor augene mine, på mindre enn 2 meters avstand vart døra til cocpiten opna på vid vegg og slik vart ho ståande.
Eg skjønar at ikkje alle forstår ei slik fasinasjon for ei opa dør fram til ein skog av knappar og instrument, ja einkelte ville kanskje vore dette utsynet forutan, men dette gjorde dagen minneverdig for meg.

 Vegen frå flyplassen til "hytta" vart kronglete i år. Det var paradedagen for det årlege karnevalet i Maspalomas. Opptoget startar rett bak der me bur så me måtte ta føtene fatt og snirkle oss fram gjennom dei ventande hordane den siste kilometeren. Heile sentrum var av forståelege grunnar avstengd for all biltrafikk. Bileta over og under her er frå gata utanfor inngangsdøra vår.



 Etter den søte kløe kjem den sure svie. Etter ei slik natt er heile sentrum ein "svinesti". Her er det flasker, plastposar, attgløymde kostymegjenstandar og ikkje lite umelta mageinnhald i kvar ei gate og kvar ein krok. Men no når dette vert skrive er det nerast reint og ryddig overallt att.
Ei regnbye hadde rett nok gjort seg. Det heng att ei pisselukt som ikkje kost og feiebil kan få has på.

 På min tur rundt i byen på føremiddagen oppdaga eg at min og min vanlege reisekamerat sin faste kvileplass nede ved stranda som me har vore tru mot heilt sidan 2003 no er nedlagd. Naboen har overteke arealet. Det vart ikkje til at eg sette meg ned ved det faste vindauge vårt i dag.


Er det ferie så er det ferie. Med heim i handlenettet i dag blei det ein 12 pakning med San Miguel. Som de ser betalte eg for 10, dei to siste fekk eg attepå.

 Eir par foto frå "heimen" vår til slutt i dag. Me bur på kveldsolsida så på føremiddagen må solbadaren aka seg heilt ut på trappekanten for å få tak i sola.


Til slutt i dag, her er eit bilete av solhagen eller Jardin del Sol som det heiter på spansk.

Det var allt for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar