torsdag 2. august 2018

Dag 5, den siste dagen.

Siste dagen i vår guida fellestur i lag med 28 andre vestlendingar har me tilbringa i hovudstaden Praha. Me vert guida rundt og vist den eine gedigne bygningen føre og den andre etter. Inntrykka vert overveldande, men til å vise kva me har opplevd gjennom nokre tilfeldige bilete og nokre ord om det eg trur eg hugsar, gjev sjølvsagt ikkje på nokon måte eit rett bilete av by eller opplevingar.
Dette fyrste bilete er av Folkets Hus. På bilete nedanfor kan du sjå inngangspartiet.


 Som ein forlenging av dette praktbygget ligg ein av dei gamle byportane som fører inn til Gamlebyen.

 På veg inn inn dit passerte me denne unike kubiske restauranten. Dette skulle visst vere noko meir enn alminneleg og godt øl hadd dei i alle fall.

Så gjekk vegen til Republikkplassen. Ein stor plass midt i denne Unescos verdsarv-bydelen.

 Denne statuen  er til minne om ein erkebiskop Jana Husa som ein gong vart brend som kjettar. Sidan viste deg seg som så ofte at dette var det grunn til å angra på. Difor altså dette minnesmerket.


Deretter gjekk vegen til Parisgata. Der hadde alle verdas mest kjende designarar samla seg. Her kjem nokre eksempel.

 



 Dette navnet trur eg ikkje eg har høyrt om men det var ingen prislappa på varene så det var vel noko spesiellt med dette også reknar eg med.

 Staselege køyredoningar for å sjå byen frå eit baksete hadde dei  også.

 Byen har hatt jødiske bebuarar i 1000 år, men på 1800 talet vart dei svært dårleg behandla. Blandt anna av den grunn er eit jødisk kvarter bevart.

 Dagen vart avslutta med 2 timar i elvebåt på  elva Vltava som slyngar seg gjennom Praha. Ombord der vart også dagens lunch innteke

 Her ser de elva med elvebåtane i bakgrunnen og ein av passasjerane i framgrunnen plassert på ei av bruene, men ikkje den verdskjende. Den ligg i bakgrunnen. Ho var der også.

 Så gjekk turen til Vaclav Havel Airport. Der fekk eg sjå ein ekte Airbus A380-861 på svært nært hald. Eg har også filma at han tok av. Dette som tilleggsinfo. for spesiellt interresserte.

Så var plutseleg turen slutt. Eg veit ikkje om dette var noko for oss. Me får sjå mykje og veta mykje me hadde gått glipp av om me hadde reist på tomannshand, men det er dette med å gå etter tida heile dagen. Det passar ikkje heilt.
Ein ting var i allefall ei udelt positiv oppleving. 30 vestlendingar som stort sett hadde det til  felles då me møttest for fyrste gang søndag, det at me kun kjend ein av dei andre frå før. Alikevel følte eg at me frå fyrste dag utvikla oss til ein vennegjeng på tur. Dette gleda meg og Alice stort og me vil takka alle dykk som les dette for ein fin tur sosialt.

I morgon er det heilt andre ting som står på  programmet så med dette vil eg sei takk for fyljet til alle dykk som har vore innom her desse fem dagane våre i Tsjekkia.


1 kommentar: