onsdag 1. august 2018

Dag 4.

I går kveld fann eg ut kvar Kvikk Lunsj vert laga, kanskje. Denne kjempefabrikken til Mondelez International, tidlegare Craft Food som kjøpte opp Freia, fann eg i ei bakgate her me bur. Det får vere opptakten til dagens reiseskildring.

Det vart "en lille en" i går kveld, ved sida av halvliteren. Det er den samme varmen her, eller enda varmare. Me sat ute til kl ti, då stengde all servering her i byen, og det var så varmt at sveitten pipla frå panna sjølv då. Den lille heiter Becherivka Orginal og er ein lokal urtelikør. Eg har ein liten smaksprøve med heim om eg finn han i utsal i morgon.


Så til dagens utfart. Det vert ikkje så mykje skrive om den. Bileta får tala. Starten var i byen Duchcov og slottsbesøk.

Det var ein av dei rikaste familiane i Tsjekkia som hadde bygd det på 16 - 17 hundre talet. Som de ser var det rikleg med våpen både til krig og jakt. her


Desse enormt lange våpena vart me fortalt at vart brukt til fuglejakt. Ein kunne visst treffe dusinvis av fuglar med eit skot med desse. Eg veit ikkje, slik vart det i alle fall fortalt.

Så kom me til avdelinga for keramikk. Dette har eg enda mindre greie på, men detter skulle vere av verdsklasse.



Det hadde vore svært mange kjende folk her i hine hårde dagar. Dette er, etter som vise folk seier, hanskane til Napoleon som han sikkert gløymde att ein gang.

Men det mest spanande med slottet var at sjølvaste Giacomo Girolamo Casanova haddde budd her. I denne stolen sat han då dei fann han død 4. juni 1798.


Her er senga hans. Frå han var 60 år og til sin dødsdag var han tilsett som bibliotekar på dette slottet.

Etter rundvisninga her gjekk turen til Teplice. Der vart me omvist på eit mikrobryggeri. Det har me like fine av heime i Sogn så det skriv eg ikkje noko heimatt om. Etter å ha kjempa oss gjennom eit par timar i 40 varmegrader var det klart for buss heim til hotellet.

Då starta dramatikken. Det var ei stor bilulukke lengre framme på motorvegen så trafikken stod bom fast. Etter kvart kom det både sjukebilar,ambulansehelikopter, brannbilar og politi.

Med niogtredve grader i skuggen sat me i bussen i to timar og førti minuttar.

Så tok politiet affere og fekk personbilane til å snu og køyre mot køyreretninga til neraste avkøyring.

Det samme gjorde bussjåføren vår.

Og så dura me i vegen i gal køyrertrning medan hundrevis av trailarar stod att. Via ein omveg kom me oss til hotellet og der endar forteljinga i dag.

I morgon skal me til Praha. Der skal me vere heile dagen til det er på tide å køyre til flyplassen for heimreise. Om de får lese noko om det veit eg ikkje. Det vert i alle fall ikkje i morgon.
Då går turen til Nordhordaland og syskenbarntreff.

Kanskje det kjem nokre ord fredag?

Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar