fredag 6. september 2024

Siste feriedagen på Kreta

Så kjem den tredje og siste reiseblogen vår frå årets Kreta-tur. 
I fjor på denne tida vart me så imponert over måten denne dama laga Irish coffe, så dit måtte me denne gongen også. Om du vil sjå nerare på framgangsmåten kan du sjå video frå turen i fjor.

Eg har stort sett gjort meg ein tur til fots kvar dag. Det er Google Maps som har vore turguiden min og ein kveld fann eg ei lita kyrkje på ein haug rett utanfor byen. 
Neste dag var det nett dit eg drog og der fann eg ei knøttlita kyrkje tilhøyrande den Gresk-ortodokse kyrkja, i fylje Google.

Men det var utsikta eg var ute etter og den innfridde. Her ser me austover mot der me bur.

Medan dette er nordover til det som vel er det eigentlege sentrum av Retymno. Til venstre i dette biletet ligg gamlebyen der me tok turen ein dag.

Denne delen av byen er frå "lenge før bilen si tid".  Her er det stort sett berre butikkar og serveringstadar som henvender seg til turistane. Sidan det er det me er så nytta me heile ettermiddagen og kvelden her. 

Sidan dette er ei helsing heim frå alle fem i reiseføljet må det også nemnast at mykje av tida her er nytta til soling og bading. Dette er bassenget på hotellet der me bur, men det vart lite nytta av oss.

Vegen til dei andre fire i reisefløljet gjekk kvar dag til stranda. Dei hadde dei tinga solsenger og parasollar hos Jannis. Der låg, sat, vassa og symde dei heile dagen, kun avbrote av tolvpilsen for ein av dei og lunch klokka to for alle.

Som er bevis for i ein tidlegare melding herifrå, har eg også vore uti her, men her trur eg at eg har samla alle dei fire andre i eit bilete.

No er årets Kreta-tur snart til endes kommen. I morgon klokka 9 kjem det bil og hentar oss. Så vert det fly til Gardermoen og Audi heim til Luster, som me håpar å vere kommen til rundt midnatt. 
Med ein solnedgang som ser ut som å vere i aust for meg, takkar me for oss og gledar oss over at så mange har stukke innom her for å høyre frå oss.

mandag 2. september 2024

Kreta dag 2

 


Som dei fleste dagane gjekk eg også i dag ein tur i nabolaget, medan resten av reisefyljet tok strakaste vegen til stranda. På min veg fann eg denne. Det er svært mange mopedar og motorsyklar her, det er nemt før, men det går an å gå eit steg opp  frå moped og få tak over hovudet. 
 

Det var tydeleg at det er øvre middelklasse og oppover som vel å byggje oppover  liene der både  utsikten og plassen er betre.  Dei veit kva dei driv med desse murarane som murar opp dette, stein for stein.

Gror godt gjer det her også. Dette er inngangen til ein av dei finare villaene.

Det var visst dagen for levering av restavfall i dag. Det er vel ikkje heilt etter Simas-reglement å levere på denne måten

Eit bilete som provar ein god olivenhaust når vinteren er kommen heime, må vere med. Mest heile øya er dekka av olivenlundar, om det er det det heiter.


Så eit par bileter som prov på den fine utsikta det var oppi bakkane her. Dette austover .



Og dette er vestover. Heilt til høgre i bilete ser de halvøya der flyplassen i Chania ligg. Det tek godt over ein time å køyre dit, men i luftline er det berre ca 3,5 km.
Me bur på nordsida av øya så det har gått litt i surr med kva som er aust og vest. men då tenkjer eg at eg står på Sørheim og ser austover til Skjolden og vestover til Kroken.
Vanskelgare er det å heilt blir komfortabel med at sola står opp over Røysesete, står over Dalsdalen klokka 12 og går ned over Sørheimsfjella om kvelden.
Om du ikkje sjønnar kva eg meinar med etter så er det ikkje deg det er noko galt med.


Eg er ikkje så glad i å bade at eg gjer så mykje av det, men her er bilete som bevis på at i dag har eg også vore uti. Det er visst 27 - 28 grader i vatnet så det varmar i staden for kjøler å dukke seg, noko eg aldri har opplevd før.
Om du tykker biletkvaliteten ikkje er av den beste så skuldast det at det er ei paparazzi-bilete teke frå lang avstand.

Det var allt for i dag. No går turen til ein serveringsstad med den kulaste irish coffee eg har smakt nokon gong.

Takk for i dag.














søndag 1. september 2024

Ferietur til Kreta 2024 dag 1



Med sol frå skyfri himmel letta me frå Gardermoen i går, ca klokka sju,  med kurs for øya Kreta i Hellas. Meldinga me fekk om verforholda der var høljeregn og det fekk me også på bilturen frå flyplassen og til Rethymno der me bur. Med vindusviskarblad som ikkje hadde vore i berøring med regnvatn på svært lenge fann sjåføren likevel vegen hit.

Og der var stort sett det einaste me har sett til regnet. Ettermiddagen i går og dagen i dag har bydt på strålande sol og varme både på land og i havet.. Dette er hotellet me bur på. Ingenting å klaga på så langt (sjølv om røykvarslaren starta å småpipe i det eg skriv dette).


Som dei mest erfarne blogglesarane her veit så likar eg å spasere meg ein tur i blandt og i går ettermiddag gjekk turen opp i lia bak byen, over motorvegen og opp til eit utsiktspunkt som du kan sjå i videon nedanfor her.




Grekarane er vel kjende for sang og musikk, men det er vanskeleg å finne ut kva tilbod som finns når all reklame er gresk for meg.
 

Heime hos oss er det ikkje heilt uvanleg at det står eit "bilvrak" langs vegekanten. "Det er kanskje rett å levere til opphogging men me får venter og sja" er det me kanskje seier.  Her er det mykje meir tohjulingar enn firejulingar så her er det tohjulingane som står einsleg og forleten .


I fjor på denne tida var fyrste turen min hit. Då var me mange kjenningar i lag her og då hadde me som vane å samlast her for ei øl i lag. Tolvpilsen kalla me det. I år er Jakob og eg åleine her men me samlast rundt tolvpilsbordet for det.

Det var allt frå oss denne fyrste dagen. Med ei helsing til tolvpilsgeneral Bjørn seier me takk for i dag.