Med sol frå skyfri himmel letta me frå Gardermoen i går, ca klokka sju, med kurs for øya Kreta i Hellas. Meldinga me fekk om verforholda der var høljeregn og det fekk me også på bilturen frå flyplassen og til Rethymno der me bur. Med vindusviskarblad som ikkje hadde vore i berøring med regnvatn på svært lenge fann sjåføren likevel vegen hit.
Og der var stort sett det einaste me har sett til regnet. Ettermiddagen i går og dagen i dag har bydt på strålande sol og varme både på land og i havet.. Dette er hotellet me bur på. Ingenting å klaga på så langt (sjølv om røykvarslaren starta å småpipe i det eg skriv dette).
Som dei mest erfarne blogglesarane her veit så likar eg å spasere meg ein tur i blandt og i går ettermiddag gjekk turen opp i lia bak byen, over motorvegen og opp til eit utsiktspunkt som du kan sjå i videon nedanfor her.
Grekarane er vel kjende for sang og musikk, men det er vanskeleg å finne ut kva tilbod som finns når all reklame er gresk for meg.
Heime hos oss er det ikkje heilt uvanleg at det står eit "bilvrak" langs vegekanten. "Det er kanskje rett å levere til opphogging men me får venter og sja" er det me kanskje seier. Her er det mykje meir tohjulingar enn firejulingar så her er det tohjulingane som står einsleg og forleten .
I fjor på denne tida var fyrste turen min hit. Då var me mange kjenningar i lag her og då hadde me som vane å samlast her for ei øl i lag. Tolvpilsen kalla me det. I år er Jakob og eg åleine her men me samlast rundt tolvpilsbordet for det.
Det var allt frå oss denne fyrste dagen. Med ei helsing til tolvpilsgeneral Bjørn seier me takk for i dag.
Skål og kos dykk.🍺🍺Me kjem neste helg.🍺🍺🤙🤙
SvarSlettSolrun som helsar
Slett