Så kjem den tredje og siste reiseblogen vår frå årets Kreta-tur.
I fjor på denne tida vart me så imponert over måten denne dama laga Irish coffe, så dit måtte me denne gongen også. Om du vil sjå nerare på framgangsmåten kan du sjå video frå turen i fjor.Eg har stort sett gjort meg ein tur til fots kvar dag. Det er Google Maps som har vore turguiden min og ein kveld fann eg ei lita kyrkje på ein haug rett utanfor byen.
Neste dag var det nett dit eg drog og der fann eg ei knøttlita kyrkje tilhøyrande den Gresk-ortodokse kyrkja, i fylje Google.
Men det var utsikta eg var ute etter og den innfridde. Her ser me austover mot der me bur.
Medan dette er nordover til det som vel er det eigentlege sentrum av Retymno. Til venstre i dette biletet ligg gamlebyen der me tok turen ein dag.
Sidan dette er ei helsing heim frå alle fem i reiseføljet må det også nemnast at mykje av tida her er nytta til soling og bading. Dette er bassenget på hotellet der me bur, men det vart lite nytta av oss.
Vegen til dei andre fire i reisefløljet gjekk kvar dag til stranda. Dei hadde dei tinga solsenger og parasollar hos Jannis. Der låg, sat, vassa og symde dei heile dagen, kun avbrote av tolvpilsen for ein av dei og lunch klokka to for alle.
Som er bevis for i ein tidlegare melding herifrå, har eg også vore uti her, men her trur eg at eg har samla alle dei fire andre i eit bilete.
No er årets Kreta-tur snart til endes kommen. I morgon klokka 9 kjem det bil og hentar oss. Så vert det fly til Gardermoen og Audi heim til Luster, som me håpar å vere kommen til rundt midnatt.
Med ein solnedgang som ser ut som å vere i aust for meg, takkar me for oss og gledar oss over at så mange har stukke innom her for å høyre frå oss.
God tur heim. De har hatt fine dagar ser eg. Hels Alice
SvarSlettSo flink skribent. Synd me ikkje fekk eit møte denne ferien. God tur heim til alle fire.Helsing oss seks som er på veg ned til Rethymno.☀️☀️🤙
SvarSlettGod tur "heimatte".
SvarSlettGod tur heim te dikka alle🤩
SvarSlett