mandag 22. juni 2009

Norsk Husmannssenter


Eit nasjonalt senter for kunnskapen om husmannsvesenet i Norge kan bli lagt til Luster.
Det er Luster Sogelag som har teke initiativ til dette. Ideen kom etter at dei var komne godt i gang med å bevara Hestaskårane.
No har ei gruppe vore samla for å finna alternative stadar dette senteret kan leggast. Etter forslag frå eigaren, Thomas Dalsøren Jr, er det no bestemt at det soleklare fyrstevalet er Øyrafjøsen. Det skal no takast kontakt med arkitekt for å få ein vurdering om det er mogeleg å nytta denne bygningen til dette bruket.

1 kommentar:

  1. Det var ikkje langt frå ord til handling! Eg fann det. Trur heller eg vil bruka tida på å skriva det eg må og ska, enn å dødprata på ei rute. Skulle inn på nettbanken, men det vart blank. Så fann eg Finn. Eg tykte det var eit bra gruppemøte om husmannssenter og plassering. Me må stå på vidare og få fleire med, - dette angår oss alle! Me er mange som har rubnne av denne rota.

    SvarSlett