mandag 6. juni 2011

Flisfyringa det ikkje blei noko av.

Ser i avisa i dag at to av initiativtakarane bak flisfyringsanlegg i Gaupne prøver å analysere seg fram til kvifor det vart nei til prosjektet deira i Luster Kommunestyre. Det at høgrerepresentantane har vore skeptisk til dette prosjektet frå fyrste dag og aldrig har vist unik interesse for å prøve ut nettopp denne måten å skaffa miljøvenleg energi på har dei rett i. Men når det no skulle avgjerast var det enkelt for dei fleste å gå mot dette. Ansvaret for det må nok etablerarane sjølve ta. Det er lokalbefolkninga i Gaupne sentrum som skal leve med dette anlegget og med dei meldingane om utslepp av røyk og lukt frå anlegget deira i Jostedalen var dette ei tapt sak. Det var mest eine og aleine erfaringane frå dette anlegget som medførde den massive motstanden i lokalmiljøet i Gaupne. Personleg er eg  prinsippiellt tilhengar av slike anlegg. Ein ser mange slike anlegg fyrde med trevirke av god nok kvalitet som gjerne kunne stå midt i bygdesentrum. Ein treng ikkje dra utanom kommunen for å finna det. Fjordglas har hatt all oppvarming frå eit slikt anlegg i 35 år utan problem. Men når ein gjennom visningsanlegget som er oppsett i Jostedalen, marknadsfører prosjektet slik at heile Gaupne går samla mot, blir det ei lett sak for politikarane å skrinlegge dette prosjektet.
Ein må sei dei var modige dei 12 representantane som torde å røyste for dette anlegget på trass av kva initiativtakarane har vist fram for lokalsamfunnet som skal leve med det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar