Ryggen er betre og betre dag for dag og i dag tok eg meg ein busstur. Det er særs enkelt og nokså billig her. Buss går det mellom turistplassane her fleire gonger i timen så det er berre å finne ein stoppeplass og vente på ein buss som skal dit eg vil.

Eg er lite kjend her så turen gjekk berre nedoverbakke frå busshaldeplassen og plutseleg var eg kommen til ei fiskehamn der det låg ei rekke fiskebåtar og venta på å få losse. Denne kom dei etter kvart i gang med. Det var nok eit slags sardiner eller liknande. Dei pumpa fangsten i land gjennom den gule slangen.

Men det er ein ende for allt. Eg hadde sett nok og sette meg i bussen heimatt. Oppe under taket ser de ein slags lampe med skrifta PARADA SOLICITADA. Den lyser når nokon har trykt på ein knapp i taket og på sogning betyr det visst inkånvilau.
No har me berre tre heile dagar att før me skal heim. Me får stadig bileter av finveret heime så det blir fint det også.
Det var allt for i dag.
Bra du ha komme deg atte, me ha nok nokre fleire daga atte. Per r
SvarSlett