Det vert ikkje vanleg reisebrev i dag heller og då krev det kanskje ei forklaring. På bussturen heim frå gåtur til Norskeplassen laurdag, fekk eg meg ein strekk i ryggen så eg klarde knapt å gå. No er det monaleg betre, men det har vorte to dagar sitjande nokolunde i ro på hotellet.
Då må ein finne på noko å gjere på. Heimesida til Radio Luster har fått ei rute der linkar til alle Kristen sine doktarpratar med Bård er samla.
Eg har også teke føre meg den skandinaviske papiravisa her. Dei gjev ut register over antal turistar frå kvart land. I januar i år var situasjonen fyljande: På Gran Canaria som me er på er det berre frå Storbritania og Tyskland det kjem fleire tilreisande enn Noreg med sine 40 430. Sverige med dobbelt så mange innbyggarar kjem rett etter på 4. plass med 38 465.
På Tenerife er me heilt nede på 12. plass med vel 10 000 og for alle Kanariøyane til saman er Noreg på 7. plass med 53 341.
Det er Tenerife som totalt tek i mot flest ferierande. Dei hadde 5,6 millionar gjester i januar, Gran Canaria 3,6 mill. Lanzarote 2,6 mill. Fuerete ventura 2 mill. og La Palma 81 tusen.
Russland som det til vanleg er manger gjester frå er registrert med 0 på alle øyane.
God bedring.👍👍👍
SvarSlettGod bedring, Finn. 🌺
SvarSlettDu nyttar tida godt når du ikkje er i stand til planlagte aktiviteter. God betring
SvarSlettFine bilder
SvarSlettGod bedring Finn
SvarSlett