lørdag 6. september 2025

Dag 7, den siste dagen på Kreta for i år.



Denne siste dagen i Rethymnon tok eg meg ein spasertur i høgda. Mest heile øya er dekka av oliventre og ein smal veg gjennom ein olivenlund førde meg opp i bakkane over byen. Det er tusenvis med olivenar på desse trea.



Det er ikkje rare greiene no når det nermar seg innhausting heime. Men desse vert ikkje hausta før nerare jul. Desse skal bli til olivenolje, men også dei som me får servert til maten er som regel mykje mindre enn dei me får heime.



Eit par utsynsbileter må me vise i år også. Eg trur eg har fotografert frå same fyllinga på tidlrgare reiser hit også. Dette er mot aust.



Og dette er mot vest


På min veg gjekk eg også forbi denne luksusvillaen. 


Eg trur eg har vore her og fotografert tidlegare år også. Men eg er stadig like forundra over at mest ingen har funne denne flotte plasseringa av ein serveringstad. Det var like tomt her som sist.


Lunchen tok me også i dag på stamkafeen. I dag vart det gresk salat på meg. Same kva du vel av drikke til maten så vert det eit glas med oyzo "på huset" når me betalar for oss. For dei to damene rundt bordet vart det Cola Light til maten og ein dram attepå.



Etter lunch tok eg turen  vestover mot gamlebyen. Det er fleire kilometer lange strender her, men eg trur nok det er her i denne lange bukta det er aller finast å bade. Som alltid når det er trygge forhold til det, var det rikeleg med folk som valde det våte element i dag.

Motorsykkel er det valde framkomstmiddel for svært mange her og då må det også finnast ein motorsykkelparkeringsplass. (For dei som ikkje vel fortauet)

Havneområdet framfor gamlebyen er ein populer plass for matservering.

Det er ikkje breie stripa frå husa til bryggjekanten men dei får plass til eit bord eller to. Så kan folk smyge seg forbi heilt ut på kanten. Det er utruleg at ikkje fleire hamnar i vatnet.


Eit siste solnedgangsbilete måtte festast til elektronikken før det var klart for det siste måltid. Denne stamkafeen vår er så populær etter kvart, at utan å tinge bord er det umogeleg å få plass. Me hadde tinga til oss fire, men etter kvart hadde me fått utvida til to til som nyss var komne frå Årdal. Då mate var innteken fekk me trykt oss saman så me fekk plass til alle som ville. Eg trur me var ti  samla rundt bordet vårt til slutt.


I det sola stig opp over hustaka laurdagsmorgonen seier eg takk for fyljet til dykk alle som har valt å lese desse daglege orda frå oss i syden. 

No er veska pakka og me dreg via frukostbuffeen til bussen som hentar oss klokka fem over ni.

Seint i kveld er me i Luster att.





5 kommentarer:

  1. Takk for kjekke reisebrev.

    SvarSlett
  2. Takk for turen☀️

    SvarSlett
  3. Takk for at me får fylgja deg på tur om dagane. Kjenner meg att. God tur heim.🌹🌹🌹🌹👍👍🇳🇴

    SvarSlett