fredag 28. august 2026

Siste rapport frå Rethymnon i år.

 


Siste dag på Kreta i år nytta eg til ein tur opp i bakkane over sentrum. Om det er folk som er kjend her så kan eg fortelje at dette er Church of St. Anargyroi som den vert kalla på engelsk. På grest ser det slik ut Ιερός Ναός Αγίων Αναργύρων. Denne gjekk eg forbi for å komme over eller rettare sagt under motorvegen.


På min veg kom eg igså over denne blomeveggen, for den som likar slikt.


Så ein spesialmelding for dei som likar slikt. Dette er eit hønsehus. Fora med rikelege mengder tomater og andre verdsette grønsaker. Eg vart ikkje godt likt av hønene. Dei pila innatt kvar gong er forsøkte å få eit bilete av dei. 


Det vart ikkje nokon langtur i dag. Her er omtrent der eg snudde og skunda meg nedatt til den for oss "heilage" tolvpilsen.



Dette biletet er valt til illustrasjon for alternative måtar å nytte stranda til soling og bading. Det dei fleste nyttar seg av er solsenger til leige. Det eg har noko slags erfaring med er ein pris på ca ein femtilapp pr dag for solseng og eventuellt parasoll. Mange plassar er det også slik at om du handlar drikkevarer frå serveringstaden som disponerar plassen så får du senga gratis. 
Men, som biletet viser, det er også mogeleg å sole seg gratis men det kan vere ein einsam måte å bli brun på.



Dette var altså siste dagen og kvelden på Kreta for i år. Den nytta me til middag på stamkafeen Akrogiali i lag med 3 nyankomne kjenningar. Altså sju og tl slutt ni til bords i kveld

Med dette vil eg sei takk for føljet til dykk ca  120 som tok seg tid til å stikke innom denne sida dei fem gongene eg har lagt ut noko. I morgon tidleg kjem bussen og hentar oss. I morgon kveld legg me oss i våre eigne senger i Luster.

Takk for meg.



2 kommentarer:

  1. Likte særleg denne setninga "...det er også mogeleg å sole seg gratis men det kan vere ein einsam måte å bli brun på". Haha, berre pass på at det ikkje er langt til ein kiosk med kald drikke om det er varmt. Da kan det vere reine Paradiset

    SvarSlett
  2. God tur heim. Hels Alice

    SvarSlett