onsdag 26. august 2026

Tur til Kreta dag 3 (4)

 

I dag startar eg bloggen med eit bilete frå Molden. Biletet inneheld både dei nye og dei reparerte antennane som gjer at no er Molden-sendaren i orden att. Dei snart 40 åra me har hatt Molden-sendar har vore både til sorg og til glede. Det er ein utmerka stad for å nå flest mogeleg lydarar frå same stad, men uver av alle slag har også vist oss at det er ein utsett stad å ha byggverk og anna utstyr.


Gårkveldens utflukt skulle starta med solnedgang utanfor Akrogiali. Me vart for seine til det men bileter vart det alikevel. 


Karen til høgre i biletet er det sikkert mange lustringar som har helst på. Vår tur ut til kveldens siste måltid gjekk hit. Manolis heiter både karen og restauranten hans. Då dette biletet vart teke var han svært så sosial med alle gjester. No har han starta eit nytt og meir helsesamt liv.


Middagen var av beste Manolis klasse og desserten var av same klasse. Både fin og god og det måtter det sikrast eit minne om.


I dag gjekk fyrste turen ut til hotellet der me budde det fyrste året eg var her. Greit nok hotell, men allt for langt til sentrum. Det har dei forsøkt å gjere noko med. Så spørs det kor mange av gjestene som vågar seg oppå ein slik doning.

Til slutt ei lita åtvaring til alle som skal hit og ikkje bur på sørsida heime. Når du har forvilla deg inn i tronge gater i gamlebyen og plutseleg er telefonen (kartet) tom for straum. Då må du hugse at du no bur på nordsida av øya. Sola står ikkje over havet (fjorden) klokka tolv. Å haste heim til avtalt lunch i 180 grader feil retning kan føre til privat leiteaksjon og sein lunch. 

Takk for i dag.

1 kommentar:

  1. Måtte Raudekrossen ut å leita etter deg??? 🌺😥Du har no tydelegvis kome til rette. Bra!!!👍🌺 Mia

    SvarSlett