mandag 19. mai 2008

Nest siste dag?



Bileta i dag er frå i dag tideleg og i kveld etter arbeidstid. Som det går fram av bileta nermar det seg slutten. I dag tideleg sa byggmeistaren at dei kunne bli ferdige i dag, men han var ofte litt for optimistisk i slike vurderingar sa han. Dei vart ikkje ferdig og det forundra ikkje meg. Trass allt hadde dei att både isolering, takbygging og montering av takrenner då eg forlet dei. Det ser vel ut for at dei blir ferdig i morgon og det er me godt nøgde med.
Det endelege svaret kjem på denne bloggen i morgon kveld.

Som det går fram av tidlegare innlegg i denne bloggen hadde eg det ærefulle oppdraget å stå for 17 mai-talen i år. Enkelte familiemedlemmar har ytra ynskje om å få manuset utlagt her.
Det er eg usikker på om er lurt. Ein slik tale er ikkje eit manus,men ein framføring. Ikkje sa eg nøyaktig det same som det stod i manuset, og det er sikkert ting i slike manus som er meint for det talte ord, som ikkje kjem fram i teksten.

Me får sjå. De får by inn til ei familiesamkomma og gje meg ordet uavbrote i 12 minuttar, så kanskje det blir ein reprise. he he.

lørdag 17. mai 2008

17 mai kveld.

Så er den offisielle feiringa over. Allt gjekk etter programmet og talen min gjekk greit. Litt usikkert vær gjorde at talen vart halden inne i samfunnsalen men med høgtalarar ute for dei som foretrakk frisk og kjølig luft.
Eg fekk inntrykk av at det var mykje folk oppmøtte og arangørane var godt fornøgde med dagen.

17 mai


Så er dagen kommen. Dagens bilete viser arbeidsplassen min i dag. Talen er utskriven for siste gong. Det vart litt handskrive i tillegg på denne utskrifta også. Denne 17 mai talen er nok det som tumlar rundt i hovudet mitt i dag også. Dette oppdraget vart nok meir høgtidleg "inne i mitt hovud" enn eg trudde då eg sa ja.
Men eg gler meg.

fredag 16. mai 2008

Dagen før dagen

Også i dag er det framgang på taket. Ikkje så mykje synleg etter at dei har lagt over presenning for langhelg, men skråtaket på baksida som skal lagast nytt er mest ferdig. Ikkje noko bilete i dag.

Denne kvelden vil nok bera litt preg av at eg skal halda 17 mai talen i heimbygda mi. Eg har skrive på den lenge no, så eg føler vel eg har bra kontroll , men det blir litt sommarfuglar i magen alikevel.
Det blir litt spesiellt å møte opp til folketoget frå kyrkja til skuleplassen i morgon.

torsdag 15. mai 2008

Dag 8



Så er tre sider ferdig. Til glede for alle, ikkje minst dei som set mest pris på ein tilgjengeleg veranda att. Det er utruleg kor mykje det gjer utsjåandemessig også, det å få på nytt tak.