lørdag 18. oktober 2008

Quiz - kafe på Lustrabui

Laurdag 15. november er det klart for den 3. quiz-kvelden på Lustrabui.

Heilt frå fyrste kvelden har dette vore ein suksess. Eit av hovudmåla for desse arranementa er å arrangera noko som samlar "allt slags folk", og det har me lukkst med fullt ut.

Arrangementet startar kl 20.00 og kl 19.50 har det vore fullt hus begge gongene til no. Det er tydeleg både av det ein ser og høyrer undervegs og attendemeldingar i etterkant at alle trivest og godt kan tenka seg å komma att ved eit seinare høve.

Sjølve konkurransen varer i to til to og ein halv time, men lokalet er ope til kl 01.00 for dei som tykkjer det er for tideleg å dra heim.


Konkurransen føregår slik:

  1. Deltakarane samlar seg i i lag rundt kvart sitt bord.
  2. Det blir 2 omgangar a 15 spørsmål
  3. Spørsmåla vil dreia seg om musikk, sport, allmennkunnskap og lokalkunnskap.
  4. Laget med flest rette svar blir kveldens vinnar.
  5. Premien blir ”ære og berømmelse”.
Verkar dette spennande så møt opp på Lustrabui laurdag 15.11. i god tid før kl. 20.00


tirsdag 3. juni 2008

Lustrafjorden eit mål for cruiseturisme.

Så er vitjinga over for det fyrste skipet i den andre sesongen med cruiseskip til Skjolden.
Fyrste året må vel reknast som prøveår, ein storskala test av eit nytt potensiellt reisemål.
Når me no tek til med det andre året må me vel rekna tilbodet som akseptert og etterspurd.
Eg gratulerar Skjolden og indre Sogn med dette tilbodet som truleg vil setta Skjolden og Luster på kartet på eit vis me aldrig før har opplevd.

lørdag 24. mai 2008

Finale

Så er endeleg taket ferdig. No manglar det berre ei god regnbye for å vaske det reint for sagspon og anna smårusk. Og, for ikkje å gløyma, for å testa takrennene. Det har det ikje vore rart med på mange år.
Det seiest at det innvendige i huset er ditt eige så der kan du gjere som du vil, men utsida er naboane si. Den er det dei som er forvist til å sjå. Her er bilete frå nabostovevindauga. (Puh)
Det er vel naboane som merkar mest endring. Eg seier til alle naboar som les dette. Gratulerer med nytt nabotak.

Så til den store utfordringa. Kva skal no denne bloggen innehalda, no når eg ikkje er på ferie og ikkje skifter tak lenger.
Eg har ei lita niese nede på sørvestlandet som også har våga seg ut i offentlegheita; bhmartinsen.blogspot.com, eg håpar det kjem noko inspirasjon derifrå.

torsdag 22. mai 2008

Semifinale

Det er ikkje lett å finna nye måtar å skriva at no er snart jobben gjort. Også i dag blir det arbeide med dei siste detaljane. Mykje krokar i kombinasjon med eit gammalt hus frå før laservateren si tid gjer at det blir ein del tilpasningar til slutt. I dag blir det redusert dag på taket, men i morgon blir det full dag att. Då menar Kjell, som er aleine her no, at han skal bli ferdig.

Her ser de allt bosset som blei. No er det å avtala levering i Festingedalen.

tirsdag 20. mai 2008

TTT


Dei tre tear Ting Tar Tid er naturleg å nytta som overskrift i dag. For to dagar sidan vart det sagt i ein optimistisk rus at no var det kanskje ein dag att. Det vart ikkje slik. Ikkje var det to dagar att heller. No er dag to av innspurten over og me ser at det verkeleg nermar seg slutten. Når morgondagen er ende er det nok ikkje mykje att.



Om nokon som ventar på snekkar les dette skal de veta at Ting Tar Tid når alle dei små detaljane til slutt skal ferdiggjerast.
Så får de vera snille når desse snekkarane kjem til dykk, nokre dagar seinare enn ein optimistisk kunne ønskja.