onsdag 8. august 2012

Syskjenbarntreff Villanger-slekta 2012 Sooke Canada.


Dette er bilete teke i mørkna av huset vi og 10 andre av oss 23 treffdeltakarane bur i kan vera ein passande intro til denne oppsumerinag av Villanger-syskjenborna sitt treff 2012.

Vi kom hit til Sooke på Vancouver Island fredag kveld og har dermed hatt 4 heile dagar her. Laurdag kveld vart det offisielle hovudarrangementet avhalde som tradisjonen tru vart avslutta med å slå to nye til møy og riddar av denne "ordenen". Det betyr å bli utpeika til tilskipar av neste treff. I år vart dette meg og Astrid så neste treff skal altså haldast i Luster i august 2015.

Utover dette arrangementet har dagane her gått med til felles utflukter og meir eller mindre offisielle sosiale lag både på dag og kveldstid. Mange, for ikke å sei dei fleste måltida skjer i samla lag også.

Sook ligg ein times tid reise frå Wictoria. Denne byen har fått navnet sitt frå Dronning  Victoria av Storbritania som regjerte der mykje av 1800 talet. Det er hovudstaden i British Colombia (BC) sjølv om nabobyen Vancouver er mykje større og har gjeve navn til øya hovudstaden ligg på.


BC kom til som ein koloni under Storbritania og ikke minst her på Wancouver Island er dei stolte av det. Det seiest at i Wictoria finn ein dei mest britiske folka i heile verda. Denne dobbeltdekkaren er eit tydeleg signal om det.

Dette skal ikkje vera eit historieskrift om BC, men ein ting ein ikkje kan unngå å observere og som eg vel har antyda før også er dei utruleg høge trea. Å bevisa dette med vanlege amatørbileter er ikkje lett, men dette er altså tretoppane fotografert frå midt i vegen i ein heilt vanleg og ikkje spesiellt gammal skog.


For ein noko over middels flyinteressert vart dette spanande fotoobjekt. I sjøflyhavna i Wictoria landa og letta det sjøfly så ofte det var mogeleg. Flyselskapet som eig desse flya er verdens største berre-sjøfly-selskap.


Her ligg eit tomotors klar for mottak av passasjerar. Dette går i vanleg rutefart, noko mange av dei andre også gjer. Eg såg i ruteheftet deira at til Vancouver går det to rutefly i timen heile dagen. Wancouver har verdens største sjøflyhavn i følje dei sjølve.


 I går var me på Royal BC Museum men fyrst vart det tid til ein tur rundt om i byen. Her ser de eine figuren i ein totempel. Desse er det svært mange av i heile området her. Dette var indianarområde før det vart "invadert" av nybyggjarar og gullgravarar frå USA og Europa. I den seinare tida har myndigheiter og befolkning forsøkt å ta tak i den urett som er gjort overfor indianarane, eller First Nation som dei kallas dei no.
Her er eit bilete av nasjonalforsamlinsbygninga (trur eg). Eit staseleg bygg som vitnar om storheitstid.

Museet hadde enorme dimensjonar og viste landets utvikling frå "skapelsen" og fram til i dag. Her eit bilete av ein livaktig utstillt fortidsskapning.

Søndag var me i The Butchart Gardens. Her kan de nyte noko av blomsterprakta der knipsa av ein amatør på området. Fint var det i alle fall














 Denne optimistiske fiskaren i bronse som sat ved inngangen til blomsterhavet får vera som eit takk for oss for denne gang. I morgon grytidleg startar heimreisa og då skal me vere på reise til torsdag kveld heime i Luster så dette er det siste å lesa frå oss. 

Takk til alle som er innom og kikkar på det me legg ut om våre turaktivitetar. Gjennomsnittleg ca 60-70 les dagleg.

Neste turblogg-avsnitt kjem 10. mars 2013 frå Gran Canaria.










2 kommentarer:

  1. Flotte blomsterbilder. Reknar med Bente Helene tek turen bortom når ho ser slik ei prakt utfalde seg.

    SvarSlett
  2. Ja der var det mykje flotte blomsterbilder! Skulle gjerne hatt nokre av desse i hagen ;-D Det hadde vore utruleg artig å vore der ja, men det er litt stor avstand mellom der me pleier å halde oss i NYC og Vancouver ;-) Men so har dei no flotte hagar i NYC òg.. :)

    SvarSlett