onsdag 1. august 2012

Vinsmaking

 Ein særdeles fin feriestad var det som tok mot oss i går kveld. Etter at det mørkna gjekk me alle 17 i samla tropp til stranda i den varme sommarnatta. Temperaturen her er av fyrste klasse. Eg vil tru at den stort sett held seg mellom 25 og 30 grader.
 I dag har me vore på vinsmaking og her ser de nokon av oss  der vinen vert lagra på eikefat. Me har vitja 3 vingårdar. Det er svært mange slike her i området. Frå før var dette eit svært godt fruktdistrikt så for ca 20 - 30 år sidan vart det også forsøkt med vindruer, noko som var vellukka og no er det fleire hundre gardar som driv med dette.



 Me var innerst i det aller heilagaste og fekk både lærdom og smaksopplevingar. Her ser de tre av dei mest ivrige der dei høgtidsamt føl med på det som tykkjest vera  ny lærdom.

 Her er to andre. Dei nyt kanskje sola meir enn vinen, men ein drope kvitvin i varmen er ikkje å forakte.


Nytt eksempel på vinsmakar. Har stillt seg nær læremeistaren av ein eller annan grunn. Føl i allefall ivrig med.
 Eit ærleg forsøk på å fanga stemninga. Ikkje mykje grums i kvitvinen her nei.


 Me slapp ut på åkrane også, men det er enno lenge til hausting så desse små grøne kartane var ikkje mykje freistande.


 Eit nytt stemningsbilete. Ikkje rare skvetten av kvar vin men det blei mange prøvar i løpet av dagen og gode var dei. Me har også kjøpt med oss eksempel heim til hytta som kanskje blir vidareanalysert i kveld.


Også ein særs kunnskapshungrig fetter, ivrig lyttande til vineksperten sine utgreiingar.
 
Me hadde eigen buss som frakta oss frå stad til stad. Undervegs vart me også fortald om fortid og notid til området me køyrde gjennom. Ein liten picknic i det grøne vart det også tid til. Med brød og salat, ost og kjeks og sjølvsagt vin til.

No er me heimkomne og mange flykta sporenstreks til bassenget. Kl. 19, eller 7 pm som dei seier her blir det samla lag med pizza og noko attåt til alle sytten i syskjenbarnreisa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar